VIDEO: «Ny» gate med nytt og banebrytande grøntanlegg
Statens vegvesen oppgraderer hovudgata i Sogndal med betre tilhøve for mjuke trafikantar. I tillegg legg vi vekt på at nye tre skal få gode veksttilhøve med god jord og god plass å veksa på.

Nyleg kunne ein sjå representantar for entreprenør Kveen AS stå i gata med høgtrykksslange, og spyla jord ned i pukklaget som er opparbeidd i samband med breiddeutvidinga av gata.
Rotvennleg
Dette vert gjort fordi dei nye trea i Gravensteinsgata skal få det som kallast «rotvennleg forsterkingslag».
Dette gjer at trea kan leva betydeleg lengre. Dei vil i tillegg utvikla seg raskare slik at kronene kjem over vegbana utan å hindra framkome eller sikt. Pukk er også meir berekraftig og økonomisk enn å bruka plastfundament.
– Løysinga består i at vi forbetrar moglegheitene røtene har til å utvikla seg under fortau, gang/sykkelvegar og på parkeringsplassar. Rotvennleg forsterkningslag nyttast ikkje under sjølve vegbana. Vi puttar inn jord i pukket der det ellers er berre luft. Metningsgraden er opptil 70 prosent. Dette gjer det mogleg for trerøtene å finna både vatn og plantenæringstoff i delar av veggrunnen. Då vil trea få alle moglegheiter til å verta både sterkare og større og leva lengre, seier Statens vegvesen-arborist Erik Solfjeld.
Var sparringpartnar på pilotprosjekt for 30 år sidan
Statens vegvesen var mellom dei første i landet til å i bruk metoden rotvennleg forsterkingslag i fortausgrunn alt på 90-talet.
– Den aller første prosjektet var Rådhusgata i Oslo. Snart 30 år etter står trea framleis i god vekst, og asfaltdekket er like fint og jamt, seier Solfjeld som var sparringpartnar på pilotprosjektet den gong.
Han var då ikkje tilsett i Vegvesenet, men gjennom sitt faglege nettverk i Tyskland og Sverige hadde han god kontakt med dei som hadde utvikla metoden. Han var ein pådrivar for å få han testa ut i Noreg også, og no er turen altså komen til Gravensteinsgata.
Lokalt produsert kompostjord
Etter at pukken kom på plass i den vestlege delen av hovudgata på riksveg 5 gjennom Sogndal, vart tre fem centimeter tjukke jordlag nyleg spylt ned eitt for eitt. Utplantinga vil skje til våren.
Kompostjorda er laga av den lokale produsenten SIMAS; Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap.
– Vi har nytta avfallsressursar som er gjort om til næringsrik jord, i tillegg til at vi har brukt biokól. Det er framstilt ved forbrenning av organisk materiale (som til dømes flis) utan å bruka oksygen. Dette gjer at ein brenn reinare, såkalla pyrolyse, seier HMS- og kvalitetsleiar Dagny Ugulsvik Alvik i SIMAS.
Ein annan fordel som vi meiner er viktig er at biokólet har evne til å binda mykje vatn. Det er difor også eit klimatilpassingstiltak, legg ho til.
– Det kan kan binda vatn ved mykje nedbør, noko som gjer at det trengst mindre vatning i tørkeperiodar, seier Alvik.
Då sit ein att med eit produkt som held seg i bakken i fleire hundre år. Biokól gir god struktur i jorda og tiltrekkjer seg mineralpartiklar, vatn og ikke minst mikroorganismar som har ei viktig rolle i høve til å gjera dei essensielle elementa i jorda tilgjengeleg for opptak gjennom trerøtene.
Bidreg til mindre CO2-utslepp
Biokól bind karbon. Denne karbonfangsten gjer at karbonet vert liggjande og bidreg til betre næringsutveksling, betre for både jordsmonnet og kloden, i staden for at karbonet vert sendt opp i lufta og omgjort til CO2.
Plantekassane som er nytta, er ein ny idé i prosjektet som blei utvikla i eit tverrfagleg samarbeid.
Vanlegvis nyttar ein ferdig produserte plantekassar som ein set etter kvarandre. Her er plantekassane bygde i ein samanhengande mur av forskalingsblokker, med opningar mot det rotvennlege forsterkingslaget, slik at røtene får betre plass.
– Slik bidreg dette prosjektet i det grøne skiftet, seier landskapsarkitekt Gyril Fimreite i Statens vegvesen.
Dette er Statens vegvesen sine mål med prosjektet
Prosjektet Gravensteinsgata skal tilretteleggja betre for mjuke trafikantar. Vegen er utvida i breidda, slik at vi får etablert ny separat sykkelveg med fortau.
Bilane får like god plass i hovudgata som i dag. Den aktuelle strekninga vert per i dag trafikkert av om lag 9.500 køyretøy i døgnet. Ti prosent, eller 950 av desse, er tunge køyretøy.
Gravensteinsgata er den mest trafikkerte vegstrekninga i Sogndal. Lokale køyretøy utgjer mellom 60 og 80 prosent av trafikkmengda. Prosjektet skal vera ferdig i desember 2022. Hovudentreprenør er Stryn-firmaet Kveen AS, som leverte eit tilbod på 40 millionar pluss moms.
I tillegg til betre tilhøve for mjuke trafikantar, vil gata bli ei meir tidsmessig tilpassa sentrumsgate med låge lysmaster og ny armatur som gir jamnare belysning enn i dag. Der det ikkje er vegetasjon, blir det gatestein. Framføre Sogningen storsenter vert betongheller erstatta av granittheller. Her blir det også tilrettelagt med enkelttre og plantekassar, samt benkar og område for sykkelparkering.
For å se denne videoen, må du gi ditt samtykke øverst på denne siden.Statens vegvesen førebur rotvennleg forsterkingslag i Gravensteinsgata i Sogndal
Nøkkelord
Kontakter
Erik SolfjeldArboristStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:48124553erik.solfjeld@vegvesen.noGyril FimreiteLandskapsarkitektStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:41629355gyril.fimreite@vegvesen.noBilder





Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
TURISTVEGANLEGGET GJENDE FULLFØRT i 202318.8.2022 14:32:36 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen reiser no eit nytt arkitektteikna servicebygg på Gjendeosen langs Nasjonal turistveg Valdresflye. Bygget kompletterer storsatsinga på Gjende, som ein av dei store norske turistattraksjonane som får eit solid løft gjennom turistvegprogrammet til Statens vegvesen. Målet med satsinga er å styrke norsk reiseliv sin konkurransekraft lokalt, regionalt og nasjonalt.
Anleggsarbeid på E6 Kroppanbrua i Trondheim18.8.2022 14:29:50 CEST | Pressemelding
Nå starter et stort vedlikeholdsarbeid på Kroppanbrua på E6 over Nidelva i Trondheim. Det blir nedsatt fart og innsnevring av veibanen, og arbeidet pågår til midten av februar 2023.
E39-sambandet Molde - Vestnes får endrede nattavganger i august og september18.8.2022 14:15:55 CEST | Pressemelding
Innkjøringen til elektrisk drift fortsetter. Her er konsekvensene det får for rutetilbudet 22. august - 6. september.
Lær bedre bruvedlikehold, basert på ny forskning18.8.2022 14:04:02 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen presenterer ny bruforskning på en brukonferanse 21. september. Hvis du vil lære bedre bruvedlikehold, må du være rask å melde deg på.
Vil sette opp erstatningsbruer17.8.2022 18:13:15 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen arbeider med å sette inn midlertidige bruer som erstatning for noen av de 14 stengte fagverksbruene. Dette er de stedene der stengningen har størst konsekvenser for trafikantene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom