VGTV gikk for langt i omtale av sponsa premiar
20.5.2022 07:15:00 CEST | Medietilsynet | Pressemelding
Sponsa premiar i eit program skal ikkje presenterast meir omfattande enn det som er nødvendig for å få vite kva premien er, og kven som har gitt han. Reglane i kringkastingslova er til for å unngå at reklame blir blanda inn i det redaksjonelle innhaldet og skaper tvil om kva som er kva.
– I dette tilfellet går premiepresentasjonen lenger enn det som er tillate etter regelverket. I vurderinga har vi lagt vekt på at eigenskapane til premieprodukta blei skildra i positive ordelag, i tillegg til at programleiarane viste til eigne positive erfaringar med produkta, seier Sekkelsten.
Første gong VGTV får åtvaring
VGTV uttaler til Medietilsynet at det er sett i verk konkrete tiltak for å sikre at regelverket blir følgt i framtida.
– Vi er tilfredse med at VGTV har gått gjennom rutinane sine for å sikre at reglane blir følgde. Medietilsynet har gitt sanksjonar i form av åtvaring i liknande saker hos andre aktørar. Derfor får VGTV tilsvarande reaksjon, seier Sekkelsten.
Dette er sponsing
- Sponsing er etter kringkastingslova alle bidrag til produksjon eller sending av program frå ein fysisk eller juridisk person som sjølv ikkje tilbyr programmet eller er engasjert i produksjonen.
- Bidraget må vere gitt i marknadsføringshensikt. Bidraget kan givast til den som produserer programmet, eller til den som tilbyr eller sender programmet. Aktørane har ansvaret for at regelverket vert følgt også i dei tilfella der andre har fått bidraget, for eksempel produksjonsselskapet.
- Alle bidrag omfattar både betaling og indirekte bidrag. Indirekte bidrag kan for eksempel vere at kringkastaren får ei vare eller ei teneste gratis eller til ein pris som er lågare enn marknadspris. Dette kan vere leveransar av utstyr, premier, rekvisita, lokale til disposisjon eller senderettar.
Les meir om kva sponsing er, og kva som er tillate for kringkastarane, her
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder
Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Forbod mot radio- og tv-reklame to dagar i påska1.4.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame langfredag og første påskedag. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar desse dagane.
Ny handlingsplan mot spilleproblemer: Medietilsynet styrker innsatsen mot problematisk dataspilling27.3.2026 17:43:20 CET | Pressemelding
Råd til foreldre og yrkesgrupper som jobber med barn og unge om hvordan problematisk dataspilling kan forebygges, er blant Medietilsynets tiltak i regjeringens nye handlingsplan mot spilleproblemer.
Færre sanksjonar frå Medietilsynet i 2025 enn i 202427.3.2026 07:50:00 CET | Pressemelding
Medietilsynet gav to åtvaringar og eitt gebyr i 2025. Dermed blei det gitt færre sanksjonar enn dei tre siste åra, og langt færre enn året før, da det blei gitt seks åtvaringar og tre gebyr for brott på lovverket.
Nær 46 millionar i mediestøtte til samisk språk og kultur19.3.2026 10:23:51 CET | Pressemelding
Medietilsynet opnar nå for søknader om mediestøtte frå samiske nyheits- og aktualitetsmedium. I år skal det fordelast nesten 46 millionar kroner etter ny forskrift for støtteordninga.
Lagabui 46 miljovnna mediadoarjagis sámi gillii ja kultuvrii19.3.2026 10:23:08 CET | Pressemelding
Norgga Mediabearráigeahčču rahpá dál mediadoarjaga ohcamušaid sámi ođas- ja áigeguovdilis mediain. Dán jagi juogaduvvo measta 46 miljovnna ruvnno ođđa njuolggadusaid mielde doarjagiid birra sámi ođas- ja áigeguovdilis mediaide.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
