Vestlandet toppar lista: – Eit skrikande behov for ingeniørkraft
9.3.2023 13:34:09 CET | NITO - Norges ingeniør- og teknologorganisasjon | Pressemelding
Det er spesielt Vestlandet som merkar seg ut med svært få arbeidsledige i NITO (Norges ingeniør- og teknologorganisasjon) sine tal.
Nord i Rogaland og i Sunnhordland finn vi den lågaste arbeidsløysa i heile landet med 0,5 prosent.
Nyhus omtalar dette området som ein temperaturmålar for norsk økonomi.
– Når det kjem ein nedtur, skjer det først der. Dei er ganske konkurranseutsette.
Også i Sogn og Fjordane er ingeniørarbeidsløysa blant NITO-medlemmar på 0,5 prosent. I nordlege delar av Hordaland ligg talet på 0,7 prosent.
Sør i Rogaland er det heilt oppunder 1 prosent arbeidsledige ingeniørar.
Vi må tilbake til 2014 for å finne lågare arbeidsløyse blant NITO-medlemmar nasjonalt.
Utfordrande rekruttering
Regionsjefen synest det er svært gledelege tal.
– Det er valdsamt stor aktivitet. Det er tydeleg at folk har komme seg i arbeid. Industrien går godt. Det er ein del som skiftar jobb, men går over i ny jobb umiddelbart. Lønn betyr ein del, derfor byttar folk jobb.
Men han er tydeleg på at vi må sjå på utfordringar knytt til rekruttering. Fleire ingeniørstillingar må ofte lysast ut på nytt.
– Det er eit skrikande behov for å få tak i ingeniørkraft på Vestlandet, fastslår han.
I region vest har talet på arbeidsledige og permitterte NITO-medlemmar gått jamnt nedover dei siste åra, med unntak av eit lite byks då det blei koronapermitteringar tidleg i 2020.
Bekymra for tida etter oljeskattepakken
I starten av pandemien fall oljeprisen til under 20 dollar fatet, og utbyggingar vart sette på vent. Stortinget vedtok midlertidige endringar i skattesystemet for å hjelpe oljenæringa og leverandørindustrien på beina att.
Nyhus er bekymra for kva som vil skje når denne oljeskattepakken forsvinn:
– Kva ein skal gjere etter det, er eit interessant spørsmål. Korleis skal ein behalde flinke ingeniørar?
NITO sin sentrale tariffkonferanse går av stabelen i neste veke.
– Eg er spent på det som skal pratast om. For mange av våre medlemmar er det ei forventning om at ein skal få ein god lønnsvekst i 2023, særleg med tanke på prisveksten, avsluttar Nyhus.
Kontakter
Eirik SchrøderKommunikasjonsrådgiver
Tel:995 86 342eirik.schroder@nito.noBilder
Om NITO - Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
NITO er Norges største fagorganisasjon for ingeniører og teknologer med bachelor, master og høyere grad med over 111.000 medlemmer.
Følg pressemeldinger fra NITO - Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NITO - Norges ingeniør- og teknologorganisasjon på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NITO - Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
Presseinvitasjon: Nordic AI Union Summit 202618.3.2026 09:31:39 CET | Presseinvitasjon
Nordisk samarbeid for trygg innføring av kunstig intelligens i arbeidslivet.
Sørlandets ingeniørkonferanse 2026: Hvordan kan digital teknologi løse helsevesenets største utfordringer?16.3.2026 11:14:46 CET | Presseinvitasjon
NITO Agder presenterer hvordan ny teknologi, fra KI og radar til robotkirurgi, kan gjøre helsesektoren mer effektiv, presis og pasientsentrert.
Barn og unge får være oppfinnere for en dag9.3.2026 11:41:26 CET | Pressemelding
NITO og vitensentrene i Norge inviterer barn og unge til å delta på Barnas ingeniørdag 14. mars. Nå skal interessen for realfag og teknologi blant unge vekkes og styrke rekrutteringen i fremtiden.
Safina de Klerk kåret til en av Norges 50 fremste tech-kvinner 20266.3.2026 09:00:00 CET | Pressemelding
I dag lanserer Abelia og ODA-nettverk listen over Norges 50 fremste tech-kvinner. NITOs visepresident Safina de Klerk er på årets liste.
UiB-student fikk NITO-prisen24.2.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
– Det betyr mye for meg å få anerkjennelse for arbeidet jeg har lagt ned, sier Trym Bjerkvik.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
