Helse Vest RHF

Vellukka sjølvtestingsprosjekt på vidaregåande skular

Del
Det skulle bidra til å halda skulane opne. Tidenes fyrste sjølvtestingsforsøk på vidaregåande skular viste at det var mogeleg å få til.
Elevar på Fyllingsdalen og Askøy vidaregåande skule testa seg sjølve to gonger i veka. Foto: Jennifer Fossnes / Vestland fylkeskommune
Elevar på Fyllingsdalen og Askøy vidaregåande skule testa seg sjølve to gonger i veka. Foto: Jennifer Fossnes / Vestland fylkeskommune

Strenge smitteverntiltak, heimeskule og stengte møteplassar råka barn og unge særs hardt i pandemien. I siste halvdel av 2020 auka talet på tilvisingar av barn og unge til psykisk helsevern over heile Vestlandet. Mange av dei som trengde hjelp hadde alvorlege sjukehistoriar med depresjon, spisevanskar, sjølvskading og destruktiv åtferd.

Fagpersonar delte bekymringsmeldingar om talet på tilvisingar, at dei tilviste vart stadig yngre, og at sjukehistoriane var meir alvorlege. Det fekk Helse Vest til å ta initiativ til pilotprosjektet på vidaregåande skular.

– Vi spurde oss kva vi, spesialisthelsetenesta, kunne bidra med. Svaret blei massetesting på skulen for å kunne halde den viktige møteplassen skulen er, open, fortel Ola Jøsendal, assisterande fagdirektør i Helse Vest, og medlem av prosjektgruppa.

Testinga gav tryggheit

Pilotprosjektet vart leia av Vestland fylkeskommune. Ein vidaregåande skule i Fyllingsdalen og ein på Askøy var med frå starten av i mars 2021. Både elevar og tilsette testa seg sjølve to gonger i veka med hurtigtest fram til sommarferien. Ein lærar ved Fyllingsdalen vidaregåande oppsummerer det slik:

– Mi personlege oppleving av skulen si deltaking i hurtigtest- prosjektet er positiv. Eg opplevde at vi fekk effektiv og god opplæring. Det aller viktigaste for meg var at testinga gav meg ei tryggheit i mitt møte med elevar og foreldre. Testinga reduserte mi usikkerheit for om eg kunne smitta andre ved at eg hadde testa negativt. Det gjorde ikkje at eg tok lettare på smittetiltak eller merksemd mot symptom.

Medieomtale fekk fleire med

Fleire vidaregående skular ynskte å vera med etter å ha lese om prosjektet i media. Og i lys av dei gode tilbakemeldingane frå testskulane, valde avdelingsdirektøren for utdanning og kompetanse i Vestland fylkeskommune å sterkt tilrå alle vidaregåande skular i Vestland fylke å gå inn i prosjektet. Til slutt var det totalt 49 offentlege vidaregåande skular og friskular med.

– Når prosjektet fyrst var i gang og ein såg resultata, kom også pågangen frå skulane. Før me byrja med testinga var nokon skeptiske til alt i frå kvaliteten på hurtigtestane, at elevane sjølve kunne ta prøven og ressursbruken - om nytten av prosjektet var akseptabel ufrå kostnadane, fortel Jøsendal.

Målsetjinga nådd

Det gjekk som ein håpa på, slår ein fersk rapport om prosjektet fast. Resultata viste at det faktisk var mogeleg å organisera jamnleg testing av alle, eller utvalde tilsette og elevar på ein trygg måte. Samarbeidet med lokale smittevernmyndigheiter bidrog til at skular som testa jamnleg kunne halda dørene opne, også når smittetrykket normalt ville ført til stenging.

– Når alle involverte er fokusert på å finne gode løysingar, og at alle involverte bidreg med det dei er best på, er det utruleg kva ein kan oppnå. Rektorane ved de to fyrste skulane var avgjerande for at det var mogeleg å gjennomføra prosjektet. I tillegg til alt det administrative dei bidrog med, var dei også førebilete mellom anna ved sjølv å gjennomføra testinga saman med elevane. Men den ultimate suksessfaktoren er sjølvsagt alle elevane og tilsette som tok dette på strak arm, og viste at det er fullt mogeleg å få til god eigentesting sjølv etter kort rettleiing og instruksjon, seier assisterande fagdirektør i Helse Vest, Ola Jøsendal.

Fakta:

  • 110 124 hurtigtestar vart tatt i prosjektperioden.
  • Av desse var 20 positive, 19 stadfesta same døgn og 1 falsk positiv.
  • Av dei 110 124 testane vart 82191 gjort av elevar i offentlege vidaregåande skular, 9768 av tilsette i offentlege vidaregåande skular, og 18 065 av elevar og tilsette ved til saman 11 friskular i Vestland fylke.
  • Deltakinga blant elevane ved skulene som deltok var høg, mellom 85% og 95 %.
  • Det store fleirtalet av elevar og tilsette meinte at tiltaket bidrog til ein tryggare kvardag.
  • Les heile rapporten her.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Elevar på Fyllingsdalen og Askøy vidaregåande skule testa seg sjølve to gonger i veka. Foto: Jennifer Fossnes / Vestland fylkeskommune
Elevar på Fyllingsdalen og Askøy vidaregåande skule testa seg sjølve to gonger i veka. Foto: Jennifer Fossnes / Vestland fylkeskommune
Last ned bilde
Assisterande fagdirektør i Helse Vest, Ola Jøsendal.
Assisterande fagdirektør i Helse Vest, Ola Jøsendal.
Last ned bilde

Om Helse Vest RHF

Helse Vest RHF
Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4066 Stavanger

+47 51 96 38 00https://helse-vest.no/

Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye