Samferdselsdepartementet

Valet av trasé for Hordfast ligg fast

Del
– E39 mellom Stord og Os, Hordfast, blir det største vegprosjektet i Noreg si historie. Det er svært viktig at det vidare arbeidet med prosjektet er føreseieleg. Difor understrekar regjeringa overfor Stortinget at valet av trasé ligg fast. Dei stadige diskusjonane om traséval er hemmande for framdrifta i prosjektet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
- Eg legg denne saka fram for Stortinget, for å sikre retning og framdrift for prosjektet, og unngå forseinkingar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. Foto: Tor Livius Midtbø/SD
- Eg legg denne saka fram for Stortinget, for å sikre retning og framdrift for prosjektet, og unngå forseinkingar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. Foto: Tor Livius Midtbø/SD

Regjeringa legg i dag fram ein proposisjon for Stortinget, der Stortinget blir invitert til å stadfeste at vald konsept og vedteken kommunedelplan, at traseen for E39 Stord-Os (Hordfast) må ligge fast. Regjeringa gjorde val av konsept i 2013 og kommunedelplanen vart vedteken av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2019.

- Den gongen lytta vi til dei lokale og regionale interessene. Dei bør vi framleis lytte til. Statens vegvesen jobbar no vidare med planarbeidet, og planlegg å legge framlegg til reguleringsplan ut på høyring første halvår i 2022. Eg legg denne saka fram for Stortinget, for å sikre retning og framdrift for prosjektet, og unngå forseinkingar, seier samferdselsministeren.

I Nasjonal transportplan for perioden 2022–2033 ligg prosjektet i tråd med vedteke konsept og vedteken kommunedelplan inne med eit finansieringsbehov på 37,7 milliardar kroner. 23,7 milliardar kroner er statlege midlar og resten er bompengar. Prosjektet ligg inne med oppstart i første seksårsperiode av perioden.

Statens vegvesen vil legge stor vekt på tett samarbeid med leverandørar og entreprenørar og har invitert til dialog med bransjen i september.

Bilder

- Eg legg denne saka fram for Stortinget, for å sikre retning og framdrift for prosjektet, og unngå forseinkingar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. Foto: Tor Livius Midtbø/SD
- Eg legg denne saka fram for Stortinget, for å sikre retning og framdrift for prosjektet, og unngå forseinkingar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. Foto: Tor Livius Midtbø/SD
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Norge får europeisk pris for trafikksikkerhet24.6.2025 15:18:51 CEST | Pressemelding

Den europeiske trafikksikkerhetsprisen for enestående fremgang innenfor veitrafikksikkerhet går i år til Norge. Norge er landet i Europa med færrest drepte i forhold til innbyggertallet, og tildeles prisen for vedvarende engasjement og imponerende resultater i arbeidet med å redde liv i trafikken. Det er den uavhengige europeiske trafikksikkerhetsorganisasjonen European Transport Safety Council (ETSC) som står bak prisen.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye