Samferdselsdepartementet

Ukrainske flyktningar skal få utvida rett til å køyre bil i Noreg

Del
– Ukrainske flyktningar skal være trygge på at dei kan få køyre bil når dei oppheld seg i Noreg. Derfor vil vi forlenge varigheita av førarkorta deira til eitt år, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa har no bede Statens vegvesen om å endre førarkortforskrifta slik at perioden Ukrainske førarkort blir anerkjend i Noreg vert utvida frå tre til tolv månader.  

På grunn av krigen i Ukraina har Noreg teke imot fleire tusen ukrainske flyktningar, som har automatisk rett på eitt år med kollektiv beskyttelse. Mange av desse har førarkort som dei kan bruke i Norge, men dei vil miste retten til å køyre bil her etter berre tre månader dersom ikkje regelverket vert endra. Regjeringa ber derfor om at denne utvidast til tolv månadar – like lenge som flyktningane har fått rett til å være i Noreg per i dag.  

Det vil ikkje bli endring i kravet om at flyktningar må ha med gyldig førarkort frå heimlandet for at førarretten skal verte godkjende, men vi vil fylgje med på moglegheita for andre måtar å verifisere førarrettar, deriblant pågåande arbeid i EU.

– Vi kjem til å følgje utviklinga nøye, og er klare til å følgje opp med fleire tiltak og endringar ved behov for det, seier Nygård.  

For meir informasjon, sjå oppdragsbrevet til Statens vegvesen.

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Norge får europeisk pris for trafikksikkerhet24.6.2025 15:18:51 CEST | Pressemelding

Den europeiske trafikksikkerhetsprisen for enestående fremgang innenfor veitrafikksikkerhet går i år til Norge. Norge er landet i Europa med færrest drepte i forhold til innbyggertallet, og tildeles prisen for vedvarende engasjement og imponerende resultater i arbeidet med å redde liv i trafikken. Det er den uavhengige europeiske trafikksikkerhetsorganisasjonen European Transport Safety Council (ETSC) som står bak prisen.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye