Tilsette ved universitetet saknar fellesskap med kollegaer
3.6.2022 15:16:52 CEST | Kifinfo | Pressemelding

Av: Kjerstin Gjengedal, Kifinfo
– Det er eit sakn etter å vere inkludert i kollegafellesskap, fortel Beret Bråten, førsteamanuensis ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking (STK), som har utarbeidd rapporten saman med Maja Feng Mikalsen.
Ei manglande kjensle av å vere inkludert på arbeidsplassen er eit tydeleg signal på mangfaldsutfordringane i rapporten «Mangfold og inkludering ved Universitetet i Oslo».
Svært mange saknar det ein av respondentane kalla «kompiskollegaer».
– Eg vart overraska, ikkje over at dette behovet finst, men over styrken i det, seier Bråten.
– Vi finn det særleg mellom dei internasjonalt rekrutterte, men også dei norskfødde, sjølv om krisa ikkje er like stor for dei. Dei som er fødd og oppvaksne i Noreg, kjenner som regel nokon. Men dei som kjem hit frå eit anna land for å jobbe, kjenner ingen. Dei stuper inn i eit nytt land, eit nytt liv, eit system dei ikkje kjenner, og saknet blir akutt.
Lange periodar med koronaisolasjon har truleg forsterka situasjonen, men Bråten peikar på at ei utgreiing om mangfald i norsk akademia som vart laga i 2016 på oppdrag frå Kif-komiteen («Å være utlending er ingen fordel»), inneheld det same funnet.
– Alle dei vi intervjua, tok det opp, ofte på eige initiativ, fordi spørsmåla våre gjekk meir på forskjellsbehandling i rekrutteringsprosessar. Dette med kollegafellesskap handlar eigentleg ikkje om forskjellsbehandling. Det handlar om manglande merksemd på det faktum at akademikarar ikkje berre kan sitte og lese, analysere eller jobbe på laboratoria sine åleine, dei er også menneske, med menneskelege behov.
Institusjonelt ansvar
I rapporten peikar forskarane på at det er institusjonane sitt ansvar å legge til rette for inkluderande arbeids- og kollegafellesskap. Men av respondentane blir det typisk oppfatta som eit individuelt ansvar. Både nordmenn og utanlandsrekrutterte legg skulda på seg sjølve for at dei ikkje prøver hardare.
– Men kva kan institusjonen gjere med dette? Ein kan jo ikkje tvinge folk til å vere vener?
– Det kan ein ikkje, men det er likevel mykje som kan løysast organisatorisk, seier Bråten.
– Det er mogleg å lage eit mottakssystem som gjer at internasjonalt rekrutterte tilsette slepp å bruke halve arbeidstida i startfasen på å ordne med praktiske utfordringar. Og det kan gjerast til eit institusjonelt ansvar å skaffe folk som kan fungere som «fadder» den første tida. Hjelpe nykomlingar å finne seg til rette i institusjonen, og invitere dei inn i sine sosiale nettverk.
– Dersom vi vil halde folk i Noreg over tid, er dette faktisk viktig, seier ho.
Nøkkelord
Kontakter
Kristin AuklandSeniorrådgiver
Tel:22 03 80 86Tel:95 12 14 86ka@kilden.forskningsradet.noBilder

Lenker
Om Kifinfo
Kifinfo drives av Kilden kjønnsforskning.no for Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif-komiteen). Sekretariat hos Universitets- og høgskolerådet.
Følg pressemeldinger fra Kifinfo
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kifinfo på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kifinfo
Universitetet i Oslo vil ha minst 30 prosent menn på psykologi25.9.2026 14:28:29 CEST | Pressemelding
Fra neste år kan universiteter og høgskoler bruke kjønnskvoter på studier med stor ubalanse mellom kjønnene. Universitetet i Oslo er blant institusjonene som vil ta den nye ordningen i bruk.
Studentenes helse- og trivselsundersøkelse 2026: Én av fire studenter blir trakassert eller diskriminert17.9.2026 10:08:28 CEST | Pressemelding
Det siste året har 24 prosent av studentene opplevd trakassering eller diskriminering. Flest kvinner.
Forskere fra arbeiderklassen har mer bein i nesa11.9.2026 10:00:37 CEST | Pressemelding
Mange med arbeiderklassebakgrunn blir sortert ut lenge før de får en forskerkarriere. Men de få som kommer så langt, kan være spesielt godt rustet til å navigere i akademia, viser en tysk studie.
Derfor skårer Norge lavt i en europeisk kartlegging av vold og trakassering i akademia31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Forskere har undersøkt hvordan land i Europa forebygger vold og trakassering i akademia. Og kanskje overraskende: Norge kommer ikke særlig godt ut av det.
– Vi må unngå en angiverkultur13.8.2026 14:15:22 CEST | Pressemelding
Det var høy temperatur da Kif-komiteen satte krysspresset mellom sikkerhet og likebehandling i akademia under lupen på Arendalsuka.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
