Tilrår nye konsesjonsvilkår for Uste- og Hallingdalsvassdraget
I vassforvaltningsplanen for Vest-Viken er det satt miljømål som krev at miljøtilstanden betrast i Uste- og Hallingdalsvassdraget. På bakgrunn av desse måla har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for reguleringa av Uste- og Hallingdalsvassdraget, der Foreningen til Hallingdalsvassdragets regulering er konsesjonær. NVE har òg vurdert omgjering av konsesjonsvilkåra for Usta og Nes kraftverk, der Hafslund Eco Vannkraft AS er konsesjonær.
NVE rår til at det blir gjeve moderne konsesjonsvilkår for reguleringa av vassdraga, som gir betre moglegheit til å pålegge avbøtande tiltak. NVE tilrår òg at vilkåra for Usta og Nes kraftverk blir omgjort.
Tiltak skal minimere miljøpåverknaden
Hovudformålet med ein vilkårsrevisjon er å betre miljø- og naturforholda gjennom tiltak som avbøter ulemper og negative verknader ved utbygginga. NVE rår derfor til auka slipp av minstevassføring i Usteåne, og innføring av minstevassføring i Rukkedøla. NVE tilrår òg tidlegare overføring frå Ustevatn til Rødungen, mellom anna for å dempe faren for flaum langs Usteåne. Tiltaka medfører ein reduksjon i kraftproduksjonen i Usta og Nes kraftverk på om lag 0,2%.
NVE tilrår ikkje magasinrestriksjonar i Rødungen eller Strandafjorden, da fordelane for fisk eller vassmiljø ikkje veg opp for dei negative konsekvensane for kraftsystemet og kostnadane dette ville ha ført med seg.
Les meir om vilkårsrevisjonen for Uste- og Hallingdalsvassdraget
Nøkkelord
Kontakter
Carsten Stig Jensen, seksjonssjef
mail: csj@nve.no
tlf: 908 50 206
Bilder
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
NVE fastsetter utredningsprogram for reindrift og nett i Finnmark25.6.2025 15:49:53 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har nå fastsatt utredningskrav om reindrift for de 11 vindkraftsakene i Finnmark. Samtidig er det satt krav til hva som må utredes for to kraftledninger i fylket.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom