Synnøve Hedemann Amdam disputerte

- Det overordna målet for denne avhandlinga er å utforske korleis medielærar forstår seg sjølve som lærarar, eigen undervisingspraksis og utdanningsmål, og korleis lærarane koplar desse forståingane til epistemiske grunnsyn innan ei ramme av 21st century- og media literacy-utdanning og forsking, fortel Amdam.
- Eg diskuterer også korleis diskursive forståingane utviklar seg gjennom profesjonsfaglege praksisfellesskap og korleis dei interagerer med vidare diskursordnar og epistemiske praksisar i skulen.
Ho oppsummerer funna i avhandlinga slik: - Sett i samanheng, viser funna på tvers av artiklane at MK-lærarane er opptekne av både individuelle, interaksjonelle og systemiske media-literacy perspektiv, og at å arbeide og lære på måtar som fostrar kreativitet og kritisk refleksjon er sett på som hovudmål med MK-programmet.
Amdam er tilsett ved Instututt for digital kompetanse i læring. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda.
På heimesida til UiO finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Amdam.
Nøkkelord
Bilder

Lenker
Om Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Doktordisputas: Astrid Gravdal Vølstad1.12.2025 10:27:06 CET | Pressemelding
12. desember skal Astrid Gravdal Vølstad forsvare avhandlinga si for doktorgrad i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Høgskulen i Volda tildelt prestisjetung pris for internasjonlisering27.11.2025 10:38:44 CET | Pressemelding
I kamp med alle andre høgskular og universitet i landet stakk Høgskulen i Volda av med prisen for årets Erasmus+-institusjon i 2025.
Avverjeplikt-forskarar fekk pris under Forskingsdagane19.9.2025 13:43:36 CEST | Pressemelding
Korleis kan samfunnet betre avverje partnarvald? Forskarar i Volda leitar etter viktige svar gjennom det store samarbeidsprosjektet MANREPORT-IPV. No har forskinga deira vunne årets FoU-pris ved Høgskulen i Volda.
Heidrar brørne Amdam med festskrift15.5.2025 09:00:15 CEST | Pressemelding
HVO-professorane Roar Amdam og Jørgen Amdam står som bautaer i norsk planleggingspraksis dei siste femti åra. No vil fagmiljøet gjere stas på pionerane i Volda med eit stort heidersskrift.
Doktordisputas: Erlend Walseth14.2.2025 12:08:45 CET | Pressemelding
28. februar skal Erlend Walseth forsvare avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
