Sunnmørsmat AS vinner pris
12.11.2019 19:00:00 CET | Innovasjon Norge | Pressemelding

Det harde arbeidet og lidenskapen har resultert i både Sunnmørsegg og Grasfôra kjøt, som Sunnmørsmat AS både sel og marknadsfører for garder som selskapet samarbeider med. Selskapet er også leverandør til både daglegvarehandelen og til restaurantmarknaden. I tillegg til eiga inntening, har selskapet som føremål å betre innteninga på samarbeidande gardar.
Dette er berre fantastisk! Det er verkeleg flott at den strategiske tenkinga som ligg bak selskapet Sunnmørsmat AS ikkje berre har lykkast, men òg blir lagt merke til og heidra på denne måten. Særleg er eg oppteken av den samarbeidsmodellen vi har utvikla i lag med Nortura og som inneber at vi samhandlar med samvirke ut over det å vere råvareleverandør. Eg er òg svært oppteken av at bonden må få større marknadskontakt, noko me får til med denne modellen. Samtidig bidreg det til større volum gjennom den bondeeigde samvirkeindustrien, noko som vil bidra til lågare kostnader, seier Rune Haram dagleg leiar i Sunnmørsmat AS.
- Det er ikkje nytt med gardssal av egg i Norge. Men ei felles satsing på eigen merkevare i nært samarbeid med samvirkebedrifta Nortura er eit nybrottsarbeid, og viser at samvirkemodellen framleis er under utvikling. Dette fører til betre inntening for bøndene, og i dette tilfellet er det fire bruk som har fått ein fin auke i sitt økonomiske resultat, seier Bjarne Øygard i Innovasjon Norge.
Kombinasjonen av økonomisk resultat, forskningsarbeid, strategisk posisjonering og samfunnsengasjement gjer Sunnmørsmat AS til ein verdig vinnar av prisen i 2019, fortel Øygard.
Grasfôra kjøt
Produksjonen av grasfôra kjøt er resultatet av eit treårig forskings- og utviklingsprosjekt som Haram gjennomførte mellom 2011 til 2013, i samarbeid med mellom anna Nofima Mat AS.
Grasfôra kjøt er storfekjøt frå oksar som er framfôra i hovedsak på ferskt gras og rundballar. Oksane går ute på beite heile sommaren, noko som fører til ein svært høg kvalitet på kjøtet i tillegg til at det er produsert på ein mest mogeleg bærekraftig måte.
Sunnmørsegg
Sunnmørsegga er produserte lokalt med eit naturleg og eigenutvikla spesialfôr som gir hønene den beste næringa dei kan få. Dette resulterer i den reine og gode smaksopplevinga som Sunnmørsegg har blitt kjent for.
Sunnmørsmat AS har også eit sterkt sosialt engasjement gjennom hjelpeorganisasjonen Johooo på Zanzibar i Aust-Afrika der dei bidrar sterkt til at lokale kvinner får hjelp til å bygge opp eit nettverk innan eggproduksjon med den omfattande turistindustrien i landet som marknad.
Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket:
- Innovasjon Norge deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
- Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressurser.
- Det blir kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner.
- Dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.
- Den nasjonale prisen vil bli delt ut under InternationaleGrüne Woche i Berlin i januar 2019.
Kontakter
Kontaktperson i Sunnmørsmat AS:
Rune Henning
Mobil: 97072892
E-post: Haramrune@sorengarden.no
Bilder


Om Innovasjon Norge
Vi bidrar til nyskaping i næringslivet, bærekraftig vekst og eksport for konkurransedyktige norske bedrifter, og utvikling i distriktene. Vi profilerer norsk næringsliv og Norge som reisemål.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Røros og Østerdalen får bærekraftmerke – reisemål nummer 50 i Norge5.6.2026 08:58:36 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge har tildelt Røros og Østerdalen Merket for Bærekraftig reisemål. Samtidig nås en milepæl med reisemål nummer 50 i den nasjonale merkeordningen.
Innovasjon Noreg får to nye styremedlemmar19.5.2026 12:54:42 CEST | Pressemelding
Tidlegare næringsminister Monica Mæland og konsernsjef i Sparebanken Norge, Jan Erik Kjerpeseth, er valde inn i styret i Innovasjon Noreg.
Innovasjonstalen 2026: Innovasjon er beredskap12.5.2026 13:45:00 CEST | Pressemelding
Næringslivets rolle og betydningen av innovasjon for beredskap var temaet da Innovasjonstalen gikk av stabelen i Bodø tirsdag 12. mai.
Ny ordning for å få flere kongresser til Norge4.5.2026 13:30:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge lanserer nå en ny tilskuddsordning for å hjelpe norske fagmiljøer i konkurransen om å arrangere internasjonale kongresser i Norge.
På lag med næringslivet i 202517.4.2026 14:00:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge med nesten ti milliarder i finansieringer i 2025.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
