Statnett får løyve til jordkabel i Øygarden og sjøkabel over Fensfjorden

Det er forventa ein stor auke i straumbruk i Bergen og omland. Statnett gjer no fleire tiltak for å tryggje forsyninga i dette området, mellom anna å byggje dei nye kablane som no får konsesjon.
Her skal kablane byggast
Statnett SF har fått løyve til å byggje ein 420 kV jordkabel mellom Solsvik og Nordre Blomøy i Øygarden kommune. Tiltaket vil gje auka kapasitet i straumnettet. På Solsvik og Nordre Blomøy skal det og byggjast nye muffehus (der luftleidninga går over til jordkabel).
I 1994 vart det vedteke å byggje jordkabel på denne strekninga, til trass for at jordkabel berre skal brukast unntaksvis grunna svært høge kostnadar. Ved ein utviding av kapasiteten er det etter NVE sitt syn rasjonelt å gi løyve til å behalde kabel, sjølv om dette er dyrare enn ein luftleidning. Årsaka til det er at NVE meiner at vurderingane frå 1994 framleis er gjeldande.
Statnett får òg løyve til å leggje to sjøkablar over Fensfjorden mellom Mongstad og Iledalsvågen i Alver, Gulen og Masfjorden kommunar. Dei to nye sjøkablane kjem i tillegg til dei som er der fra før. Dagens muffehus på Mongstad og Iledalsvågen skal samtidig utvidast.
NVE har gitt Statnett ekspropriasjonsløyve for bygging og drift av dei nye kablane.
Vilkår for utbygginga
NVE meiner tiltaka er naudsynte og at det vil vere få ulemper ved tiltaka i driftsfasen samanlikna med i dag. Under anleggsfasen kan ulempene avbøtast på ein god måte.
Statnett skal utarbeide miljø-, transport- og anleggsplanar før arbeida kan starte. NVE har og sett vilkår for utbygginga som skal redusere dei negative verknadene for innbyggjarar og natur.
Dette er mellom anna vilkår for å tryggje kulturminne og kystlynghei, sikre vassforsyning, hindre spreiing av framande artar, sikre gyteplassar for torsk og ikkje hindre fiske.
Les meir om Øygardskabelen og Fensfjordkabelen.
Nøkkelord
Kontakter
Lisa V. Hammer, seksjonssjef
liha@nve.no
tlf. 41 90 65 23
Tor Carlsen, sakshandsamar
toc@nve.no
tlf. 45 73 84 08
Bilder



Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
NVE fastsetter utredningsprogram for reindrift og nett i Finnmark25.6.2025 15:49:53 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har nå fastsatt utredningskrav om reindrift for de 11 vindkraftsakene i Finnmark. Samtidig er det satt krav til hva som må utredes for to kraftledninger i fylket.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom