Statens vegvesen vurderer å anmelda farleg hærverk
30.8.2021 10:53:35 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
– Dette er ikkje berre ulovleg, men også direkte farleg, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø om det Statens vegvesen no opplever på riksveg 5 Gravensteinsgata i Sogndal sentrum.
Spesielt i helgene
Det er spesielt i helgene at Statens vegvesen opplever hærverk på det store arbeidet som vert gjort på ei 600 meter lang vegstrekning.
Det er ein grunn til at skilta er sett opp slik dei er, og det er for at me skal få ei forsvarleg og heilskapleg trafikkavvikling i anleggsperioden, understrekar Engebø.
- Statens vegvesen har sperra av ein god del av anleggsområda fysisk, men kan ikkje stenga av alt. Det skuldast at me mellom anna har varetransport. No må me kanskje stenga av meir enn me alt har gjort. Gåande må uansett respektera skilt og sperringar, og ikkje ta seg inn på anleggsområde. Det er uforsvarleg, det me ser.
Vurderer å anmelda
Statens vegvesen opplever og at skilt med påskriften "fortau stengt" vert fjerna. I tillegg skjer det at byggjerde blir fjerna (funne igjen på andre sida av sentrum) og øydelagde.
Statens vegvesen har alt teke kontakt med høgskulen og vidaregåande, slik at skuleleiinga og lærarar understreker alvoret overfor studentar og elevar.
- Me veit ikkje kven som står bak, men må berre på det sterkaste oppmoda om at dette tek slutt umiddelbart. Viss ikkje vil me vurdera å anmelda tilhøva, seier Engebø.
Nøkkelord
Kontakter
Jørn Kristian EngebøStatens vegvesen Plan og utbygging
Tel:95191891jorn.engebo@vegvesen.noBilder
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E134 Etne: Vegen vert tidlegast opna neste veke3.3.2026 17:28:53 CET | Pressemelding
Statens vegvesen reknar med at E134 ved Fjæra i Etne kommune vert stengd fram til onsdag i neste veke.
Starter med strekningsmåling på rv. 23.3.2026 14:49:49 CET | Pressemelding
Torsdag 5. mars kl. 11.00 starter automatisk gjennomsnittsmåling av fart på Rv. 2 mellom Sigernessjøen camping og Grasmo. Strekningen er ca. 9 kilometer lang.
E134 Etne: Treng tid for å få oversikt over losneområdet2.3.2026 15:04:04 CET | Pressemelding
Statens vegvesen treng både måndag og tysdag til arbeid i terrenget i samband med skredet ved E134 Fjæra i Etne.
Betre skredsikring er totalberedskap i praksis2.3.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
– Med nasjonalt beredskapslager for fanggjerde mot skred på plass, ynsker Statens vegvesen å bidra endå betre til totalberedskap i praksis.
E134 i Etne: Omfattande opprydding, ny vurdering onsdag1.3.2026 18:41:12 CET | Pressemelding
Det er eit stort og krevjande oppryddingsarbeid som skal til, både i fjellsida og i vegen, før vegen kan opnast att etter raset.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
