Statens vegvesen tek i bruk smarte brøytestikker på fire fjellovergangar
8.9.2022 12:04:35 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Teknologien fungerer slik:
Når vi set ut brøytestikker om hausten loggar vi nøyaktig posisjon for kvar enkelt stikke frå begge sider av vegen. Gjennom ein eigen app på nettbrett har brøytebilsjåføren dermed også i dårleg sikt kontroll over kvar brøytestikkene er, slik at han alltid kan plassera seg rett.
Kvart av dei maks 25 køyretøya i kolonnen får utdelt ei kolonnevakt, ei brikke på storleik med ein liten mobiltelefon. Brikkene har ein lysdiode som lyser grønt når avstand til bilen framfor er riktig, og raudt viss avstanden blir for stor. Også brøytebilsjåførane framst og bakerst i kolonnen får informasjon om avstanden mellom køyretøya.
Dette gjer kolonnane tryggare og meir effektive, og betyr at vi kan køyra fleire kolonnar på kortare tid enn i dag. Dette gir høgare oppetid på fjellovergangane, noko me jobbar kontinuerleg med å forbetra gjennom prosjektet Forutsigbart framkommelige fjelloverganger.
Statens vegvesen: – Vi er stolte
Svenn Egil Finden er avdelingsdirektør i Statens vegvesen.
– Vi er stolte over å kunna ta i bruk og testa ny teknologi på ein driftskontrakt som med fire høgfjellsovergangar er mellom dei tøffaste i landet. Dette set store krav til oss som vegeigar, som ser frem til godt samarbeid med entreprenør Presis Vegdrift og brøytestikke-produsent Roadtech for å utføra vårt samfunnsoppdrag som å syta for eit trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett med høg oppetid, seier han.
Presis Vegdrift: – Vi gler oss
Eivind Iden er administrerande direktør i Presis Vegdrift AS.
– Vi er topp motiverte og gler oss til jobben med eit krevjande og spennande kontraktsområde. Vi skal utføra oppdraget med optimal tryggleik og høgast mogleg oppetid. Vi kjem i tillegg til å redusera CO2-avtrykket i vinterdrifta betydeleg ved å bruka nytt utstyr med langt lågare drivstoffforbruk enn eksisterande løysningar.
– Vi er kanskje den aktøren med mest erfaring frå fjellovergangar aust/vest, i tillegg til i Nord-Noreg, legg han til.
Dette er kontrakten
Kontraktsummen er 670 millionar pluss moms. Kontrakten omfattar 471 kilometer riksveg, pluss 78 kilometer gang- og sykkelveg, i eit stort og variert kontraktsområde:
¤ Riksveg 7 Haugastøl – Bu (inkluderer Hardangervidda)
¤ Riksveg 52 Storeskar - Borlaug (Hemsedalsfjellet)
¤ Riksveg 13 Skare (Kløvet) – Vangsnes (Vikafjellet)
¤ E16 Voss – Tyin (Filefjell)
¤ Riksveg 5 Håbakken - Fodnes
Mellom dei 45 tunnelane i kontraktsområdet er 24509 meter lange Lærdalstunnelen, verdas lengste vegtunnel. Totalt er det 103232 meter (103 km) tunnel i kontraktsområdet. Dette inkluderer også Gudvangatunnelen, som med sine 11428 meter er landets nest lengste oversjøiske vegtunnel.
Har tilsett fleire byggjeleiarar enn vanleg
Kontrakten omfattar kommunar i dei tre fylka Vestland (Voss, Vik, Aurland, Lærdal, Eidfjord, Ullensvang og Ulvik), Viken (Hemsedal og Hol) og Innlandet (Vang).
– Statens vegvesen har tilsett fleire byggjeleiarar enn vanleg. I tillegg til ordinær byggjeleiar har vi valt å ta med også teknisk byggjeleiar for tunnel og teknisk byggjeleiar for høgfjell, ein kompetanse som er spesielt viktig i ein krevande vegkonrakt som dette, seier Finden.
I tillegg til mykje høgfjell og mange lange tunnelar, har kontrakt også enkelte punkt som kan vera skredutsette, mellom anna riksveg 13 over Vikafjellet.
Slik er dette ein grøn vegkontrakt
¤ Vegvesenet skal halvera utsleppet på våre prosjekt innan 2030. I kontrakten krev vi delvis utsleppsfrie eller nullutslepps køyretøy. Alle Statens vegvesens nye vegkontraktar krev miljøsertifisering.
¤ Vaskevatn brukt i tunnelreinhald skal samlast inn og takast prøvar av. Vi set strenge krav til prøvar frå kumtømming og gateoppsop for å sikra korrekt massedeponering.
¤ På Vikafjellet og Hardangervidda skal det normalt ikkje brukast salt i vinterdrifta, grunna sårbar natur. På Filefjell og Hemsedalsfjellet kan entreprenøren nytta salt under visse føresetnader for å oppnå godkjende føreforhold.
¤ For å vareta biologisk mangfald har vi valt å redusera kantklippen for delar av dei høgareliggande områda, og vi tilpassar tunnelreinhaldet til tidspunktet for utvandring av laksesmolt.
Fire kontraktar vert til éin
Kontrakten gjeld i fem år, frå 1. september 2022 til 31. august 2027, med moglegheit for forlenging i inntil tre år.
Regionreforma som vart innført 1. januar 2020, inneber at fylkeskommuane har ansvaret for drift av fylkesvegane. Den nye kontrakten gjeld derfor utelukkande riksvegar, og det er fire gamle kontraktar som heilt eller delvis er slegne saman til éin.
Gjennomsnittleg døgntrafikk i kontraktsområdet varierer frå 400 til 9.600. Det er dette som kallast årsdøgntrafikk (ÅDT). Høgast er talet på Voss, mellom Palmafossen og Brynagjelet.
Nøkkelord
Kontakter
Svenn Egil FindenAvdelingsdirektørStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95148614svenn.finden@vegvesen.noEivind IdenAdministrerande direktørPresis Vegdrift
Tel:99128450eivind.iden@presisvegdrift.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder




Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Advarer mot ekstra lange køer på E18 inn mot Oslo18.9.2026 15:51:05 CEST | Pressemelding
Togstreik gjør at Statens vegvesen forsterker oppfordringen om å la bilen stå, velge andre ruter og beregne god tid.
En av de verste ulykkessomrene på ti år – dette gikk galt på norske veger18.9.2026 10:31:43 CEST | Pressemelding
Sommeren 2026 er en av de verste ulykkessomrene på ti år. Hittil i år har 91 mennesker omkommet i trafikken, og hele 57 av dem mistet livet i månedene fra mai til august. Mange omkom på MC og sykkel.
Forventer køer på E18 og sideveiene også kommende helg17.9.2026 10:45:19 CEST | Pressemelding
E18-traseen legges om på Ramstadsletta. Det betyr nok en helg med køer og forsinkelser på E18 og sideveiene i Asker og Bærum.
Flere eldre trafikanter – det krever ny kunnskap17.9.2026 09:05:15 CEST | Pressemelding
Vi blir stadig flere eldre i Norge. Fram mot 2050 forventes andelen nordmenn over 65 år å øke fra 18 til 24 prosent av befolkningen. Det betyr flere erfarne bilførere på veiene, men også flere fotgjengere, syklister og kollektivreisende som er utsatte dersom noe går galt.
Vegvesenet: Kan ikke bruke 4D-modell for å finne kvikkleire16.9.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen sier nei til å bruke en omstridt 4D-modell for å kartlegge grunnforholdene i forbindelse med ny rv. 22 over Glomma ved Fetsund. Årsaken er at modellen har vist store feil i tester.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
