Statens vegvesen opna tidlegare E134-flaskehals over ein månad før tida, og på budsjett

Prosjektet er ein del av Haugalandspakken. Første spadestikk var 11. desember 2020, og hovudentreprenør har vore Karmøy-firmaet Vassbakk & Stol AS.
Planlagd opning var 1. november i år. Men alt 22. september kunne strekninga overrekkast til Statens vegvesen som byggherre. I dag var det offisiell opning ved divisjonsdirektør Bjørn Laksforsmo.
– Og ikkje berre opnar vi før tida. Vi ser òg ut til å halda oss innanfor budsjett. Eit godt samarbeid med hovudentreprenør har vore ein nøkkel for å få dette til. Utbetringsprosjektet har ei total styringsramme på 124 millionar, seier prosjektleiar Arild Kalleland Vallestad i Statens vegvesen.
Dette har vi gjort
Vi har laga betre kurvatur på vegen, harmonisert vegbreidda, sprengt ut og planert sideterreng slik at trafikantane får betre sikt. Vi har laga rumlefelt, betre og tydelegare avkøyringsfelt og betre busslommer. Vi har og tilrettelagt betre for mjuke trafikantar ved å etablera samanhengande gang- og sykkelveg langs heile den 1,3 kilometer lange strekninga.
Alt dette er med på å gjera at hovudvegen E134 vest – aust mellom Haugesund og Drammen fyller samfunnsoppdraget sitt på ein betre måte enn før. Espelandssvingane har vore ein flaskehals, og det har vi no gjort noko med. Dermed har prosjektet betydning langt utanfor nærområdet.
– Bilistane har opplevd ein del lysregulering i samband gjennomkøyringa av anlegget, og det har vore ein del utfordringar med dette i anleggsfasen. Vi har forståing for at slikt vegarbeid kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om vi gjer det nettopp for dei, for at vi skal kunna gi ein trygg og framkomeleg veg med høg oppetid også i framtida.
Espelandssvingane vert gjennomsnittleg trafikkert at 4.864 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Det er mykje næringsverksemd i området. Lange køyretøy utgjer 17 prosent – eller 827 køyretøy – av trafikken.
Vi tek omsyn til natur- og dyreliv
Omsyn til natur, miljø og klima er viktig i alle Statens vegvesen sine prosjekt.
Vegstrekninga går langs Vågselva. Det har vore restriksjonar med tanke på når vi har kunna arbeida i elva, mellom anna for ikkje å forstyrra laksens gyteperiodar.
Det har vore ein klar føresetnad i prosjektet at vi skal minimalisera inngrepa i Vågselva. No når anleggsarbeida er ferdig, skal miljøkvaliteten i elva skal vera like god som, eller betre enn, før.
Vi har og laga betre skilje mellom elva og vegen enn det vore tidlegare.
Prosessen frå plan til ferdig veg
Reguleringsarbeidet starta tidleg hausten 2016. Kommunen vedtok planen 20.juni 2017. Det var ein særs rask reguleringsprosess, med tett kontakt med kommune og Fylkesmann/Statsforvalter i planfasen. I perioden mellom planvedtak og utlysning gjekk det tre år i vente på statleg finansiering.
Hauglandspakken har bidratt med 15 mill (2021 kr) bompengar i dette prosjektet. Styringsramma for prosjektet er 124 mill. kr (2022 kr) og det er til no fakturert 100,6 mill. kr. Vi ligg an til å treffa på kostnad.
Byggeplanen var ferdig ferdig utarbeidd juli 2020. Prosjektet vart kunngjort 7. september 2020, og 11.desember 2020 var det byggestart.
– Og no har vi altså opna vegstrekninga, seks dagar etter at overtaking skjedde, 22. september 2022. Over ein månad før planlagt åpningdato, som var 1. november. Det er all grunn til å skryta av entreprenø Vassbakk & Stol AS for godt samarbeid, og vi er veldig nøgde med jobben dei har gjort, avsluttar prosjektleiar Arild Kalleland Vallestad i Statens vegvesen.
Nøkkelord
Kontakter
Arild Kalleland VallestadProsjektleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:48270550arild.kalleland.vallestad@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Åpner Kåringskrysset ved Lødingen16.9.2025 09:47:58 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsministeren åpner den første ferdige delen av gigantprosjektet OPS Hålogalandsvegen. Nord Norges største samferdselsprosjekt.
Det blir kolonnekjøring til Nordkapp i vinter15.9.2025 14:26:11 CEST | Pressemelding
Til vinteren blir det innført faste tidspunkt for kjøring på E69 til og fra Nordkapplatået.
Letnes Entreprenør AS skal bygge midlertidig E6 ved Nesvatnet15.9.2025 11:02:57 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har signert kontrakt med Letnes Entreprenør AS for å bygge lokal omkjøringsveg forbi rasstedet ved Nesvatnet.
Brannøving i to tunnelar i Gloppen15.9.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune og Gloppen Brann og redning har felles brannøving i to tunnelar i Gloppen 22. og 23. september.
Farlige svinger blir tryggere for syklister12.9.2025 14:15:24 CEST | Pressemelding
"Ventebokser” og “sykkelfelt med buffer” er to nye grep som gir syklister bedre plass i trafikken.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom