Sparebanken Vest

Sparebanken Vest betrar resultatet frå ifjor

Del
Sparebanken Vest fekk i fyrste halvår eit resultat før skatt på 868 (826) millionar kroner og ein eigenkapitalavkastning på 10,7 % (11,9 %). Resultatet for fyrste halvår 2016 var påverka av netto positive eingongseffektar på 55 millionar kroner.
Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef, Sparebanken Vest (Foto: Studio 1 Fotografene)
Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef, Sparebanken Vest (Foto: Studio 1 Fotografene)

- Banken leverer eit godt resultat i kvartalet og for halvåret. Resultatet er prega av flat kostnadsutvikling og auka netto renteinntekter. Samstundes gjev banken sitt målretta arbeid over tid på kredittsida positive effektar gjennom låge tap, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

For andre kvartal isolert var resultatet før skatt på 436 (504) millionar kroner og ein eigenkapitalavkastning på 10,7 % (15,0 %). Resultatet for same periode i fjor var påverka av netto positive eingongseffektar på 59 millionar kroner.

Låge tap
Netto renteinntekter var i andre kvartal 631 millionar kroner mot 601 millionar kroner i same periode i fjor. Andre kvartal viser låge nedskrivingar på utlån og garantiar på til saman 21 (16) millionar kroner, der 3 millionar er gruppenedskrivingar.

- Sparebanken Vest har god diversifisering og kvalitet i utlånsporteføljen. Utviklinga til no i år, kombinert med betre makroøkonomiske signal, tilseier at tapsanslaget for året som heilskap vert noko lågare enn intervallet 150-175 millionar kroner som tidlegare er kommunisert, forklarar Kjerpeseth.

Stabilt låge kostnadar
Driftskostnadane er 360 (418) millionar kroner i kvartalet. Kostnadsutviklinga er og flat samanlikna med fyrste kvartal.

- Vi er særs nøgd med kostnadsutviklinga i ei tid der omstillings- og utviklingstakten i banken er høg. Vi forventar at kostnadane vert på dagens nivå og framover, seier Kjerpeseth.

Positiv utvikling i Eiendomsmegler Vest
Eiendomsmegler Vest hadde eit sterkt andre kvartal med eit resultat før skatt på 10,1 (-0,3) millionar kroner og ein topplinevekst på 13,5 % samanlikna med andre kvartal 2016.

- Utviklinga har vore positiv i banken sitt meklarføretak gjennom fyrste halvår. Vi ser at bustadmarknaden utviklar seg ulikt frå region til region, med prisoppgang i Stavanger og eit moderat fall i prisane i Bergen. Sjølv om resultata for Eiendomsmegler Vest viser god betring frå 2016, vert det fortsatt arbeidt for fullt med å styrke marknadsposisjonen ytterlegare og effektivisere drifta, fortel Jan Erik Kjerpeseth.

Delen av resultat frå tilknytta selskap er innarbeidd etter eigenkapitalmetoden med til saman 20 (38) millionar kroner i andre kvartal 2017. Akkumulert for fyrste halvår 2017 er bidraget frå tilknytta selskap 48 (47) millionar kroner.

- Bidraget frå tilslutta selskap er i andre kvartal negativt påverka av at Frende Skade i kvartalet hadde fleire krav grunna store brannskader. Den underliggende utviklinga i Frende Forsikring, som markerte sitt 10 års jubileum i juni, er likevel særs gledeleg. Frende Skade hadde ved utgangen av juni nærare 142,000 kundar, opp frå 126,000 på same tidspunkt i fjor. Selskapet har ambisjonar om vidare vekst, og inngjekk i andre kvartal ein avtale med det nyetablerte selskapet Trumf Forsikring AS om forsikringsformidling med Frende Forsikring. Avtalen vil ytterlegare styrke Frende si distribusjonskraft, seier konsernsjefen i Sparebanken Vest.

Høg kundeaktivitet
Sparebanken Vest har som målsetjing ytterlegare auka vekst i utlån til personmarknaden, trass i eit strammare regulatorisk utlånsregime.

- Konkurransen i marknaden er sterk, men banken opplever høg kundeaktivitet og har ein vekst i utlån til personkundar siste 12 månader på 6,8 prosent trass i strengare regulering frå styresmaktene. Sparebanken Vest er lokalt til stades og vi ser at vår forretningsmodell verkar. I bedriftsmarknaden opplever banken god tilgang på prosjekter i SMB-segmentet, og vi er selektive basert på lønsemd og kapitalbinding på prosjekta. Veksten siste 12 månader i bedriftsmarknaden er 6,6 prosent, fortel konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth.

Sterk auke i fondssparing
Låge renter på innskot og gode digitale sjølvbeteningsløysingar bidreg til at båe delen nye spareavtalar og sparevolum i fond aukar.

- Våre kundar ynskjer betre avkastning på sparepengane sine og det siste året har det vore ei auke i nye spareavtalar på 14 prosent og den totale forvaltningskapitalen i fond har auka med 34 prosent til over ni milliardar kroner, seier Jan Erik Kjerpeseth.

Solid kapitaldekning
Rein kjernekapitaldekning er 14,7 % ved utgangen av andre kvartal. Dette er i tråd med banken sitt mål. Dagens kapitalsituasjon vert rekna som solid, og banken er tilstrekkeleg kapitalisert til og å møte framtidige annonserte krav.

- Resultata for fyrste halvår i 2017 viser at den positive utviklinga frå 2016 fortset. Banken held difor fast ved målsetjinga om ei langsiktig eigenkapitalavkastning på over 11 %, samt ein utdelingsgrad for eigenkapitalbeviseigarane sin del av overskotet for 2017 i midtre intervall av banken si utbyttepolicy, avsluttar Kjerpeseth.


HOVUDTAL FYRSTE HALVÅR 2017 (2016 I PARENTES):
Resultat før skatt 868 MNOK (826 MNOK, ekskl. eingongseffektar 771 MNOK)
Resultat/utvanna resultat pr eigenkapitalbevis: 2,54 kr (2,71 kr)
Rentenetto (annualisert): 1,48 % (1,50 %)
Kostnadsprosent: 44,5 % (48,6 %)
Eigenkapitalavkastning (ROE) (annualisert): 10,7 % (11,9 %, ekskl. eingongseffektar 10,7 %)

HOVUDTAL ANDRE KVARTAL 2017 (2016 I PARENTES):
Resultat før skatt: 436 mkr (504 mkr, ekskl. eingongseffektar 445 mkr)
Resultat/utvanna resultat pr eigenkapitalbevis: 1,28 (1,73) kr
Rentenetto (annualisert): 1,49 % (1,49 %)
Kostnadsprosent: 44,7 % (45,9 %)
Eigenkapitalavkastning (ROE) (annualisert): 10,7 % (15,0 %, ekskl. eingongseffektar 12,4 %) 

Presentasjon:
Sparebanken Vest presenterer rekneskapstall for andre kvartal torsdag 24. august på arrangementet «Hordaland på Børs» på Scandic Flesland Airport, Lønningsvegen 9, i Bergen. Presentasjonen starter ca. kl. 15.15.

Nøkkelord

Kontakter

Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef, tel: 951 98 430
Frank Johannesen, konserndirektør, tel: 952 65 971
Bjarte Fauske, økonomisjef, tel: 915 61 698
Lars Ove Breivik, informasjonssjef, tel: 415 06 999, e-post: lars.breivik@spv.no

Bilder

Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef, Sparebanken Vest (Foto: Studio 1 Fotografene)
Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef, Sparebanken Vest (Foto: Studio 1 Fotografene)
Last ned bilde

Lenker

Om Sparebanken Vest

Sparebanken Vest
Jonsvollgaten 2
5011 Bergen

915 05 555https://www.spv.no

Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye