Sparebanken Vest

Vestlandskonferansen: Handlekraftprisen går til Framo

Del

Vestlendingane har talt: Bergensbedrifta Framo er Vestlandet si mest handlekraftige bedrift. Framo tok imot Handlekraftprisen på Vestlandskonferansen i Grieghallen tysdag.

Geir Helgesen og Martijn Bergink
Geir Helgesen, markedssjef i Framo, og Martijn Bergink, CEO i Framo, tok imot Handlekraftprisen. Thor Brødreskift

– Først og fremst takk til dei tilsette. Det er dei som står på dekk kvar einaste dag. Takk også til alle som røysta på oss og til nettverket som vi er ein del av her i vest, som vi er så avhengige av. Vi er berre så smarte som nettverket vi er ein del av, sa CEO i Framo, Martijn Bergink, som tok imot Handlekraftprisen. 

Framo har om lag 1500 tilsette og er ein leiande produsent av pumpesystem for kjemikalietankarar, offshoreindustrien og pumper til akvakultur. I tillegg forankrar dei vindmøller til havs. All produksjon skjer på Vestlandet og produkta blir eksporterte til utlandet. 

– Ein ekte vestnorsk miljøpioner 

Vinnaren har sett seg som mål å bli den første karbonnøytrale pumpeprodusenten i verda innan 2027. 

–  Vinnaren av Handlekraftprisen har demonstrert ein imponerande vekst. Pumpesystema deira er med på å redusere utslepp og betre miljøet verda rundt, og ved å fase ut fossile brennstoff og investere i elektrisitet frå fornybare kjelder, banar dei veg som ein ekte, vestnorsk miljøpioner, sa næringsminister, Jan Christian Vestre, då han overrekte Handlekraftprisen. 

Dette er andre gong at Handlekraftprisen blir delt ut. Målet med prisen er å fremje dei bedriftene på Vestlandet som bidreg til den grøne omstillinga. Bedriftene Hofseth, Navtor og Brødrene Ulveseth var med og kniva om prisen, som er stemt frem av vestlendingar. 

Frå preik til praksis 

– Aldri før har verda trengt menneske med samlande, skapande handlekraft meir enn akkurat no, og aldri før har Vestlandet hatt meir å vinne på storskala samarbeid, seier Siren Sundland, styreleiar i stiftinga Agenda Vestlandet, som står bak prisen. 

Ho er imponert over vinnaren sitt hårete mål om å bli karbonnøytrale innan 2027. 

– Framo går frå preik til praksis, og er ei drivkraft for grøn omstilling i hjartet av Bergensregionen. Dei demonstrerer ekte handlekraft. 

Framo har hovudkontor og serviceavdeling på Florvåg på Askøy og fabrikkar på Fusa, Flatøy og Holsnøy. I tillegg har dei utekontor i åtte ulike land på tre ulike kontinent.  

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Dette er Vestlandskonferansen

Vestlandskonferansen er vestlandet sin viktigaste møteplass for næringsliv, politikk, akademia og 5000 engasjerte vestlendingar som vil diskutere heilt konkrete forslag for å skape nye arbeidsplassar, ny velferd og ei betre framtid. Vi ønsker å skape ein arena for læring og inspirasjon, der leiarar blir utfordra til å sette seg nye og djervare mål.

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye