Sommarutfarten: Fleire reiste i år enn i fjor
4,8 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i juli. Dette er 15 prosent fleire enn i juli i fjor, men 5 prosent færre enn same månad i normalåret 2019.

– Vi har hatt litt fleire reisande i juli enn i juni, og juli går dermed inn som månaden med flest reisande i år, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.
– Kombinasjonen av jobb- og feriereiser gjer at juni som oftast er månaden med mest trafikk, men i år ser vi at juli har litt høgare volum. Juli er i langt større grad prega av ferietrafikk, og samanlikna med juni har innanlandsreiser gått litt ned, medan utanlandsreiser har gått opp.
– At juli i år er månaden med høgast trafikk, til skilnad frå 2019, kan nok kome av at ferie- og fritidsreiser har henta seg inn att mykje sterkare enn arbeidsreiser, og då kjem toppen i juli framfor i juni, seier Riise.
Passasjertal
2 268 000 passasjerar reiste innanlands i juli. Dette er 17 prosent fleire enn i juli 2022. Trafikken utanlands, med 2 528 342 passasjerar, har auka med 14 prosent samanlikna med i fjor, men er framleis 8 prosent lågare enn i juli 2019.
– Det er ein markant auke i antal reisande samanlikna med i fjor, både innanlands og utanlands. Årsaka kan nok i stor grad forklarast av streikane i luftfarten her i landet og utfordringane på flyplassane i Europa i fjor sommar, seier Riise.
Flyrørsler
Det var 62 027 kommersielle flyrørsler i juli 2023. Dette er 4 prosent fleire enn i juli i fjor. Om ein samanliknar med juli i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 8 prosent.
Hittil i år samanlikna med 2019
Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 11 prosent bak normalåret 2019. Talet på flyrørsler så langt i år er 7 prosent bak 2019. Sjå alle tal i vedlegget «07.2023».
Framleis auke i flyging med dronar
I juli vart 1 103 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone, Avinor sitt system for handtering av dronar. Dette er ein auke på heile 164 prosent samanlikna med juli 2022.
– Juli er ein månad kor mange har ferie, men vi ser framleis ein sterk vekst i bruk av dronar, seier Axel Knutsen, leiar av droneprogrammet til Avinor.
Så langt i år er auken 120 prosent sett mot fjoråret.
– Med det passerer vi allereie i juli 2023 det totale antallet flygingar i 2022.
– Det er dessverre framleis mange som ikkje kan reglane for droneflyging. Dette gjer at ein del flygingar er ulovlege, og kan vere til stor fare for andre i luftrommet. Vi oppfordrar alle til å sette seg inn i regelverket før dei flyr. Vi viser til www.avinor.no/droner kor reglane kjem tydeleg fram, seier Knutsen.
Nøkkelord
Kontakter
PressetelefonKun til bruk for journalister.
Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.
Dokumenter
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Avinor oppgraderer Tromsø lufthavn: reasfalterer rullebanen i sommer25.4.2025 10:50:55 CEST | Pressemelding
I sommer gjennomføres et større vedlikeholdsarbeid på Tromsø lufthavn. Dette skal sikre trygg og effektiv flytrafikk, bedre passasjeropplevelse og forbedret vinterlogistikk i årene som kommer. Arbeidet innebærer blant annet reasfaltering av rullebanen, og vil om natten føre til redusert bruk av banen i perioden 15. mai til 4. september.
Påskestemning på Bergen lufthavn, Flesland11.4.2025 13:00:00 CEST | Pressemelding
Mer enn 213.000 mennesker skal til eller fra Bergen lufthavn, Flesland i løpet av påsken. De høyeste trafikktallene ser vi torsdag og fredag før palmehelgen da rundt 22.000 reisende per dag skal gjennom landets nest største flyplass. Det er nesten like mange på retur mandag 21. april.
Tre nye flytårn overføres til Bodø10.4.2025 13:46:34 CEST | Pressemelding
Denne uken ble tårndriften ved lufthavnene i Molde, Leknes, og Sandnessjøen overført til Avinors tårnsenter i Bodø.
Sterke tal: 7 prosent fleire reisande på Avinor sine lufthamner i mars10.4.2025 13:00:00 CEST | Pressemelding
I mars nytta 4,2 millionar reisande Avinor sine lufthamner. Dette er ein auke på sju prosent samanlikna med mars i 2024.
Venter storinnrykk før påsken9.4.2025 11:53:12 CEST | Pressemelding
I overkant av 1,6 millioner passasjerer skal reise gjennom en av Avinors lufthavner i løpet av påsken. Dette er det høyeste antallet påskepassasjerer siden før pandemien.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom