Samferdselsdepartementet

Smal firefelts veg gir større fleksibilitet

Del
- Vi er opptekne av å lytte til fagfolk. Derfor følger vi anbefalinga til Statens vegvesen om å innføre moglegheita for å bygge smal firefelts veg. Det gir større fleksibilitet i utbygginga av norske vegar og kan auke den samfunnsøkonomiske lønsemda i fleire prosjekt. På den måten får vi meir igjen for fellesskapets pengar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Aktuelle strekningar den nye vegstandarden er til dømes  E39 Ålesund–Molde, E134 Saggrenda–Gvammen, E39 Mandal–Ålgård, E18 Dørdal–Tvedestrand, E6 Roterud–Øyer, E6 Ulsberg–Melhus, E6 Kvithammar–Åsen og rv.4 Oslo–Mjøsbrua. Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen

Anbefalinga frå Statens vegvesen har vore diskutert i Regjeringa. No vil det bli større fleksibilitet i å bygge ut firefelts motorveg på vegar der det køyrer mellom 6.000 og 20.000 køyretøy i døgnet.

I dag er ein firefelts veg 23 m brei med ei skulderbredde (området frå vegfila til der asfalten sluttar) på over 2,75 meter. 

Vegar med 6.000 til 12.000 køyretøy i døgnet

I dag blir vegar med 6.000 til 12.000 køyretøy i døgnet bygd som to-trefeltsvegar. No vil det vere mogleg å bygge firefelts veg på desse strekningane. Firefeltsvegen skal ha ei bredde på 19,0-21,5 meter og skulderbredde på mellom 1,5 og 2 meter. Det vil vere mogleg med ei fartsgrense på 110 km/t.

Vegar med 12.000 til 20.000 køyretøy i døgnet

I dag blir det bygd firefelts veg på desse strekningane. Med dei nye endringane vil det vere mogleg å bygge med ein smalare firefelts veg. Vegen kan ha ei bredde på 20,0-23,0 meter og skulderbredde på mellom 2 og 2,75 m. Det vil vere mogleg med ei fartsgrense på 110 km/t.

- Eg vil understreke at dersom skulderbredda blir bygd under 2 meter for den smalaste firefeltsvegen og 2,75 m for den andre, må det leggast opp til avbøtande tiltak, seier samferdselsministeren.

Det vil vere Statens vegvesen som vurderer kva for avbøtande tiltak som skal nyttast på dei ulike strekningane. Det vil vere opp til den aktuelle byggherren (som Statens vegvesen og Nye Veier) å foreslå kva slags veg som skal nyttast. Samferdselsdepartementet vil ta den endelege avgjerda.

Fleire vegar er aktuelle

Fleire prosjekt som er under planlegging kan vere aktuelle for den nye vegstandarden, som til dømes E39 Ålesund–Molde, E134 Saggrenda–Gvammen, E39 Mandal–Ålgård, E18 Dørdal–Tvedestrand, E6 Roterud–Øyer, E6 Ulsberg–Melhus, E6 Kvithammar–Åsen og rv.4 Oslo–Mjøsbrua.

- For desse vegane kan den samfunnsøkonomiske lønsemda auke, som følgje av moglegheita til å bygge smal firefelt veg, seier Hareide.

Nøkkelord

Bilder

Aktuelle strekningar den nye vegstandarden er til dømes  E39 Ålesund–Molde, E134 Saggrenda–Gvammen, E39 Mandal–Ålgård, E18 Dørdal–Tvedestrand, E6 Roterud–Øyer, E6 Ulsberg–Melhus, E6 Kvithammar–Åsen og rv.4 Oslo–Mjøsbrua. Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen
Aktuelle strekningar den nye vegstandarden er til dømes E39 Ålesund–Molde, E134 Saggrenda–Gvammen, E39 Mandal–Ålgård, E18 Dørdal–Tvedestrand, E6 Roterud–Øyer, E6 Ulsberg–Melhus, E6 Kvithammar–Åsen og rv.4 Oslo–Mjøsbrua. Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Norge får europeisk pris for trafikksikkerhet24.6.2025 15:18:51 CEST | Pressemelding

Den europeiske trafikksikkerhetsprisen for enestående fremgang innenfor veitrafikksikkerhet går i år til Norge. Norge er landet i Europa med færrest drepte i forhold til innbyggertallet, og tildeles prisen for vedvarende engasjement og imponerende resultater i arbeidet med å redde liv i trafikken. Det er den uavhengige europeiske trafikksikkerhetsorganisasjonen European Transport Safety Council (ETSC) som står bak prisen.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye