Universitetet i Bergen (UiB)

Skal forske på ulikskap i europeiske utdanningssystem

Del
Den sosiale ulikskapen i europeiske utdanningssystem er stor. Forskarar frå HVL og UiB skal finne ut kva som kan motverke ulikskapen.

Forskarar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Universitetet i Bergen (UiB) skal forske på ulikskap innanfor læring hos barn og unge i eit komparativt perspektiv. Prosjektet skal munne ut i råd til korleis skape meir inkluderande oppvekstkår.

- I Noreg er vi vane med å tenkje på oss sjølve som eit veldig egalitært samfunn der alle har like sjansar i livet, men ulikskapen er også ei utfordring her. Kanskje er det til og med vanskelegare å kjempe mot den her til lands, sidan den er mindre innlysande enn andre plassar. Vi har lett for å undervurdere dei sosiale, kulturelle og økonomiske forskjellane som faktisk finst, trur professor Solvejg Jobst ved HVL.

Ni europeiske land deltek

Forskningsprosjektet PIONEERED ser etter nyskapande praksisar i utdanningssystemet og utdanningspolitikken som motverkar reproduksjon av sosial ulikskap.

Målet er å fremme likare kår for barn og unge på alle nivå av utdanningssystemet i Europa: sikre at dei får ei rettferdig deltaking i utdanninga si i barnehagane, skulevesenet så vel som i meir uformelle læringsarenaer.

Forskingsprosjektet har 13 partnarar frå ni land. Det er finansiert av EUs forsknings- og innovasjonsprogram Horisont 2020, som har tildelt 3,5 millionar euro. Prosjektet startar i 2021 og varer i tre år.

- Barn og unge kjem frå forskjellige heimar og boområde, og går på skular som er kjenneteikna av forskjellige lærings- og handlingsmiljø. Dette betyr at dei er i ulike sosioøkonomiske eller kulturelle livskontekstar, og dermed er det ikkje like lett for alle å prestere på same nivå på skulen, seier professor Jan Skrobanek, sosiolog ved UiB.

Les meir om prosjektet

Nettside for prosjektet

Nøkkelord

Kontakter

Professor Solvejg Jobst, Høgskulen på Vestlandet, telefon 55 58 55 29 / solvejg.jobst@hvl.no


Professor Jan Skrobanek, Universitetet i Bergen, telefon 458 10 302/ jan.skrobanek@uib.no

Bilder

Om Universitetet i Bergen (UiB)

Universitetet i Bergen (UiB)
Universitetet i Bergen (UiB)
Postboks 7800
5020 Bergen

+47 55 58 00 00http://www.uib.no

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye