Samferdselsdepartementet

Samferdselsministeren ut på tur i veke 32

Del

Også i år legg samferdselsministeren ut på ein vekelang sommartur for å sjå, lære og få innspel. Turen starter i Oslo måndag 5. august, går innom åtte fylker til lands, til vanns og på skinner, og inneheld fleire stopp og besøk langs vegen.

– Eg ser fram til teste vegane og jernbanelinene våre, til å synfare prosjekt under bygging, til å besøke flyplassar og hamner og til å møte bedrifter og folk, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I fem dagar skal han reise rundt, hovudsakleg på Austlandet, Vestlandet og Trøndelag denne gongen.

- Målet med samferdselspolitikken er å  binde landet tettare saman og å styrke konkurransekrafta for næringslivet. Rett og slett å gjere kvardagen enklare for oss alle, anten vi pendlar, hentar i barnehagen eller leverer varer til kundane våre. Da er det viktig å gjere riktige prioriteringar. På slike turar får eg sjå med eigne auge kva tilstand transportnettet vårt er i, og eg får vite kor skoen trykker for folk og næringsliv. Kva for transportutfordringar er det dei står i og som vi må bidra til å løyse? Det får eg gode svar på når eg er ute på vegen, seier Dale.

Presse er velkommen til å delta på alle delar av programmet. Meir detaljert program med tidspunkt vil bli sendt ut for kvar enkelt dag kvelden før. Interesserte journalister som treng detaljert info tidlegare kan ta kontakt.

Bilete frå turen blir lagt ut på Samferdselsdepartementets Flickr-konto: https://www.flickr.com/photos/samferdselsdepartementet/

Her er hovudpunkta i programmet:

Måndag 5. august

Første stopp på turen er Notodden lufthamn og besøk hjå Pilot Flyskole AS. På ettermiddagen er Dale med synfaring med Statens vegvesen på E134 frå Gvammen til Vinje. Han vil også stå for den offisielle opninga av ein ny døgnkvileplass på Høydalsmo.

Tysdag 6. august

Dagen starter i Odda, og på morgonen skal statsråden reise med to ferjer før han besøker Grindevoll Maskin i Hagavik. Deretter er det omvising på Bergen lufthamn (treng påmelding for interesserter journalistar) før han besøker Plug AS i Bergen Hamn der temaet er landstraum. Dagen sluttar med besøk til Coastal Center Base i Ågotnes Næringspark.

Onsdag 7. august

På morgonen tek samferdselsministeren tog frå Bergen til Voss. Underveis får han orientering om pågåande prosjekt og plattformforlengingar. I Voss vil Dale ta gondolbana, før han køyrer vidare med bil til Storehaug der han får ei orientering om rv. 13 Vikafjellstunnelen frå Statens vegvesen. Det er også lagt inn eit stopp ved Vangsnes ferjekai der det skjer utbetringar.

Torsdag 8. august

Første stopp denne dagen er ved Lom bakeri. Deretter vil samferdselsministeren få ei orientering frå Nye Veier AS i Otta før reisa går vidare med tog til Oppdal. Ved Ulsberg vil Dale ha eit nytt møte med Nye Veier AS før turen går vidare til Grytnes Entreprenør i Sunndalsøra. På kvelden er det lagt inn eit besøk til Baatbyggeriet på Vestnes.

Fredag 9. august

På morgonen besøker samferdselsministeren Valderøy barneskule utanfor Ålesund som er tildelt 400 000 kroner i støtte frå Samferdselsdepartementet til sikring av skolevegane. Han får deretter ei omvising hos Kongsberg Maritime før turen går vidare med ferje og bil til Volda Maskin. På ettermiddagen deltek Dale på opningsmarkeringa av Bazpoint i Volda før han tar ei ny ferje for å besøke Sibelco Nordic i Vanylven. Siste post på programmet er ei orientering frå Kystverket om status for Stad skipstunnel.

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Lytter til lokale politikere om Ryfast14.2.2020 12:39:43 CETPressemelding

Når hele Ryfast i Rogaland etter planen åpnes for trafikk 30. mars, vil en svært viktig veistrekning for befolkningen i Rogaland endelig være klar etter at Stortinget vedtok utbyggingen i juni 2012. Veien finansieres delvis med bompenger, og ved oppstart vil takstene være lavere enn vanlig i slike veiprosjekter. Dette er i tråd med ønskene fra lokale myndigheter. Takstene skal bli vurdert på nytt i mars 2021, ett år etter at innkrevingen er igangsatt.

Viken trakk E18-garanti: – Skaper usikkerhet13.2.2020 18:00:09 CETPressemelding

Viken fylkeskommune trakk i dag lånegarantien for E18 Lysaker-Ramstadsletta: – Det er uheldig at Viken nå trekker lånegarantien for E18 Lysaker-Ramstadsletta, som Akershus fylkeskommune vedtok i oktober 2018. En slik handling skaper usikkerhet. Ikke bare om E18, men om flere viktige samferdselsprosjekter som ligger inne i Oslopakke 3 og i den fremforhandlede byvekstavtalen, sier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom