Samferdselsdepartementet

Samferdselsministeren til Kirkenes 6. desember for å høyre om moglegheitar og utfordringar i regionen

Del
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård besøker Kirkenes tysdag 6. desember. Han skal delta på eit seminar om konseptvalutgreiinga (KVU) for transportløysingar i Nord-Norge, før han drar på synfaring av Kirkenes hamn og Strømmen bru.
Eg gler meg til å møte og lytte til alle dei interessante folka som har ei aksje i dette arbeidet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Henrik Jonassen/SD
Eg gler meg til å møte og lytte til alle dei interessante folka som har ei aksje i dette arbeidet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Henrik Jonassen/SD

KVU for transportløysingar i Nord-Norge er eit stort arbeid som ser nærmare på heile transportsystemet i Nord-Norge. Det skal tidlegare ikkje ha vore gjennomført ei tilsvarande utgreiing, som omfatter eit så stort område og alle transportformene. Statens vegvesen leiar og koordinerer utgreiinga i samarbeid med Jernbanedirektoratet, Kystverket og Avinor.

– Denne regjeringa meiner nordområda er Noregs viktigaste strategiske satsningsområde, og ønsker å utvikle desse områda vidare. KVU-en blir eit viktig grunnlag for arbeidet i åra som kjem. Eg gler meg til å møte og lytte til alle dei interessante folka som har ei aksje i dette arbeidet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

På seminaret skal ein rekke aktørar og involverte halde innlegg om kva for moglegheitar og utfordringar dei ser i regionen.

Program

Kl. 08:00: Seminar på Thon Hotel Kirkenes.
Dei som ønsker å delta må melde seg på til kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen: hj@sd.dep.no.
Det vil òg vere mogleg å lytte inn på Teams: Trykk her.

Kl. 13:00: Befaring på Kirkenes hamn, etterfulgt av befaring av Strømmen bru.
Pressen er invitert til å delta. For påmelding og meir informasjon, ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen: hj@sd.dep.no

Kontaktperson for turen: Kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen: 976 28 091 / hj@sd.dep.no.

På seminaret deltek representantar frå følgande aktørar:

Statens vegvesen
KVU Nord-Norge
KVU Nord-Norgebanen
Statsforvalteren i Nordland
Statsforvalteren i Troms og Finnmark
Troms og Finnmark fylkeskommune
Politimesteren i Finnmark
Forsvarets operative hovedkvarter
Reinbeitedistrikt 5A/C Pasvik
Center for High North Logistics
Vest-Finnmark Rådet
Øst-Finnmarkrådet
Hasvik kommune
Nordkapp kommune
Vadsø kommune
Lebesby kommune
Gamvik kommune
Tana kommune
Sør-Varanger kommune
Kirkenes næringsforening

Nøkkelord

Bilder

Eg gler meg til å møte og lytte til alle dei interessante folka som har ei aksje i dette arbeidet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Henrik Jonassen/SD
Eg gler meg til å møte og lytte til alle dei interessante folka som har ei aksje i dette arbeidet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Henrik Jonassen/SD
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Norge får europeisk pris for trafikksikkerhet24.6.2025 15:18:51 CEST | Pressemelding

Den europeiske trafikksikkerhetsprisen for enestående fremgang innenfor veitrafikksikkerhet går i år til Norge. Norge er landet i Europa med færrest drepte i forhold til innbyggertallet, og tildeles prisen for vedvarende engasjement og imponerende resultater i arbeidet med å redde liv i trafikken. Det er den uavhengige europeiske trafikksikkerhetsorganisasjonen European Transport Safety Council (ETSC) som står bak prisen.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye