Samferdselsdepartementet

Samferdselsministeren møter næringsliv og interesseorganisasjonar – vil ha innspel til ny NTP

Del

5. november møter samferdselsminister Jon Georg Dale næringsliv og interesseorganisasjonar. Hovudformålet er å få innspel om korleis neste NTP kan bidra til å nå viktige mål i samferdselspolitikken – mellom anna knytt til auka verdiskaping, det grøne skiftet og transporttryggleik.

Foto: Olav Heggø
Foto: Olav Heggø

– Vi legg opp til brei involvering når vi skal utarbeide ny Nasjonal transportplan (NTP). I arbeidet framover med neste NTP skal vi finne løysingar som gjer oss mest mogleg samferdsel for pengane og som tener folk og næringsliv i heile landet godt. Rask og trygg transport gjer at vi kan ta heile landet i bruk. Vi veit også at transportsektoren må levere ein stor del av klima-løysingane Noreg har forplikta seg til. Eg ser difor fram til å møte representantar frå næringsliv og interesseorganisasjonar for å høyre kva dei meiner vil vere transportbehova i framtida og kva dei ser på som dei største utfordringane og mogelegheitene, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Invitasjonen til møtet er sendt til eit breitt utval av større organisasjonar innan mellom anna arbeids- og næringsliv, miljø og trafikktryggleik. Interessa for møtet er stor. Over 50 har meldt seg på til no.

PRIV. TIL RED.: Fleire detaljar: https://www.regjeringen.no/id2675738/

Nøkkelord

Bilder

Foto: Olav Heggø
Foto: Olav Heggø
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Foreslår 1,2 milliardar kroner til fylkeskommunane for å administrere fylkesvegane8.11.2019 11:45:00 CETPressemelding

- Vi legg no til rette for at fylkeskommunane skal lukkast når dei tek over administreringa av fylkesvegane frå Statens vegvesen 1. januar 2020. Regjeringa sitt forslag sikrar at fylka får pengar tilsvarande det Statens vegvesen har brukt på å utføra oppgåvene, rekna til om lag 1,2 milliardar kroner. I tillegg kan fylkeskommunane få utstyr frå Statens vegvesen, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom