Samferdselsministeren foreslår høgare fartsgrense på fleire strekningar
22.8.2019 10:01:59 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

Forslaga til nye fartsgrenser sendes i dag på høring frå vegvesenet. Endringane vil kunne tre i kraft i september.
– Vi vil gjere reisekvardagen til folk så enkel, sikker og effektiv som mogleg. For å få til dette har investeringar i nye vegprosjekt hatt høg prioritet dei siste åra, og standarden på vegane er heva for at transporten skal gå raskt, effektivt og sikkert. Då er det også naturleg å sjå på kva fartsgrense som er rett på dei ulike strekningane. Vi foreslår difor no å endre fartsgrensa på seks ulike strekningar rundt om i landet, seier Dale.
Endringane gjeld for følgande seks strekningar:
- E18 Østfold, Marker kommune: Ein strekning på 0,6 km blir skilta opp frå 70 km/t til 90 km/t, mens en annen strekning på 1,5 km blir skilta opp frå 70 km/t til 80 km/t.
- E136 Møre og Romsdal, Ålesund kommune: Ein strekning på 4,1 km blir skilta opp frå 70km/t til 80 km/t.
- Rv80 Nordland, Bodø kommune: Ein strekning på 1 km blir skilta opp frå 70 km/t til 80 km/t.
- E18 Vinterbro i Akershus til Østfold grense: Deler av strekninga blir skilta opp frå 70 km/t til 80 km/t.
- E16 Kløfta – Kongsvinger: Strekninga Kløfta – Nybakk blir skilta opp frå 90 km/t til 100 km/t, mens strekninga Slomarka – Kongsvinger blir skilta opp frå 90 km/t til 100 km/t.
- E6 i Gudbrandsdalen, Hundorptunellen og Teigkamptunellen: Det blir skilta opp frå 80 km/t til 90 km/t i tunellane.
Fartsgrenseendringane vil bli evaluert etter eitt og tre år. I evalueringa skal trafikktryggleiken vurderast, og det skal gis ein konkret vurdering av om fartsgrenseendringa har påverka samfunnsnytta.
Nøkkelord
Bilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Jannicke Hilland er ny styreleiar i Entur9.6.2026 14:56:35 CEST | Pressemelding
På dagens generalforsamling i Entur AS blei Jannicke Hilland vald som ny styreleiar i selskapet. Nestleiaren i styret, Leif Harald Jensen, og styremedlem Sverre Kristian Gjessing vart attvalde.
Ni av ti tog var i rute i mai og rekord i antall togreiser for andre år på rad3.6.2026 07:15:00 CEST | Pressemelding
Mai i år har vært ekstra skjønn for jernbanen med rekordhøy punktlighet, der 90 prosent av togene har vært i rute. For andre år på rad ble det også i 2025 satt ny rekord i antall togreiser.
Ny bru over rv. 70 ved Fale i Sunndal i Møre og Romsdal kan stå klar i 202822.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen inviterer i dag til konkurranse om å bygge ny bru over Driva ved Fale i Sunndal kommune.
Revidert nasjonalbudsjett 2026: Meir pengar til vedlikehald av riksvegane våre12.5.2026 12:01:09 CEST | Pressemelding
Regjeringa held fram med satsinga på vedlikehald av riksvegane, og foreslår å auke løyvinga til drift og vedlikehald med 603,3 millionar kroner. Med dette vil løyvinga auke til 12 milliardar kroner i 2026.
Revidert nasjonalbudsjett 2026: 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap12.5.2026 11:49:38 CEST | Pressemelding
Tryggleik for næringlivet er heilt sentralt i regjeringas plan for Noreg. Det gjeld også ved uføresette hendingar. Derfor foreslår regjeringa å løyve 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap. Pengane skal dekkje økonomiske tap etter kvikkleireskredet som ramma Nordlandsbanen ved Levanger i august i fjor.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
