Innovasjon Norge

Safari med sider i glaset får landbrukspris i Vestland!

Del

No treng du ikkje sjå utover landegrensene for å reise på safari, for i Hardanger har kreativiteten blomstra under pandemien og resultert i Sidersafari på Sørfjorden! Siderklynga i Hardanger har fått Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Vestland.

Leder for Innovasjon Norge Vestland Nina Brock Mathiesen, Leder for Siderklynga Kjetil Widding, Styreleder i Siderklynga Asbjørn Børsheim og Olav Bleie i Alde Sider AS.
Leder for Innovasjon Norge Vestland Nina Brock Mathiesen, Leder for Siderklynga Kjetil Widding, Styreleder i Siderklynga Asbjørn Børsheim og Olav Bleie i Alde Sider AS.

I Sørfjorden får du kortreist sider produsert på gardar som ligg perfekt til mellom høge fjell og djupe fjordarmar i Hardanger!

Hardanger siderprodusentlag vart skipa i 2003, og kun 3 produsentar hadde produksjonsløyve. I 2009 fekk Hardanger Siderprodusentlag godkjent den geografisk beskytta nemninga «Sider frå Hardanger», og i dag er det heile 21 siderprodusentar med profesjonelt siderløyve i Hardanger.

- Det er den heilskaplege satsinga som inkluderer natur, kultur, mat og drikke som gjer oss attraktive og denne tildelinga er ei flott verdsetjing av innsatsen me har gjort i lag og ei premiering av dei som evnar og har lyst å samarbeide, seier Kjetil Widding, ein særs overraska og glad leiar for Siderklynga i Hardanger.

Samarbeid

Siderklynga har utvikla og kommersialisert koplinga mellom gardsoppleving, transportselskap og lokale hotell. Hovudattraksjonen er båtsafari med besøk på gardsbruk med sidersmaking og servering av lokalmat. Reiselivsprodukta har slege godt an, trass i to høgsesongar med koronarestriksjonar.

Felles målsetjing og gode samarbeidsplattformer har vist seg å vere ein nøkkelfaktor for framtidig felles suksess og alle dei 21 produsentane er med i ei eller anna form med leveranse av sider, sidersmaking på båten, hotell og serveringstilbod.

- Ideen har heile tida vore at utviklinga og verdiskapinga innan sider vert større ved å samarbeide, enn ved at kvar aktør jobbar stykkevis og delt. Me lagar kaka større ved å satsa i fellesskap, seier Kjetil Widding, leiar for Siderklynga i Hardanger.

- Det som gjer meg stolt med satsinga her i Hardanger, er mangfaldet og tal aktørar som er med! Det er ikkje berre èin stor aktør, men heile 21 produsentar spreidd over heile Hardanger, fortsetter Widding.

- Me er særs takknemlege for prisen og er glad for at klyngearbeidet og samarbeidsstrukturen ber frukter, avslutter Widding.

Innovasjon

Historia fortel at epledyrking kom til Hardanger med munkar for rundt 800 år siden. Sider har vorte produsert på gardene sidan 1800-tallet. Siderbrygginga har altså lange tradisjonar i Hardanger.

Det har kome opp fleire nye konsept som har forsterka regionen si satsing på berekraftig reiseliv og vekst på tvers av næringar.

Siderklynga har utløyst samarbeid på tvers, forskingsprosjekt, reiselivsprodukt og bidreg til at medlemsmassen hjå produsentlaget veks.

Framover

Sidersafarien blir knytt saman av den moderne hybridbåten Vision of The Fjords langs Sørfjorden, og det store målet til klynga er å få produsert ein eigen siderbåt som går på hydrogen. Det blir jobba for at denne skal vere på plass i løpet av dei kommande 2-3 åra.

Nytt av året er også restauranten Siderhuset Ola K som ligg i sjøkanten på den vesle plassen Nå.

Framover har klynga planar om å delta i Sider-VM i Bergen neste år og bli tekne opp i klyngenettverket Arena.

Saman med Norsk Institutt for bioøkonomi (NIBIO) og vinprodusentar på Balkan skal dei gjennom eit EØS-prosjekt finne fram til dei eigenskapane ved sider frå Hardanger eller vin frå Balkan, som er typiske for produkta. Klynga jobbar med eit sensorisk testpanel i Hardanger som skal kunne vurdere og utvikle ein e-lærings plattform for produksjonsmiljøet, som NIBIO har ansvaret for.

Siderklyngeprosjektet har vore ein fasilitator for vekst og verdiskaping, og viser nytta av ein struktur der deling og samarbeid er ein sterk pådrivar for motivasjon og utvikling. Dei ser positivt på framtida og har sett seg mål å doble omsetninga i 2022, og visjonane stoppar ikkje der.

- Målsetjinga er at når du høyrer ordet Hardanger tenkjer du ikkje fyrst og fremst på fjord og fjell, men på sider, seier Olav Bleie i Alde Sider AS, som er ein av drivkreftene i siderklynga.

Juryens grunngjeving

- Siderklynga i Hardanger dreg saman og famnar mange i det breie arbeidet som gjev store ringverknader for siderprodusentane, reiselivet og mange andre aktørar i regionen. Klynga er i dag eit viktig kompetanse- og utviklingsmiljø, og siderproduksjonen i Hardanger hadde ikkje vore der den er i dag utan det konstruktive og fruktbare samarbeidet gjennom klynga, seier juryleiar og leiar for Innovasjon Norge Vestland Nina Brock Mathisen.

Klynga bidreg òg med å rekruttere folk til fråflytta fruktgardar i Hardanger, som er avgjerande for å oppretthalde folketalet i regionen. Det har ført til ein stor optimisme i fruktmiljøet, samt lokalsamfunna i Hardanger.

Økonomien til dei deltakande bedriftene er god og desse har teke grep og mange har kome styrka ut av pandemien ved å setje i gang innovative samarbeidsprosjekt, som sidersafari og gardsbesøk.

- Siderklynga i Hardanger scorar spesielt høgt når det gjeld nytenking og samarbeid på tvers av ulike næringar. Klynga har bidrege med kompetanse og optimisme for heile regionen i ei særs krevjande tid under koronapandemien, med eit tildels nedstengt samfunn, avsluttar Brock Mathisen.

---

Fakta om Bedriftsutviklingsprisen i landbruket

Innovasjon Norge deler hvert år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag fra Landbruks- og matdepartementet.

Det er en bedrifts- og næringsutviklingspris for de som har etablert en vellykket bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressurser.

Hvert år blir det kåret en vinner i hvert fylke som får 50 000 kroner.

De fylkesvise vinnerne kjemper deretter om den nasjonale prisen på 250 000 kroner. På grunn av koronapandemien er det usikkerhet om hvordan den nasjonale prisutdelingen vil foregå.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Leder for Innovasjon Norge Vestland Nina Brock Mathiesen, Leder for Siderklynga Kjetil Widding, Styreleder i Siderklynga Asbjørn Børsheim og Olav Bleie i Alde Sider AS.
Leder for Innovasjon Norge Vestland Nina Brock Mathiesen, Leder for Siderklynga Kjetil Widding, Styreleder i Siderklynga Asbjørn Børsheim og Olav Bleie i Alde Sider AS.
Last ned bilde
Leder for Innovasjon Norge Vestland Nina Brock Mathiesen, Leder for Siderklynga Kjetil Widding, Styreleder i Siderklynga Asbjørn Børsheim og Olav Bleie i Alde Sider AS.
Leder for Innovasjon Norge Vestland Nina Brock Mathiesen, Leder for Siderklynga Kjetil Widding, Styreleder i Siderklynga Asbjørn Børsheim og Olav Bleie i Alde Sider AS.
Last ned bilde
Edel sider. Foto: Yrjan Olsnes.
Edel sider. Foto: Yrjan Olsnes.
Last ned bilde
Edel sider. Foto: Yrjan Olsnes.
Edel sider. Foto: Yrjan Olsnes.
Last ned bilde
Foto: Vegard Breie.
Foto: Vegard Breie.
Last ned bilde
Foto: Øystein G. Haara
Foto: Øystein G. Haara
Last ned bilde
Foto: Øystein G. Haara
Foto: Øystein G. Haara
Last ned bilde
Foto: Øystein G. Haara
Foto: Øystein G. Haara
Last ned bilde
Foto: Øystein G. Haara
Foto: Øystein G. Haara
Last ned bilde
Foto: Øystein G. Haara
Foto: Øystein G. Haara
Last ned bilde
Foto: Øystein G. Haara
Foto: Øystein G. Haara
Last ned bilde
Foto: Øystein G. Haara
Foto: Øystein G. Haara
Last ned bilde

Lenker

Om Innovasjon Norge

Innovasjon Norge
Innovasjon Norge
Akersgata 13
0158 Oslo

22 00 25 00http://www.innovasjonnorge.no

Vi bidrar til nyskaping i næringslivet, bærekraftig vekst og eksport for konkurransedyktige norske bedrifter, og utvikling i distriktene. Vi profilerer norsk næringsliv og Norge som reisemål. 

Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom