Så mange medarbeidarar er vaksinerte på sjukehusa på Vestlandet
16.12.2021 14:07:51 CET | Helse Vest RHF | Pressemelding

– Det viser at sjukehusa jobbar godt og systematisk med å vaksinera alle medarbeidarane sine. Det gir tryggleik for både pasientane som skal behandlast på sjukehusa og medarbeidaranesjølv. Vaksinasjon er, som regjeringa og FHI har påpeika lenge, vegen ut av pandemien, seieradministrerande direktør i Helse Vest, Inger Cathrine Bryne.
Ferske tal frå Helse Vest viser at nær allemedarbeidarar på sjukehusa i Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger og Helse Bergen vaksinerer seg.
Over 40 prosent fått tredje dose
Over 32 700 medarbeidarar i sjukehusa i vest har fått første dose. Over 31 300 medarbeidarar har teke dose to, medan det til no er over 13 400 av medarbeidarane som også har fått den tredje dosa.Tala inkluderer ikkje berre faste tilsetja, men studentar, vikarar, avtalespesialistar og andre medarbeidarar som har eit aktivt stillingsforhold på sjukehusa. Det er og viktig å hugsa på at talet ikkje kan bli nøyaktig hundre prosent, for nokre medarbeidarar skal ikkje ta alle dosane - til dømes dei som allereie har vore smitta med korona.
– Kvar einasteein av dei over 30 000 medarbeidarane i Helse Vest er viktige for at pasientane skal få trygge og gode helsetenester. Derfor er det gledeleg å sjå at over 40 prosent av medarbeidaraneallereie har fått tredje dose, held Bryne fram.
I januar vil dei aller fleste medarbeidarane i Helse Vest truleg ha fått tredje dose. Grunnen til at det ikkje skjer før er at alle må ha eit intervall på fire og ein halv månad mellom andre og tredje dose.
Nøkkelord
Kontakter
Mirjam KlingenbergSenior kommunikasjonsrådgiver
Tel:95876839klimir@helse-vest.noBilder


Lenker
Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Nye tilleggsoppdrag til sjukehusa om beredskap og kortare ventetider18.9.2026 13:10:14 CEST | Pressemelding
Sjukehusa på Vestlandet skal førebu seg på krig og kriser. Dei skal også redusere ventetidene og gi pasientane raskare og meir samanhengande behandling. Det er blant dei nye oppdraga som Helse Vest RHF ga sjukehusa i september.
Nytt nasjonalt nettverk for radiologi: Vil redusere unødvendige røntgen- og MR-undersøkingar25.8.2026 12:27:34 CEST | Pressemelding
Nordmenn blir sende til røntgen, MR og CT, sjølv om undersøkingane ikkje gir nytte. No skal eit nytt nasjonalt nettverk og seks konkrete tiltak få ned overforbruk, redusere ventetider og sikre betre pasientbehandling.
Forskning som bidrar til bedre pasientbehandling1.6.2026 15:57:47 CEST | Pressemelding
Forskning i norske sykehus gir pasienter bedre, tryggere og mer skånsom behandling. Den nasjonale rapporten om forskning og innovasjon i spesialisthelsetjenesten viser hvordan klinisk forskning og digitale løsninger bidrar til raskere diagnostikk, likebehandling og tidligere tilgang til nye behandlingsmetoder.
Spesialisthelsetjenesten styrker beredskapen for krig22.5.2026 11:51:47 CEST | Pressemelding
Sykehusene og de regionale helseforetakene er forberedt på å møte nye krav til beredskap og krig.
Årets styringsdokument: Dette blir viktig for sjukehusa i vest i 202612.2.2026 10:18:57 CET | Pressemelding
Styrka beredskap, høgare fart i digitalisering, meir målretta bruk av ressursane, betre pasientforløp og å utvikle, behalde og rekruttere medarbeidarar. Det er alle tema som blir viktige for sjukehusa på vestlandet i 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
