Grep mot overforbruk av radiologiske tenester
Talet på radiologiske undersøkingar aukar i Noreg, og mange pasientar blir undersøkt utan at det er nødvendig. Ved å redusere berre ein type unødig undersøking, kan vi frigjere kapasiteten til 15 MR-maskinar på eitt år.

Bruken av biletdiagnostikk har auka kraftig dei siste åra, og det er store forskjellar mellom regionane. Mange undersøkingar gir lita nytte for pasienten. Det kan føre til unødig bekymring, overbehandling og lange ventelister.
– Vi må bruke ressursane klokt, og sørgje for at pasientane får undersøkingar som faktisk er nødvendige, seier Panchakulasingam Kandiah, assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF.
Frigjere kapasitet
Dei fire helseregionane Helse Sør-Øst, Helse Midt-Norge, Helse Vest og Helse Nord har samarbeidd om å finne gode løysingar, for å kutte ned på uønskt variasjon og overforbruk innan radiologi og laboratorium. Forslaga er samla i to grundige rapportar som blei leverte til Helse- og omsorgsdepartementet i mars 2025. Helse Vest RHF har leia dette arbeidet.
– Av dei årlege 160 000 MR-undersøkingane av rygg, vart 57 000, det vil seie 36 prosent, utførte utan at det var registrert spesifikke sjukdomsdiagnosar, verken før eller etter seks månaders oppfølging. Dette indikerer eit sannsynleg overforbruk, seier Kandiah.
Ved å redusere berre ein type unødvendig undersøking, kan vi frigjere kapasiteten til ein MR-maskin i 15 år, eller kapasiteten til 15 maskiner på eitt år.
Seks tiltak
Seks tiltak er prioriterte i arbeidet:
- opprette eitt nettverk for radiologi i Noreg
- lage betre styringsdata
- gjere undersøkingar tilgjengelege på tvers av sjukehus og private røntgeninstitutt
- utarbeide og oppdatere faglege retningslinjer
- forbetre tilvisingar til radiologi (VeRaNor) for primærhelsetenesta og sjukehusa, betre kommunikasjon mellom radiolog eller radiograf og tilviser
Tiltaka skal bidra til betre pasienttryggleik, mindre unødvendig bruk av helsetenester og meir rettferdig tilgang til undersøkingar – same kvar i landet du bur.
Nøkkelord
Kontakter
Jorunn Busk
jorunn.busk@helse-vest.noLenker
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Trusselvurdering 2025: Det digitale trusselbildet mot spesialisthelsetenesta6.5.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
I dag blir trusselvurderinga for spesialisthelsetenesta publisert. Trusselvurderinga belyser truslar knytt til utpressing, løysepengevirus, cyberspionasje, destruktive cyberangrep og sabotasje som kan ramme sjukehusa.
Mot ei grønare helseteneste14.4.2025 09:25:01 CEST | Pressemelding
– Ein viktig og god rapport som alle burde lese, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF om den nye rapporten for samfunnsansvar.
Positiv utvikling i ventetidene i Helse Vest9.4.2025 13:23:18 CEST | Pressemelding
Helseføretaka i Helse Vest gjer ein stor innsats for å redusere ventetidene, og førebelse tal for mars viser at gjennomsnittleg ventetid for ventande pasientar har gått betydeleg ned.
Nytt rammeverk for pasientsikkerheit14.3.2025 14:06:39 CET | Pressemelding
No er det nye rammeverket for pasientsikkerheit klart. Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest rosar arbeidet som medarbeidarar og leiarar gjer for pasientsikkerheit.
Helse Vest intensiverer innsatsen for å redusere ventetidene5.3.2025 15:36:26 CET | Pressemelding
Trass ei positiv utvikling og godt arbeid med å redusere ventetider i sjukehusa, er det framleis for mange pasientar som ventar for lenge på helsehjelp. No blir det sett i verk ekstraordinære tiltak for å nå måla i Ventetidsløftet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom