Samferdselsdepartementet

RNB 2023: Foreslår å auke løyvinga til tilskotsordning for kulturminne i jernbanesektoren med 2,5 millionar kroner

Del
– Jernbane handlar ikkje berre om transport. Jernbanen har vore ein del av vår kultur i over 150 år. Vern gjennom bruk er eit sentralt prinsipp i forvalting av kulturminne. Ein auke på 2,5 millionar kroner til Norsk jernbanemuseum kan bidra til å fasilitere for berekraftig bruk og bevaring, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Stortinget vedtok i desember 2022 å løyve 25 millionar kroner til tilskotsordninga for kulturminne i jernbanesektoren på statsbudsjettet for 2023.

Frivillige organisasjonar og historisk togmateriell

I revidert nasjonalbudsjett 2023 foreslår regjeringa å auke løyvinga med i alt 2,5 millionar kroner.

Av desse midlane er 2 millionar kroner sette av til driftsstøtte til frivillige landsdekkande organisasjonar og tiltak for betre varetaking av historisk togmateriell. Midlane blir tildelte ut ifrå ei prioritert rekkjeføljge i tiltakslista i Jernbanedirektoratets rapport Plan for historisk togmateriell (delprosjekt 2).

I tillegg er 0,5 millionar kroner foreslått for å kompensere for prisvekst.

Norsk jernbanemuseum på Hamar forvaltar tilskotsordninga for kulturminne i jernbanesektoren.

For fleire opplysningar – sjå: Jernbanedirektoratets rapport Plan for historisk togmateriell. Delprosjekt II

Nøkkelord

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye