Riksveg 13 i Hardanger kan bli stengd på kort varsel
– Statens vegvesen følgjer situasjonen tett og har låg terskel for å stenga vegen viss vi fryktar nye skred. Det betyr at folk bør ha dette i tankane når dei planlegg reiser i helga, seier byggeleiar Rolf Anders T. Svensson.
Vegstengning blir tidlegast aktuelt søndag, når det er venta meir regn.
Meir stein i fjellet
Tysdag morgon gjekk eit stort steinskred mellom Tyssedal og Stana, som førte til at fleire hundre kubikk stein fall ned i vegen og førte til skadar på vegen og på fangnettet. Vegen vart opna same kveld, og det er no fri ferdsel på strekninga.
Men det ligg framleis att fleire hundre kubikk stein nokon hundre meter opp i fjellsida.
– Det er stabilt no, men med store nedbørsmengder kan det komma eit skred. Meteorologane har varsla om auka nedbør frå sundag, og sterkare mandag. I tillegg til å følgja med vêrvarselet, etablerer vi fysiske observasjons- og lyttepostar ved Stanatunnelen og Okslatunnelen for å følgja situasjonen tett, seier Rolf Anders T. Svensson.
Trafikkinformasjon
Han oppfordrar folk til å følgja med på trafikkinformasjonen på 175.no. Viss vegen må stenge, vil det bli sett opp informasjonsskilt i Kinsarvik.
Statens vegvesen har tett samarbeid med Ullensvang kommune, naudetatane og transportselskap om beredskapen. Viss vegen skulle bli stengt i lengre tid, er det aktuelt å setja opp båtskyss.
Nytt fanggjerde
Skredet tysdag tok og med seg fanggjerdet som var sett opp for å sikra vegen. Statens vegvesen planlegg å setja opp eit nytt fanggjerde med større dimensjonar.
– Dette er ikkje hyllevare, så vi er avhengige av leveringstida. Men eg vonar at det kan vera på plass før seinhausten, seier Rolf Anders T. Svensson.
Nøkkelord
Kontakter
Rolf Anders Tønder SvenssonByggelederStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:48027103rolf.anders.tonder.svensson@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Bilder
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Stor interesse for ny vegdriftskontrakt i norddelen av Trøndelag25.11.2024 10:53:08 CET | Pressemelding
Totalt 6 entreprenører har meldt seg i konkurransen om å drifte riksvegene fra Åsen i Trøndelag til Nordland grense. Nå skal Statens vegvesen velge 3-4 som går videre til forhandlinger.
Opnar ny kollektivterminal på Flatøy22.11.2024 16:06:43 CET | Pressemelding
Tysdag 26. november kl. 13 opnar avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen E39 Kollektivknutepunkt og innfartsparkering på Flatøy.
Starter rivingen av E6 Sletta bru i kveld22.11.2024 11:11:44 CET | Pressemelding
Rivingen av E6 Sletta bru i Eidsvoll kommune starter i kveld fra klokken 21:00 og vil pågå kontinuerlig fram til søndag morgen. E6 må stenges mens brua rives.
Øving i Ryfylketunnelen, tovegstrafikk frå Solbakk22.11.2024 08:00:00 CET | Pressemelding
Torsdag 28. november skal Statens vegvesen og Rogaland brann og redning ha øving i Ryfylketunnelen (rv. 13).
No vert ny kollektivterminal tatt i bruk21.11.2024 07:16:23 CET | Pressemelding
Førstkomande måndag, 25. november, blir den nye kollektivterminalen på Flatøy tatt i bruk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom