Revidert nasjonalbudsjett 2020: Jernbane: Dampen haldast oppe i pågåande byggeprosjekt, men kostnadsauke får konsekvensar for andre store prosjekt

Regjeringa foreslår å løyve 826 millionar kroner ekstra til investeringar på jernbanenettet i statsbudsjettet 2020. Dette gjer at utbygginga kan halde fram som planlagt på Follobanen, Østfoldbanen og Vestfoldbanen.
Det er fleire årsaker til kostnadsaukane. På Follobanen er det mellom anna auka valutautgifter som følgje av svak kronekurs, entreprenør-konkurs og meir krevjande grunnforhold. På Vestfoldbanen kjem utgiftene til bygging av InterCity-strekningane Drammen-Kobbervikdalen og Nykirke-Barkåker tidlegare enn føresett. Dette gir høgare prosjektkostnader dei to første åra, men prognosen for kostnadane tilseier at begge prosjekta framleis held seg innanfor styringsramma.. Kostnadsauken på Østfoldbanen er hovudsakeleg eit resultat av stor aktivitet i leverandørmarknaden, som har gitt høgare prisar enn føresett i bygginga av Sandbukta–Moss–Såstad.
Siktar mot investeringsvedtak for Ringeriksbanen og E16 Høgkastet-Hønefoss om eitt år
Som følgje av kostnadsaukane på pågåande utbyggingsprosjekter foreslår regjeringa mellom anna å redusere løyvinga til planlegging av fellesprosjektet Ringeriksbanen E16 Høgkastet-Hønefoss med 278 millionar kroner til 250 millionar kroner. Det inneber at det blir brukt mindre ressursar til grunnerverv og arkeologiske utgravingar i år, enn opphavleg planlagt. Sjølv med mindre planlegging i år, kjem regjeringa framleis til arbeide for å leggje fram forslag til investeringsvedtak for Stortinget i 2021
Bygging av Kleverud-Sørli blir utsett – planlegging av Sørli-Åkersvika held fram
Ein annan konsekvens av kostnadsaukane er at det korkje i år eller neste år vil vere rom på statsbudsjettet til å starte anleggsarbeida på InterCity-strekninga Kleverud-Sørli på Dovrebanen. Opphaveleg var det løyvd 180 millionar kroner til å starte bygging i år, medan behovet for løyving i 2021 var utrekna til å vere om lag 510 millionar kroner.
Planlegging av siste del av InterCity strekninga mot Hamar på Dovrebanen, Sørli – Åkersvika vil halde fram som tidlegare føresett.
- Bane NOR måtte tidlegare i år avlyse konkurransar om bygging av Kleverud-Sørli som følgje av koronautbrotet. Sjølv utan å omprioritere pengar frå dette prosjektet i år, ville den forseinka konkurranserunden uansett ført til at det ikkje ville blitt mogleg med anleggsstart i år, slik planen opphaveleg var. Vi skal byggje ut både Kleverud-Sørli og Sørli-Åkervika. Vi kjem tilbake til dette i statsbudsjettet for 2022. Fram til då vil vi sjølvsagt òg vurdere om det er meir føremålstenleg å byggje ut Kleverud-Sørli-Åkersvika som eitt prosjekt, seier samferdselsministeren.
For fleire opplysningar – sjå:
Nøkkelord
Bilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Bompengebrikker: Endrer regelverket for å sikre bedre AutoPASS-avtaler for brukerne7.11.2025 14:05:00 CET | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har vedtatt en endring av utstederforskriften. Endringen presiserer at brukeren skal tilbys en avtale der gebyr for bompengebrikke kun dekker kostnaden utstederselskapene har hatt til å kjøpe brikken og sende den til brukeren. Kravet vil gjelde for utstederselskap med en vesentlig markedsandel i Norge.
Høring: Ny postlov skal sikre trygge og fremtidsrettede posttjenester7.11.2025 09:02:40 CET | Pressemelding
– Vi får stadig færre brev i posten og stadig færre papiraviser blir levert. Samtidig sendes det mange flere pakker. Regjeringen vil sørge for at folk i hele landet fortsatt får gode og forutsigbare posttjenester og foreslår nå endringer i postloven. Det vil være postombæring en dag i uken sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Første spadestikk på E39 Veibustkrysset i Møre og Romsdal3.11.2025 13:30:00 CET | Pressemelding
E39 Veibustkrysset har vore eit ulykkesutsett kryss, og har lenge vore ein flaskehals for trafikken av og på E39. No skal vegen blir tryggare og få betre framkome. Måndag 3. november sette statssekretær Tom Kalsås det første spadestikket for utbetringar av vegen.
Samferdselsministeren vil fjerne flaskehals for å gi bedre togtilbud i Oslo31.10.2025 11:03:12 CET | Pressemelding
Jernbaneprosjektet i Brynsbakken i Oslo vil gi store gevinster som et bedre togtilbud og færre forsinkelser. Nå har regjeringen besluttet den videre prosessen for planlegging av prosjektet.
Skal leie fire lokomotiver til Nordlandsbanen: Samferdselsministeren er glad for at de reisende får togtilbudet tilbake28.10.2025 13:22:26 CET | Pressemelding
Norske tog AS har nå signert avtale med Grenland Rail om leie av fire diesellokomotiver som SJ Norge skal bruke på Nordlandsbanen. Det første av lokomotivene er allerede under ombygging i Oslo.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
