Reklameinntektene i media fall med nær éin milliard kroner i pandemiåret 2020

Totalt omsette avisene og kringkastarane, inkludert NRK, for 26 milliardar kroner i 2020. Det er ein nedgang på 1,1, milliardar kroner, eller 4,1 prosent, frå året før. Sjølv om media reduserte kostnadene med nesten éin milliard kroner, var det altså ikkje nok til å vege opp for inntektstapet. Det samla driftsresultatet enda på 1,6 milliardar kroner i 2020, ein nedgang på 88 millionar kroner, eller fem prosent frå 2019.
Reklameinntektene i media har falle med 40 prosent på åtte år
Da Noreg stengde ned i mars 2020 på grunn av koronapandemien, var det svært vanskeleg å føresjå kor hardt media kom til å bli ramma.
– Mange medieverksemder opplevde med ein gong eit raskt og bratt fall i annonseinntektene, og ein del måtte også permittere tilsette. Heldigvis betra utviklinga seg utover året, seier Velsand.
Sjølv om pandemien har påverka reklamemarknaden, har nedgangen føregått over lang tid. Dei totale annonseinntektene i media var på sitt høgaste i 2013. På dei åtte åra som er gått fram til 2020, har inntektsfallet vore på 38 prosent. Det betyr at inntektene i media frå reklamemarknaden er reduserte frå 12,2 til 7,6 milliardar kroner i denne perioden. Dei siste fem åra har norske aviser tapt over 29 prosent av reklameinntektene.
Facebook og Google fortset å ta marknadsandelar frå norske medium
Ei viktig årsak til fallet i annonseinntektene for dei norske redaktørstyrte media er den sterke posisjonen Facebook og Google har opparbeidd seg. Sidan 2016 har dei to globale aktørane auka marknadsandelen sin i den norske marknaden med 18 prosentpoeng, mens andelen til avisene har falle like mykje i den same perioden. Med utgangspunkt i anslag frå mediebyrå og bransjeorganisasjonar har Medietilsynet berekna at Facebook og Google til saman hadde ein marknadsandel på 35 prosent i 2020, mens avisene hadde ein marknadsandel på 18 prosent.
Brukarinntektene (inntektene media får frå abonnement på aviser, kanalpakker og strøymetenester) har auka dei siste åra, men i fjor fall også desse inntektene noko. Desse inntektene har vore dei største inntektskjeldene for avisene sidan 2015, og tilsvarande for heile mediebransjen frå 2017.
– Vi ser ein aukande betalingsvilje for digitale nyheiter, og det er positivt. Samtidig er det ingen tvil om at konkurransen frå dei globale aktørane i annonsemarknaden er ei betydeleg utfordring for driftsøkonomien i norske redaktørstyrte medium, seier Velsand.
Les heile rapporten om den økonomiske utviklinga i media for perioden 2016–2020 her
Økonomien i media i 2020
- Medieverksemdene stod for knapt éin prosent av BNP for Fastlands-Noreg i 2020. Omsetninga var på til saman 26 milliardar kroner, ein nedgang på 1,1 milliardar kroner eller 4,1 prosent frå 2019.
- I 2020 utgjorde driftsinntektene til avisene 11,7 milliardar kroner, til private kringkastarar 8,3 milliardar kroner og til NRK 5,9 milliardar kroner.
- Brukarinntektene var på 11,4 milliardar kroner i 2020, ned 1,3 prosent frå 2019. Brukarinntektene blir stadig viktigare, i 2020 utgjer dei 56,9 prosent av driftsinntektene, opp frå 54,9 prosent i 2019.
- Reklameinntektene utgjorde om lag 7,6 milliardar kroner i 2020, ned 954 millionar kroner eller 11,2 prosent mindre enn året før. Både kringkastarar og aviser hadde lågare reklameinntekter i 2020 enn i 2019.
- I 2020 var driftsresultatet til mediebransjen samla sett 1,6 milliardar kroner (medrekna statlege tilskott på 625 millionar kroner), 88 millionar kroner eller 5,2 prosent lågare enn året før. For bransjen sett under eitt var driftsmarginen 8,7 prosent i 2020, det same som i 2019.
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
TV 2 får gebyr for brot på sponseregelverket12.12.2025 07:51:30 CET | Pressemelding
Medietilsynet gir TV 2 gebyr på 300 000 kroner for brot på sponsereglane under sommarens Tour de France. Sponsorplakatane i sendingane hadde for lang varigheit.
X får 1,4 milliarder kroner i bot av EU – viktig for brukernes sikkerhet, sier Medietilsynet11.12.2025 12:31:32 CET | Pressemelding
EU-kommisjonen bøtelegger X med 120 millioner euro, drøyt 1,4 milliarder kroner, for alvorlige brudd på Digital Services Act, DSA.
Medietilsynet foreslår endringer i mediestøtten19.11.2025 13:22:08 CET | Pressemelding
Flere endringer foreslås for å gjøre de direkte mediestøtteordningene mer treffsikre og forutsigbare.
Medietilsynet: DSA vil styrke brukernes rettigheter overfor sosiale medier-plattformene17.11.2025 06:50:00 CET | Pressemelding
Medietilsynet støtter regjeringens forslag om å innføre forordningen for digitale tjenester i norsk lov, og oppfordrer til å legge vekt på utfordringer på sosiale medier.
TV 2 får advarsel av Medietilsynet14.11.2025 06:50:00 CET | Pressemelding
Medietilsynet har gitt TV 2 advarsel etter flere brudd på reglene om aldersgrenser i bildeprogramloven. Tilsynet fant regelbrudd på programseriene Fighter og Norge bak fasaden.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
