Samferdselsdepartementet

Regjeringa styrkar prinsippet om at forureinar skal betale

Del
Regjeringa foreslår ei lovendring som byggjer opp under prinsippet om at forureinar skal dekkje alle kostnadar ved forureining. Dersom forureinar ikkje set i gang tiltak forureiningsmyndigheta har pålagt dei, kan myndigheita setje i gang tiltak sjølv. Myndigheita kan i dei tilfella krevje inn kostnadene frå forureinar i etterkant. Med lovendringa kan myndigheita i tillegg krevje renter for heile perioden, også i perioden før det kan krevjast forseinkingsrente – såkalla avsavnsrente.
Foto: Klima- og miljødepartementet og Samferdselsdepartementet
Foto: Klima- og miljødepartementet og Samferdselsdepartementet

Lovendringa blei lagt fram i ein proposisjon for Stortinget i dag.

- Det er eit internasjonalt grunnleggande prinsipp at ansvarleg forureinar skal betale og at skadelidne skal få full erstatning. Det er derfor viktig at forureiningsmyndigheita får dekt alle sine kostnadar dersom dei har satt i verk tiltak på vegne av nokon som har forureina. Det er ikkje offentlegheitas ansvar å dekkje desse kostnadane. Etablering av ein lovheimel om avsavnsrente vil auke forureiningsmyndigheitas moglegheit for å få dekka kostnadane, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Avsavnsrenta skal dekkje tapet forureiningsmyndigheita har hatt ved å ikkje kunne disponere over pengar dei har krav på.

Lovendringa foreslår at pengemarknadsrenta tillagt fire prosentpoeng skal nyttast som rentesats ved berekning av avsavnsrente. Endringa er ein del av forureiningslova § 76.

Les regjeringas forslag om endring i forureiningslova (Prop. 87 L (2020/2021).

Nøkkelord

Bilder

Foto: Klima- og miljødepartementet og Samferdselsdepartementet
Foto: Klima- og miljødepartementet og Samferdselsdepartementet
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye