Regjeringa gjer 15 ekstra studieplassar i medisin til UiT

– Me gjer dette for å styrke Norge i nord. Me vil sikre at me har dei legane vi treng, både her og i heile landet, seier Borten Moe.
Han framheva rolla UiT historisk har spelt for landsdelen, kor tilgang til utdanning og fagkapasitet har mykje å sei for at det skal bu folk i Nord-Noreg.
– Med dei utfordingane me har, som til dømes klimaendringar, kjem me ikkje utanom at me treng fleire folk med høg utdanning i Noreg, seier statsråden.
Større fotavtrykk i nord
– Me satsar i nord, for her merkar dei hardast det vi kan sjå i heile Noreg: det er vanskeleg å skaffe nok hender, både på sjukehusa og i primærhelsetenesta. Det er også viktig for regjeringa at me får et større fotavtrykk i den nordlege landsdelen og på Svalbard, og utdanningssektoren er sentral i den oppgåva. Dette er et første skritt, seier han.
Rektor Dag Rune Olsen ved UiT Noregs arktiske universitet er glad for dei ekstra plassane og signala frå regjeringa om at UiT er viktig, både i sektoren og i landsdelen.
– Dette set oss i enda betre stand til å gjere oppdraget vårt; å skaffe kunnskap og kompetanse til landsdelen – som jo var bakgrunnen for at universitetet vart etablert i si tid, seier han.
Hvis du vil se dette innholdet fra uit.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.Ola Borten Moe og Dag Rune Olsen diskuterer mellom stoppa. Foto: Trude Haugset Moe
Utdanna i nord, vert verande i nord
Dei ekstra studieplassane gjer at UiT no skal utdanne rundt 150 legar i året frå og med neste haust. Rektor trur at viss folk vert utdanna Nord-Noreg, er det ein større sjanse for at dei får jobb i nord og vert buande.
– Det gjer jo at det er ekstra effektivt å utdanne legar hos oss, viss me skal auke dekninga i Nord-Noreg. Med så mange campus og ei utdanning kor studentane må ut i praksis, vert studentane kjent med andre byar, lokalsamfunn og arbeidsplassar. Me tar heile landsdelen i bruk, og gjer dei et godt grunnlag for å ikkje dra sørover.
Hvis du vil se dette innholdet fra uit.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.Cecilie Myrseth og Dag Rune Olsen. Foto: Jørn Berger Nyvoll
Cecile Myrseth, stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet i Troms, var med statsråden til Tromsø. Ho meiner at viss me skal lykkes i nord må vi også lykkes på UiT.
– UiT er eit av dei viktigaste nordområdetiltaka Noreg har gjort. Me har store ambisjonar for landsdelen, og då må me ha mykje folk. Der vert UiT sentral. UiT har ti ulike campus, og det gjer at me drar med oss heile landsdelen, seier Myrseth.
Skyhøge forventingar
Rektor nytta også høvet til å vise kor mykje av regjeringas plattform UiT bør dra nytte av. Regjeringa har signalisert at dei vil fjerna det såkalla ABE-kuttet og styrka fleircampusmodellen. Satsinga på romfart bør og involvera UiT.
– Me har skyhøge forventingar, seier Olsen.
Statsråden med ansvar for UiTs budsjett lova ikkje meir enn han allereie hadde gjort, men seier han og har høge forventningar til budsjetta.
– Og så har eg høge forventningar til kva Olsen og resten av sektoren skal levera. Der vert det ein dialog framover, seier Borten Moe.
Forsking- og høgre utdanningsministeren trefte også studentpolitikarar, og fekk høyre om framtidas fleksible lærarutdanning, også kalla Alta-modellen, i den digitale framtidssmia. Mot slutten av besøket fekk han og sjå simulatorsenteret på UiT i Tromsø.
Nøkkelord
Kontakter
Kjetil RydlandKommunikasjonsrådgiverUiT Norges arktiske universitet
Tel:95176509kjetil.rydland@uit.noBilder
Om UiT Norges arktiske universitet
Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
UiT-forskere får 4 millioner euro til banebrytende hjerteforskning23.10.2025 14:18:59 CEST | Pressemelding
Prosjektet HeartVision, ledet av UiT-forskerne Krishna Agarwal og Åsa Birna Birgisdottir, er tildelt fire millioner euro gjennom EIC Pathfinder – EUs flaggskipprogram for forskning på banebrytende teknologi.
7 nye leiarar til UiT15.10.2025 13:31:07 CEST | Pressemelding
Styret ved UiT Norergs arktiske universitet bestemde i dag kven som skal få tilbod om ei rekkje leiarstillingar ved UiT.
Skal lage en plan for et nasjonalt kompetansesenter15.10.2025 10:59:03 CEST | Pressemelding
Nå skal et nasjonalt kompetansesenter om fornorskningspolitikk og urett bli konkret. Regjeringen gir UiT Norges arktiske universitet et oppdrag med å lage en plan for senteret, i tett dialog med samiske, kvenske og skogfinske miljø.
Statsbudsjettet styrker UiTs rolle som kunnskapsleverandør i nordområdene15.10.2025 10:58:03 CEST | Pressemelding
Regjeringen vil ha mer klimaovervåking, polarforskning og tilstedeværelse i nord, og UiT får en nøkkelrolle for flere nasjonale satsinger.
UiT-forskning løftast fram på Island13.10.2025 13:14:36 CEST | Pressemelding
Under debattane på konferansen The Arctic Circle Assembly blir det lagt fokus på kva for nokre strategiske vegval vi står overfor i Arktis. Der skal også UiTs forsking på tryggleik, klima og miljø løftast fram.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom





