Samferdselsdepartementet

Regjeringa gjeninnfører forenkla førelegg for brot på fartsgrenser til sjøs

Del

Ved innføringa av ny havne- og farvannslov kunne brot på fartsgrenser til sjøs ikkje straffast med forenkla førelegg. No føreslår Samferdselsdepartementet igjen å innføre denne moglegheita for politiet.

- Gjeninnføringa av forenkla førelegg gjer det enklare å handheve brota for politiet, og bidreg forhåpentlegvis til at fleire held fartsgrensa, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. Foto: Tor Livius Midtbø/SD

- Trafikktryggleik til sjøs er like viktig som til lands. Difor har vi no jobba for igjen å innføre forenkla førelegg for brot på fartsgrenser til sjøs. Det gjer det enklare å handheve brota for politiet, og bidreg forhåpentlegvis til at fleire held fartsgrensa, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Samferdselsdepartementet fremjar i dag fleire føreslag til endringar i havne- og farvannsloven. Å gjeninnføre forenkla førelegg for brot på fartsgrenser er eitt av dei. I tillegg er det ønskeleg å klargjere heimelen for statleg tilsyn med kommunen sin innkrevjing av farvassavgift og å gje departementet heimel til å gi føresegn om vrakfjerning. Det er òg føreslag om enkelte mindre endringar samt språklege justeringar i nokre føresegner.

For meir informasjon, sjå:

- Prop. 30 L (2020-2021) Endringer i havne- og farvannsloven mv. (håndheving av fartsovertredelser mv.)

Nøkkelord

Bilder

- Gjeninnføringa av forenkla førelegg gjer det enklare å handheve brota for politiet, og bidreg forhåpentlegvis til at fleire held fartsgrensa, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. Foto: Tor Livius Midtbø/SD
- Gjeninnføringa av forenkla førelegg gjer det enklare å handheve brota for politiet, og bidreg forhåpentlegvis til at fleire held fartsgrensa, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. Foto: Tor Livius Midtbø/SD
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Regjeringen vil øke bevilgningen til flyrutekjøp med 1000 millioner kroner10.11.2020 11:45:00 CETPressemelding

– Luftfarten er fortsatt i en vanskelig situasjon som følge av pandemien. Dette medfører at det også i 2021 kan være behov for økt flyrutekjøp og støtte til de ordinære kjøpsrutene. Det er viktig å sikre et godt flyrutetilbud i hele landet også til neste år, derfor foreslår vi å øke bevilgningen til flyrutekjøp utover det vi har foreslått i statsbudsjettet for 2021, sier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Mellombels tilskotsordning for kommersielle buss- og passasjerbåtruter blir forlenga6.11.2020 14:38:43 CETPressemelding

- Vi ser at ekspressbussane framleis har vanskelege driftsvilkår under covid-19-pandemien. Det er difor viktig for oss å forlenge tilskotsordninga for kommersielle ruter. Dette gjer det mogleg å oppretthalde eit tilfredsstillande rutetilbod, noko som kan vere viktig for pendlarar som ikkje har andre gode reisealternativ til og frå samfunnskritiske jobbar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom