Regjeringa foreslår auka løyving til koronaråka kollektivtrafikk

–Tomme sete på bussar, ferjer og trikkar er eit uttrykk for kor hardt råka kollektivtrafikken er av tiltaka mot pandemien. Trass i endra reisebehov så treng framleis mange eit påliteleg kollektivtilbod, mellom anna for å ta seg fram til jobb og skule. Det følgjer regjeringa no opp, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
– Reduserte billettinntekter og færre passasjerar gjer situasjonen for mange fylkeskommunar utfordrande. I unormale tider er det viktig at kritisk transporttilbod går som normalt. Difor foreslår regjeringa å auke kompensasjonen for tapte inntekter for fylkeskommunane med om lag 1,5 milliardar kroner, seier Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.
I statsbudsjettet for 2021 er det løyva 1,25 milliardar kroner retta mot kollektivtransporten. I samband med revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa i tillegg å auke løyvinga med om lag 1,5 milliardar kroner til fylkeskommunal kollektivtransport. Dette vil gi fylkeskommunane handlingsrom til å halda oppe kollektivtilbodet i andre halvår av 2021
Viss Stortinget sluttar seg til forslaget frå regjeringa, kan fylkeskommunane i 2021 få om lag 2,75 milliardar kroner til den fylkeskommunale kollektivtransporten. I tillegg er det frå før av i 2021 løyvd 950 millionar kroner i skjønnstilskot til fylkeskommunane. Desse er ikkje delte ut enno.
Pandemien har ikkje stansa kollektivtrafikken
Regjeringa har stilt opp for kommunesektoren under heile pandemien. Fram til no har fylkeskommunane fått utbetalt over 5 milliardar kroner i kompensasjon for tapte billettinntekter. Som ein konsekvens av dette har det heller ikkje vore nemneverdige rutekutt i fylkeskommunal kollektivtransport under pandemien. Det er uvisst kor lenge det vil vere behov for ekstra midlar til å dekke tapte billettinntekter. Det fylkeskommunale kollektivtilbodet består av buss, fylkesvegferjer, snøggbåtar, T-bane, bybane og trikk.
Meir i tilskot til ekspressbussar og båtruter
Virussituasjonen og smitteverntiltaka førar til ein usikkerheit rundt inntektsgrunnlaget hos ekspressbussnæringa og dei som operer båtruter. Difor foreslår regjeringa å auke løyvinga med 27,7 millionar kroner for å vidareføre tilskotsordninga mot siste halvdel av året. Frå før er det løyvd 100 millionar kroner til ordninga i 2021.
– Ein viktig del av transporttilbodet til folk blir borte når kommersielle ekspressbussar står stille. Difor er eg glad for at vi kan auka løyvinga, slik at sjåførar og operatørar kan halde fram med å gjere det dei er gode på når kvardagen gradvis kjem tilbake att. Nemleg å transportere folk på ein effektiv og trygg måte til ulike destinasjonar. Enten det er på fjellet, langs fjordane, frå bygd til by og mellom byar, seier Hareide.
Faktaboks:
- På Avinors lufthamner falt talet på passasjerar med 91 prosent frå april 2019 til april 2020.
- Buss, båt, trikk, t-bane og tog. Alle transportformer i kollektivtransporten hadde ein stor reduksjon i passasjerar.
- Om lag 55 prosent færre tok kollektivt i andre kvartal av 2020 samanlikna med 2019. Nedgangen var størst for jernbanen, med 60 prosent færre passasjerar.
Kjelde: Nasjonal transportplan 2022–2033.
For meir info sjå: Revidert nasjonalbudsjett 2021 - regjeringen.no
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noBilder


Lenker
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Vil etablere et nasjonalt kjøreseddelregister22.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Statens vegvesen og Politidirektoratet har, på oppdrag fra Samferdselsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, utredet muligheten for å etablere et nasjonalt kjøreseddelregister.
Fortsetter arbeidet mot sosial dumping: Krav om kjøre- og hviletid og fartsskriver for varebiler18.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Regjeringen følger opp handlingsplanen mot sosial dumping i transportsektoren og vil innføre nye krav for nasjonal godstransport med varebiler fra 2,5 til 3,5 tonn. Fra 1. juli 2026, foreslår regjeringen at det blir krav om både kjøre- og hviletid og fartsskriver.
Nå kan utvalgte vogntog frakte mer16.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
I dag kan lastebiler med slepvogn med seks eller sju aksler kjøre med en totalvekt på 50 tonn. Fra og med 1. februar 2026, økes totalvekten til 56, 55 og 54 tonn avhengig av antall aksler i vogntoget og om det er en elektrisk lastebil, eller om den går på biogass eller fossilt drivstoff.
Siste del av E6 Helgeland opna i dag – samla reisetid redusert med 40 minutt10.12.2025 15:04:52 CET | Pressemelding
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran opna i dag E6-strekninga mellom Svenningelv og Lien i Grane kommune, siste del av E6 Helgeland.
Samferdselsministeren jobber med tiltak for å redusere ulykkene på elsparkesykler2.12.2025 06:12:39 CET | Pressemelding
Antallet skader etter ulykker med elsparkesykkel i Oslo er nesten doblet sammenlignet med i fjor. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård er bekymret for utviklingen og varsler at han jobber med konkrete tiltak.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
