Samferdselsdepartementet

Regjeringa fjernar bompengane i Vågstrandstunnelen

Del
- Regjeringa jobbar for ei enklare og betre reisekvardag for folk flest. Difor er det ei stor glede å fjerne bompengane i Vågstrandstunnelen i Møre og Romsdal. Regjeringa løyver 175 millionar kroner for å slette deler av bompengegjelda, slik at det ikkje kostar pengar å køyre gjennom tunnelen. Dette kjem både vanlige folk og næringsliv til gode, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
No slettar vi deler av gjelda, slik at det ikkje kostar pengar å køyre gjennom Vågstrandstunnelen i Møre og Romsdal, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Illustrasjonsfoto frå fjerninga av bompenginnkrevjinga på fv. 17 Tverlandet - Godøynes. Foto: Henrik Jonassen/SD

Samferdselsdepartementet legg opp til at slettinga av bompengegjelda skal gjerast innan 31. januar 2020.

- Vi har satt av pengane. No ventar vi på tilbakemelding frå Eksportvegen AS og vedtak om tilslutning frå Møre og Romsdal fylkeskommune som er lånegarantist. Så snart dette er på plass stoppar innkrevjinga av bompengar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Som ein del av regjeringspartias bompengeavtale blir det i 2020 løyva 1,4 milliardar kroner til å redusere bompengetakstar utanfor byområda. Dette er ei auke på om lag 870 millionar kroner frå 2019. 175 millionar kroner av desse midlane går altså no til Vågstrandstunnelen.

Vedlagt er brevet frå Statens vegvesen til Eksportvegen AS.

Bilder

No slettar vi deler av gjelda, slik at det ikkje kostar pengar å køyre gjennom Vågstrandstunnelen i Møre og Romsdal, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Illustrasjonsfoto frå fjerninga av bompenginnkrevjinga på fv. 17 Tverlandet - Godøynes. Foto: Henrik Jonassen/SD
No slettar vi deler av gjelda, slik at det ikkje kostar pengar å køyre gjennom Vågstrandstunnelen i Møre og Romsdal, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Illustrasjonsfoto frå fjerninga av bompenginnkrevjinga på fv. 17 Tverlandet - Godøynes. Foto: Henrik Jonassen/SD
Last ned bilde

Dokumenter

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye