Rebekka Borsch utnemnd til ny styreleiar i Bjerknessenteret
Rebekka Borsch er utnemnd til ny styreleiar i Bjerknessenteret for klimaforskning. Dette vart gjort i styremøte ved Universitetet i Bergen den 9. mars.
– Det er ei veldig stor glede og ære å bli spurt. Eg har ei fortid i Miljødirektoratet og har markert meg som politikar på klima og miljø, så dette er viktig for meg, seier Borsch, som trekker fram to hovudpunkt for si rolle som styreleiar.
– Å skape ei samspelsflate med samfunnet rundt og næringslivet blir vesentleg, der ynskjer eg å kome med gode innspel og eit strategisk blikk. Å sikre bærekraft for finansiering og organiseringa av Bjerknes blir også sentralt, bakteppet slik vi ser no er krevjande for heile forskings-Noreg. Å gå i god dialog med styret og ansatte om dette blir viktig.
Borsch tek over for Arvid Hallén som har vore styreleiar sidan 2017.
Brei kompetanse og strategisk blikk
Ho er leiar for UNESCO-kommisjonen i Noreg, og avdelingsdirektør for Kompetanse og Innovasjon i NHO. Ho var statssekretær for Iselin Nybø i Kunnskapsdepartementet, og har tidlegare hatt fleire roller nasjonalt og lokalt i partiet Venstre. Ho er fødd i Tyskland, har vore norsk statsborgar sidan 2011, og er utdanna statsvitar og journalist frå Freie Universität Berlin.
– Alle i familien min i Tyskland er starstruck. Ekspertisen hos Bjerknessenteret er globalt anerkjend, og det er spesielt spennande fordi det er så interdisiplinært. Eg skal ikkje meine så mykje om akkurat korleis klimaforskinga blir betre, den ekspertisen sitter i styret ellers og hos dei ansatte, seier Borsch.
– Rebekka Borsch har ei kompetanse og eit strategisk blikk som er svært verdifullt for Bjerknessenteret. Vi gler oss til å samarbeide med ho, seier direktør Kikki Kleiven.
Bjerknessenteret består av nærare 260 forskarar frå senterets fire partnerorganisasjonar, UiB, NORCE, Havforskningsinstituttet og Nansensenteret. Styret til Bjerknessenteret skal i tillegg til ein leiar bestå av medlem frå kvar dei fire partnarane.
I same møte vart Trond Dokken vart oppnemnd som nytt styremedlem for NORCE, og tek over for Stephanie Mayer som han har vore varamedlem for. Anette Samuelsen og Øyvind Paasche er nye varamedlem for henhaldsvis Nansensenteret og NORCE. Sjå heile det nye styret i faktaboks til høgre.
Nøkkelord
Kontakter
Gudrun SylteKommunikasjonslederBjerknessenteret for klimaforskning
Tel:40856457gudrun.sylte@uib.noBilder
Om Bjerknessenteret for klimaforskning
Følg pressemeldinger fra Bjerknessenteret for klimaforskning
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Bjerknessenteret for klimaforskning på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Bjerknessenteret for klimaforskning
To grunner til at det blir ekstremt vått på Vestlandet i dag31.10.2024 11:17:27 CET | Pressemelding
Uværet “Jakob” skyldes en såkalt atmosfærisk elv som strømmer mot Vestlandskysten. Det er spesielt to ting som fører til at dette været blir så heftig.
Is i endring - ung is rekker ikke å bli gammel30.9.2024 08:39:00 CEST | Pressemelding
Ung sjøis sprekker lettere enn gammel is. Den tynne, nylig dannede isen har ikke hatt tid til å bli tykk og solid, og derfor er den mer sårbar for krefter som vind og strømninger. Dette fører til at store isflater oftere enn før går i oppløsning og brytes opp.
Leker gjemsel med CO223.9.2024 16:11:24 CEST | Pressemelding
Skal vi vite om utslippsavtaler følges, må vi kunne spore CO2. Surr i regnskapet sendte forskere på leting i Grønlandshavet.
Marin hetebølge utenfor norskekysten26.5.2024 10:00:00 CEST | Pressemelding
Det har vært uvanlig varmt de siste ukene, og det er ikke bare på land at det varmes opp. Siden midten av mai har det utviklet seg en marin hetebølge utenfor kysten av Sør-Norge.
Tundra kan gå frå karbonsluk til karbonkjelde20.4.2024 07:00:00 CEST | Aktuelt
Eit eksperiment utført over store deler av Arktis og fjellområde, viser at tundraen i snitt slepper ut 30 prosent meir karbondioksid når temperaturen stig med 1,4 °C, noko som tilsvarer tjue års oppvarming. Resultatet kjem fram i ei stor samlestudie nyleg publisert i Nature.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom