Helse Vest RHF

Psykisk helse: Kvalitetspris til tenester for barn og unge

Del

Liv Kleve og Irene Elgen ved Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) ved Haukeland universitetssjukehus får begge Helse Vest sin kvalitetspris for 2022.

Frå venstre: Viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Clara Gjesdal,  prisvinnar og klinikkdirektør Liv Kleve, seksjonsoverlege, prosjektleiar og prisvinnar Irene Elgen og Hans Olav Instefjord, divisjonsdirektør (alle frå Helse Bergen). Foto: Per Marifjæren.
Frå venstre: Viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Clara Gjesdal, prisvinnar og klinikkdirektør Liv Kleve, seksjonsoverlege, prosjektleiar og prisvinnar Irene Elgen og Hans Olav Instefjord, divisjonsdirektør (alle frå Helse Bergen). Foto: Per Marifjæren.

Prisen blei delt ut på årets Kvalitets- og registerkonferanse i Helse Vest, som blir arrangert i Førde og digitalt denne veka. Vinnarane får 100 000 kroner til klinikken, blomar og eit kunstverk. 

– Dette er ei utruleg stor oppmuntring til arbeidet vi har lagt ned over lang tid. Eg er svært glad for at prisen går til tenester for barn og unge, seier klinikkdirektør Liv Kleve ved Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Bergen. 

Ho deler prisen saman med seksjonsoverlege og prosjektleiar Irene Elgen og prosjektet "Tjenester på tvers", som gjennom fleire år har arbeidd systematisk for multi-henviste barn i alderen 6 til 12 år med høgt skolefråvær. 

– Korleis kan vi hjelpe barn som seier dei har vondt i magen? Dette er barn som blir tilviste frå fastlegen, gjerne fleire gonger, fordi dei klagar på vondt i magen eller vondt i hovudet. Dei havnar då på gastro- eller nevrologisk avdeling. Mange av dei finn seg, av ulike årsaker, ikkje til rette på skulen. Men ingen klarer å finne ut kva som er gale, om noko er gale. Dei har ikkje nødvendigvis ein diagnose, seier Elgen.

God utvikling over tid

Klinikkdirektør Liv Kleve får Kvalitetsprisen for​ si drivkraft, systematikk og involvering av tilsette i forbetring og utvikling av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, over tid. 

–​ Det er lagt ned eit stort arbeid med høg grad av involvering av fleire medarbeidarar. Vi har arbeidd systematisk over lang tid, og eg er stolt over at ei felles leiargruppe samla har arbeidd for felles mål, seier ho.

PBU hadde i 2012 ei evaluering der fleire punkt for kvalitetsutfordringar blei identifiserte. Det var behov for ein tydelegare fagleg profil på tvers av dei ulike seksjonane i klinikken, spissa tilbod for lavprevalente pasientgrupper, betre interne pasientforløp og betre samarbeid mellom poliklinikkar og sjukehuspostar.

I 2013 ble det utvikla en visjon som seier at

"Klinikk psykisk helsevern for barn og unge skal vere eit av de fremste fagmiljøa i Noreg med høg fagleg kvalitet og likeverdigheit i tilbod på tvers av fagpersonar og seksjonar. Pasienten skal vere i sentrum, og klinikken skal drive kunnskapsbasert praksis."

I dette arbeidet har Liv Kleve vore primus motor. Då psykologispesialisten kom tilbake til Noreg etter fleire år i England, hadde ho allereie lang erfaring med metodikkar for å utvikle tenester, og ho hadde planane for Klinikk psykisk helsevern for barn og unge klare.

I tillegg til at Kleve takka Helse Vest for prisen, retta ho også ein stor takk til blant anna administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen, for satsinga på barn og unge dei siste åra.

"Tjenester på tvers": Sam-konsultasjon

Kvalitetsprisens andre vinnar, seksjonsoverlege og prosjektleiar Irene Elgen, som står bak "Tjenester på tvers", er oppteken av korleis barnet har det inni seg. I prosjektet blir barnet plukka opp av ein forskningssjukepleiar, og det blir sendt eit tilbod til foreldra, som ofte takkar ja til å vere med på ein "sam-konsultasjon". Dei får eit intensivt opplegg på ei veke, og då er det dei tre profesjonane barnelege, fysioterapeut og psykolog​ som er saman med barnet.

– Vi har arbeidd i sju år med dette, og vi veit at det finst ei rimeleg stor pasientgruppe med samansette helseplager, fortel Elgen.

– Fleire av desse barna fell mellom fleire stolar. Ideen er at ein enkelt spesialist ikkje kan klare dette åleine. Det er krevjande å arbeide i eit slikt team, men vi har gjensidig respekt for kvarandre. Vi lærer av kvarandre og ved konstruktiv jobbing, får vi gevinst av arbeidet, fortel Elgen.

Hjartesak og doktorgrad

Denne teamutviklinga er også beskrive i eit eige doktorgradsarbeid. Resultata er svært positive, og har vakt stor interesse - og er blant anna nemnde i Nasjonal helse- og sjukehusplan.

– Det kan vere eit puslespel å finne ut kva som gjer at barnet får vondt. Dersom vi saman får ei avklaring, får barnet eit verktøy til å handtere vondtane. Vi har opplevd fleire gonger at barn berre har trengt éin konsultasjon, og vi har fleire enkeltståande saker der barn har det betre etterpå – ​og går tilbake til skulen, seier Elgen og held fram:

– I innleiande studium kan vi finne at avklaring av barnets helsetilstand kan frigjere ressursar hos barnet og auke skuledeltakinga. Pasientrapporterte data viser stor tilfredsheit hos barn og foreldre.

Pilotering av modellen skjer også på andre sjukehus i Helse Vest.

Fakta om Liv Kleves kvalitetsarbeid:

  • ​Kleve ønskte at alle seksjonaleiarane på dei mange lokasjonane i PBU skulle vere med i kvalitetsutviklinga. Dermed auka leiargruppa frå 5 til 16, for brei deltaking og forankring.
  • Deretter utvikla dei ein strategi for fagutvikling, implementering og re-design av tenesta og klinikkens vidareutvikling av tilbod gjennom innovasjon og forsking.
  • Ved systematisk bruk av forbetringsmetodikk og kompetanseheving blant tilsette, har klinikken testa ut og implementert 13 kunnskapsbaserte metodar, etablert tyngdepunkt/spesialteam for lav-prevalente pasientgrupper med tydelege pasientforløp mellom seksjonar og tyngdepunkt, oppdatert faglege standardar og etablert eit system for vedlikehald av ny metodikk.
  • I tillegg til dette har Klinikk psykisk helsevern for barn og unge ein forskingsstrategi med hovudmål om å utvikle ein forskningsnær klinikk. Kvalitetsprosjekt blir videreutvikla til forskingsprosjekt, og klinikken kan vise til ei imponerende publikasjonsliste frå dette arbeidet dei siste fem åra​.

Fakta om "Tjenester på tvers":

  • Målet med arbeidet er å auke livskvaliteten til barna, og sikre skolegang, slik at dei kan unngå utanforskap. Sett i relasjon til vidare livsløp og yrkeskarriere for desse unge pasientane, er skulegang av stor betyding, også i eit samfunnsøkonomisk perspektiv.
  • Klinikknær kvalitetsforbetring, tett samakopla med forskingsbasert evaluering og re-design av tenestene, er særprega for denne intervensjonen.
  • Innovasjons- og kvalitetsutviklingsprosjektet har fått midlar frå både Helse Vest og Forskningsrådet.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Frå venstre: Viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Clara Gjesdal,  prisvinnar og klinikkdirektør Liv Kleve, seksjonsoverlege, prosjektleiar og prisvinnar Irene Elgen og Hans Olav Instefjord, divisjonsdirektør (alle frå Helse Bergen). Foto: Per Marifjæren.
Frå venstre: Viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Clara Gjesdal, prisvinnar og klinikkdirektør Liv Kleve, seksjonsoverlege, prosjektleiar og prisvinnar Irene Elgen og Hans Olav Instefjord, divisjonsdirektør (alle frå Helse Bergen). Foto: Per Marifjæren.
Last ned bilde
Frå venstre: Elisabeth Huseby, regional leiar Pasienttryggleik og kontinuerleg forbetring Helse Vest RHF, prisvinnarane Liv Kleve og Irene Elgen og Panchakulasingam Kandiah, ​assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF. Foto: Per Marifjæren.
Frå venstre: Elisabeth Huseby, regional leiar Pasienttryggleik og kontinuerleg forbetring Helse Vest RHF, prisvinnarane Liv Kleve og Irene Elgen og Panchakulasingam Kandiah, ​assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF. Foto: Per Marifjæren.
Last ned bilde

Lenker

Om Helse Vest RHF

Helse Vest RHF
Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4066 Stavanger

+47 51 96 38 00https://helse-vest.no/

Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom