Prisar til diabetes-forsking og programvare for betre prøvesvar
Forsking og innovasjon er, saman med pasientbehandling, utdanning og opplæring, ei sentral oppgåve for Helse Vest. Nye løysingar og forskingsbasert kunnskap er viktig for utvikle betre behandling for pasientar.
– Helse Vest har som mål at forsking og innovasjon skal vere av høg kvalitet og til nytte for pasientane våre. Det bidreg årets vinnarar, i aller høgaste grad, til, sa styreleiar Einar Strømsvåg under den digitale prisutdelinga i samband med styremøtet i Helse Vest onsdag.
Prisane heng høgt, og i år var konkurransen ekstra hard med rekordmange nominerte til begge prisane.
Innovasjonsprisen: Betre analysesvar
Ralf Kellmann er spesialingeniør ved hormonlaboratoriet på Haukeland universitetssjukehus.
I 2012 utvikla han ei programvare som held orden på alle svara frå dei 2000 prøvane som blir analyserte på laboratoriet kvar veke. Løysinga heitar SpecBase og sørgjer for ein effektiv og meir presis analyseprosess av prøvar frå mellom anna blod, spytt og urin.
Innovasjonsprosjektet sparar både tid og ressursar, men det viktigaste er at den gir prøvesvara av høgare kvalitet enn tidlegare. Det kan få stor betyding for pasientar.
– Nøyaktige analysesvar er viktige for å stille rett diagnose og slik gi betre behandling, seier Kellmann.
– Det er ei stor ære
I grunngivinga trekk komiteen fram at Kellmann har klart å fullføre eit innovasjonsprosjekt frå forsking til kommersialisering, med dokumenterte resultat som er gjort synlege og tekne i bruk ved Haukeland universitetssjukehus.
– Det er ei stor ære og eit kvalitetsstempel for prosjektet. Utviklinga har vore eit teamarbeid, og eg vil takke alle som har vore med, seier han.
Forskingsprisen: Nye typar barnediabetes
Pål Rasmus Njølstad er professor ved klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen og overlege ved barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. I si forsking på barnediabetes har han identifisert genetiske bakgrunnar for ulike formar for barnediabetes.
Komiteen legg i si grunngiving vekt på at forskinga til Njølstad betyr mykje for kronisk sjuke barn.
– Betre forståing av sjukdomsmekanismane og terapi gir mange år med betre livskvalitet for denne pasientgruppa. Betra livskvalitet omfattar òg i praksis foreldre og næraste familie til desse barna, heiter det i innstillinga.
Njølstad set stor pris på tildelinga.
– Det er veldig kjekt, og veldig stimulerande. Som lege og forskar prøver eg heile tida å kople forsking og klinisk nytte. Derfor er det ekstra kjekt å få ein pris frå helseføretaket og anerkjenning av vår kliniske forsking, seier han.
Om prisane:
Innovasjonsprisen i Helse Vest blir delt ut til éin eller fleire personar som gjennom sitt arbeid har bidrege til utvikling av ei ny eller forbetra vare, teneste, produksjonsprosess eller organisasjonsform som utgjer eit konsept som kan brukast på nytt i helsesektoren.
Prisen er på 100.000 kroner, eit kunstverk og eit diplom.
Forskingsprisen i Helse Vest blir delt ut til ein forskar, eit forskingsmiljø eller ein ung forskar som gjennom si forsking har bidrege til å styrkje eit forskingsfelt eller eit forskingsbasert helsetenestetilbod.
Prisen er på 200.000 kroner, eit kunstverk og eit diplom.
Nøkkelord
Kontakter
Pål Rasmus Njølstad
Professor ved Universitetet i Bergen og overlege ved barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus
E-post: pal.rasmus.njolstad@helse-bergen.no / Pal.Njolstad@uib.no
Tlf : 481 41 578
Ralf Kellmann
Spesialingeniør ved hormonlaboratoriet på Haukeland universitetssjukehus
E-post: ralf.kellmann@helse-bergen.no
Tlf: 473 88 739
Bilder
Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Nye avtalar med rehabiliteringsinstitusjonar17.4.2024 13:38:31 CEST | Pressemelding
Helse Vest RHF har inngått nye avtalar med private rehabiliteringsinstitusjonar. Med dei nye avtalane er tilbodet til barn og unge styrkte.
Fornøgde med behandling5.4.2024 11:28:25 CEST | Pressemelding
Ei undersøking frå SINTEF viser at 80 prosent av dei polikliniske pasientane i psykisk helsevern for vaksne og tverrfagleg spesialisert rusbehandling, har nytte av tilbodet dei får.
Nytt samarbeid aukar tilgangen til internasjonal forsking21.2.2024 07:00:00 CET | Pressemelding
Tilgang til internasjonale publiseringskanalar er ein nødvendig føresetnad for å driva forsking. Ein ny avtale aukar tilgangen til tidsskrift, fagbøker og farmasiressursar.
Millionar spart på legemiddelavtalar gir behandling til fleire pasientar20.2.2024 09:44:52 CET | Pressemelding
Gode innkjøpsavtalar for legemiddel i Helse Vest gjer det mogleg å behandle fleire pasientar for same pengepotten.
Ny, felles regional rapport klar: Slik utviklar vi fødselsomsorga for framtida19.2.2024 08:36:10 CET | Pressemelding
Betre oppgåvedeling, tettare samarbeid, fleksible vaktordningar og heile, faste stillingar. Det er nokre av tiltaka som blir foreslåtte i ein ny, felles regional rapport; “Berekraftig utvikling for fødekapasitet på Vestlandet”.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom