Pris til pandemiregister
11.5.2023 11:08:26 CEST | Helse Vest RHF | Pressemelding

Norsk intensiv- og pandemiregister fekk kvalitetsprisen i Helse Vest under Kvalitets- og registerkonferansen i Haugesund 11. mai 2023. Prisen er på 100 000 kroner.
– Norsk intensiv- og pandemiregister klarte i løpet av omtrent ei veike i mars 2020 å etablere registrering av alle pasientar med Covid-19 innlagt i spesialisthelsetenesta i Noreg. Dette var verdifulle data for norsk offentlegheit, men endå meir for handteringa av pandemien i sjukehusa. Dette vart gjort mogleg av ein engasjert koordinator Eirik Alnes Buanes saman med fleire andre engasjerte fagfolk. Registeret er ein svært verdig vinnar av Kvalitetsprisen i Helse Vest for 2023, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF.
Fire kandidatar var nominerte til årets kvalitetspris i Helse Vest. Juryen som har vurdert nominasjonane til prisen trekkjer fram at det går føre seg mykje godt forbetringsarbeid i Helse Vest. Fleire av dei nominerte vart vurderte som moglege vinnarar.
UTVIDA REGISTER
Norsk intensiv- og pandemiregister (Nipar) er ein del av det nasjonale nettverket av medisinske kvalitetsregister. Registeret vart starta opp i 1998, og samla dei første åra data om pasientar behandla ved norske intensiveiningar. I samband med pandemien i 2020 vart registeret utvida til å omfatte pasientar innlagt i spesialisthelsetenesta med smittsam sjukdom under epidemiar eller pandemiar som omfattar Noreg.
Helse Vest fekk i mars 2020 i oppdraget å utvide det eksisterande Norsk intensivregister til Norsk intensiv- og pandemiregister. Alle pasientar med SARS-CoV-2 som vart behandla i spesialisthelsetenesta, skulle inkluderast i det nye registeret.
EKSEMPLARISK LØYST
Helse Bergen etablerte, og har drifta, pandemiregisteret sidan 2020. Juryen seier i grunngivinga for tildelinga at Helse Bergen har løyst dette på ein eksemplarisk måte.
Eit utstrekt teamarbeid mellom klinikarar, medarbeidarar med kompetanse innan registerdrift, IKT, personvern, og dessutan gode leiarar og fagpersonar på mange nivå, har vore avgjerande. Leiarar har sørga for god interregional og nasjonal forankring. Ein brukarrepresentant utnemnt frå Norsk personskadeforbund har bidrege i fagrådet i registeret.
VIKTIG FOR FORBETRING
Med fortløpande, oppdaterte data har registeret bidrege til kvalitetssikring og kvalitetsforbetring i planlegging og styring i eit samfunnsperspektiv. For helseføretaka har registerdata vore viktig for kvalitet og kapasitet i behandlinga av pasientar med covid-19, og for å vareta andre pasientar og medarbeidarar når det gjeld smittevern.
På denne måten har intensiv- og pandemiregisteret på ein eksemplarisk måte vist kva potensial eit medisinsk kvalitetsregister har i forbetringsarbeid; det er i mandata deira å peike på kritiske sider ved tenestene der det eit er behov for forbetring, foreslå målsetjingar, identifisere og definere indikatorar for å evaluere måloppnåing og å følgje status over lang tid.
Om Norsk intensiv- og pandemiregister (Norsk intensiv- og pandemiregister | Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregistre)
Registeret skal gi grunnlag for rapport tilbake til deltakande sjukehus og til sentrale helsestyresmakter om verksemda ved norske intensiveiningar og om epidemiutbrot.
Registeret skal utarbeide faglege kvalitetsindikatorar for verksemda i norske intensiveiningar og for verksemd knytt til epidemiutbrot.
Registeret skal leggje til rette for forsking relatert til intensivverksemd og utbrot av epidemiar.
Nøkkelord
Kontakter
Elisabeth HusebyRegional leiar av pasienttryggleik og kontinuerleg forbetringHelse Vest RHF
elisabeth.huseby@helse-vest.noBilder


Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Nye tilleggsoppdrag til sjukehusa om beredskap og kortare ventetider18.9.2026 13:10:14 CEST | Pressemelding
Sjukehusa på Vestlandet skal førebu seg på krig og kriser. Dei skal også redusere ventetidene og gi pasientane raskare og meir samanhengande behandling. Det er blant dei nye oppdraga som Helse Vest RHF ga sjukehusa i september.
Nytt nasjonalt nettverk for radiologi: Vil redusere unødvendige røntgen- og MR-undersøkingar25.8.2026 12:27:34 CEST | Pressemelding
Nordmenn blir sende til røntgen, MR og CT, sjølv om undersøkingane ikkje gir nytte. No skal eit nytt nasjonalt nettverk og seks konkrete tiltak få ned overforbruk, redusere ventetider og sikre betre pasientbehandling.
Forskning som bidrar til bedre pasientbehandling1.6.2026 15:57:47 CEST | Pressemelding
Forskning i norske sykehus gir pasienter bedre, tryggere og mer skånsom behandling. Den nasjonale rapporten om forskning og innovasjon i spesialisthelsetjenesten viser hvordan klinisk forskning og digitale løsninger bidrar til raskere diagnostikk, likebehandling og tidligere tilgang til nye behandlingsmetoder.
Spesialisthelsetjenesten styrker beredskapen for krig22.5.2026 11:51:47 CEST | Pressemelding
Sykehusene og de regionale helseforetakene er forberedt på å møte nye krav til beredskap og krig.
Årets styringsdokument: Dette blir viktig for sjukehusa i vest i 202612.2.2026 10:18:57 CET | Pressemelding
Styrka beredskap, høgare fart i digitalisering, meir målretta bruk av ressursane, betre pasientforløp og å utvikle, behalde og rekruttere medarbeidarar. Det er alle tema som blir viktige for sjukehusa på vestlandet i 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
