Pris for å løfte portørfaget
9.12.2020 10:16:05 CET | Helse Vest RHF | Pressemelding

Dei får prisen for å ha etablert ein god yrkesfagleg praksisarena for portørfaget, gjennom eit strukturert og godt samarbeid mellom sjukehus og vidaregåande skule.
- Allsidig yrke
Portøryrket handla tidlegare mest om tunge løft og køyring av døde, men i dag har ein portør mange og varierte oppgåver.
I tillegg til å ta godt vare på pasientane og frakte dei mellom avdelingar på sjukehuset, må ein portør ha kunnskap om lager og logistikk, kjeldesortering, sortering av tøy, smittevern, brannslukking, hjarte- og lungeredning, løfteteknikk og etikk. For å nemne noko.
For 20 år sidan fekk nye portørar fem dagar med opplæring. I dag er utdanninga to år på vidaregåande skule og læretid.
– Det er eit kjekt og veldig allsidig yrke. Vi er litt potet, og får vere med på alt, seier opplæringsansvarleg Leif Moen på Stavanger universitetssjukehus. Han er ein av dei som i ei årrekkje har arbeida for å løfte portørfaget.
Modell for andre utdanningar
Utdanningsprisen blei delt ut i samband med styremøte i Helse Vest onsdag 9. desember. I grunngjevinga legg juryen vekt på at engasjementet og yrkesstoltheita som blir vist i prosjektet bidrar til utvikling og forbetring av kvalitet i utdanninga. Dei meiner modellen kan overførast til andre yrkesfaglege utdanningar.
– Prosjektet er viktig for portøryrket, men kan også vere rekrutteringsplattform til andre helseprofesjonsutdanningar som Helse Vest treng for å kunne ivareta mange oppgåver i ei helseteneste i endring, heiter det frå juryen.
Om utdanningsprisen
Utdanningsprisen blir gitt til grupper, team eller klinikkar som ved ulike initiativ eller tiltak har gjennomført ein innsats av stor betyding for utdanning i verksemder i føretaksgruppa i Helse Vest.
Prisen er på 100.000 kroner, eit diplom og eit kunstverk.
Nøkkelord
Kontakter
Leif Moen
Opplæringsansvarlig
Divisjon for driftsservice
Stavanger universitetssjukehus
Tlf: 957 01 348
Bilder

Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Årets styringsdokument: Dette blir viktig for sjukehusa i vest i 202612.2.2026 10:18:57 CET | Pressemelding
Styrka beredskap, høgare fart i digitalisering, meir målretta bruk av ressursane, betre pasientforløp og å utvikle, behalde og rekruttere medarbeidarar. Det er alle tema som blir viktige for sjukehusa på vestlandet i 2026.
Dette er dei nye styra i helseføretaka i Helse Vest20.1.2026 09:59:05 CET | Pressemelding
Helseføretaka på Vestlandet og Sjukehusapoteka Vest har fått nye styre. Dei vart oppnemnde i føretaksmøte i dag, tysdag 20. januar. Her ser du oversikta.
Helse Vest heidrar prosjekt som løftar legeutdanninga9.1.2026 09:14:32 CET | Pressemelding
Helse Vest sin utdanningspris for 2025 går til PROFMED-prosjektet, for det nyskapande arbeidet sitt med å styrkje medisinstudentars læring og profesjonelle identitet i klinisk praksis.
Her er vinnarane av forskings- og innovasjonsprisen i Helse Vest21.11.2025 09:34:33 CET | Pressemelding
Forskingskonferansen løfta fram tre framifrå bidrag til forsking og innovasjon i Helse Vest.
Går vidare med to byggeprosjekt i Helse Vest13.11.2025 10:53:15 CET | Pressemelding
Styret i Helse Vest RHF godkjente til to viktige forprosjekt på styremøtet denne veka. Både byggjetrinn 2 på nye Stavanger universitetssjukehus og oppgradering av sikkerheitsposten på Valen sjukehus fekk ja.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
