Samferdselsdepartementet

Presseinvitasjon: Slik kan staten og næringslivet gå saman om å løyse dei store transportutfordringane – regjeringa får ekspertråd 10. desember

Del
Priv. til red.: På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har Forskingsrådet leia eit arbeid med å finne ut kva innsats og samarbeid som må til for at forsking, utvikling og innovasjon kan bidra til å løyse framtidas største transportutfordringar.

Rapporten frå dette arbeidet, Transport21, blir presentert og overrekt statssekretær i Samferdselsdepartementet Allan Ellingsen.

Tid: Tysdag 10. desember kl. 13.00.

Sted: Ruters kundesenter på Oslo S (tidlegare Trafikanten). Bruk inngangen til Ruter S – sjå vedlagte illustrasjon.

Grunnlaget for rapporten er ein såkalla 21-prosess. Her har representantar frå næringsliv, kunnskapsmiljø og myndigheitar vore samla i ei strategigruppe, leia av Bernt Reitan Jenssen, til daglig leiar i kollektivselskapet Ruter

Statssekretæren og medlemmer av strategigruppa er tilgjengeleg for intervju etter overrekkinga. Det er sett av ein time til pressetreffet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar i Samferdselsdepartementet Tor Livius Midtbø: 90 60 69 19.

For meir informasjon, sjå pressemelding av 18. februar 2019:

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-side3/id2629643/

Nøkkelord

Bilder

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye