Politihøgskolen

Politiet legg bort usynleg vald i heimen

Del
Langvarig mishandling i heimen er vanskeleg å bevise. Dette er ei av årsakene til at rundt 70 prosent av melde saker blir lagde bort. Det viser ny studie.
KREVJANDE: Ikkje all vald i heimen er like synleg, og lett å bevise. Illustrasjon/foto:  Politiet
KREVJANDE: Ikkje all vald i heimen er like synleg, og lett å bevise. Illustrasjon/foto: Politiet

-   Politiet trur ofte på den fornærma, men dei er ikkje i stand til å bevise kva som har skjedd fullt ut. Det seier Geir Aas, førsteamanuensis i politivitskap ved Politihøgskolen.

I 2005 kom det ein ny paragraf i Straffelova .Den skulle fange opp langvarig mishandling i heimen, ikkje berre enkelthendingar av vald.

-   Viss styresmaktene verkeleg vil noko med denne lovendringa, må dei utstyre politiet med langt meir ressursar enn dei har i dag. Politiet druknar i saker av denne typen, og dei klarer berre å etterforske ein brøkdel, seier Aas.  

Hanstår bak studien som er formidla i tidsskriftet Nordisk politiforskning. Her har han undersøkt korleis mishandlingssaker har utvikla seg etter at dei vart melde til politiet. I tillegg har han intervjua til saman 43 norske politietterforskarar, dommarar og statsadvokatar. Føremålet har vore å evaluere mishandlingsparagrafen i Straffelova på oppdrag for Politidirektoratet.

Aas samanfattar slik:

Rundt 70 prosent av sakene leggast bort, først og fremst på grunn av mangel på bevis. Politiet manglar ressursar til å følgje opp sakene, og i tillegg er lovverket vanskeleg å tolke. For kva vil det eigentleg seie å bli mishandla over tid? Og kva er psykisk vald, som i Straffelova fell inn under terminologien «andre krenkelser»?  

Les meir om studien på Politihøgskolen sin nettside

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

KREVJANDE: Ikkje all vald i heimen er like synleg, og lett å bevise. Illustrasjon/foto:  Politiet
KREVJANDE: Ikkje all vald i heimen er like synleg, og lett å bevise. Illustrasjon/foto: Politiet
Last ned bilde

Om Politihøgskolen

Politihøgskolen
Politihøgskolen
Slemdalsveien 5
0369 Oslo

23 19 99 00http://www.politihogskolen.no

Politihøgskolen er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politi- og lensmannsetaten, med eit eige styre som øvste organ. Politihøgskolen har til oppgåve å gi grunnutdanning for teneste i politi- og lensmannsetaten og etter- og vidareutdanning til dei tilsette i etaten. Politihøgskolen driv forskings- og utviklingsarbeid og fagleg formidling innanfor fagområda sine. Politihøgskolen har fire studiestader: Oslo, Bodø, Kongsvinger og Stavern.

Følg pressemeldinger fra Politihøgskolen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Politihøgskolen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Politihøgskolen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye