Over ein milliard til forsking og innovasjon til beste for pasientane
1.6.2021 16:47:57 CEST | Helse Vest RHF | Pressemelding

Forsking og innovasjon i sjukehusa gir ny kunnskap til beste for pasientar og pasientbehandling. I fjor blei det brukt 1 136 millionar kroner i regionale forskingsmidlar, i norske sjukehus. Framleis går mest pengar til kreft.
Det viser rapporten «Forskning og innovasjon til pasientens beste» som blei overrekt helse- og omsorgsminister Bent Høie tysdag 1. juni.
Omstillingsevne
– Rapporten frå annleisåret 2020 viser ei imponerande omstillingsevne. Rapporten viser tydeleg at forsking og innovasjon i sjukehusa er relevante og viktige for pasientane, seier han.
Den nasjonale rapporten er eit samarbeid mellom dei fire helseregionane, og presenterer forskings- og innovasjonsprosjekt frå små og store sjukehus over heile landet. Rapporten er laga for åttande gong, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.
– Denne rapporten fortell oss med bilde, ord og tal kor viktig forskings- og innovasjonsaktiviteten i sjukehusa er for den enkelte pasient, og for utviklinga av gode og trygge helsetenester. Nok ein gong viser den mangfaldet i aktiviteten. Det er med stoltheit eg tar imot rapporten. Ein stor takk til alle som bidrar til at vi har ei teneste med ein god praksis for kunnskap, seier Høie.
Stor spennvidde
Helse Vest RHF har på vegne av dei fire regionale helseføretaka, leia arbeidet med rapporten. Her blir smakebitar frå 18 prosjekt frå nord til sør presentert, i tillegg til nøkkeltal om forskings- og innovasjonsaktiviteten.
– Prosjekta viser spennvidda i forskings- og innovasjonsaktiviteten over det ganske land. Trass utfordringane som pandemien har gitt oss, viser årets rapport omstillingsevna i helsevesenet, seier fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem.
Koronaforsking
Den pågåande pandemien har også prega forskinga, noko som viser att i rapporten. Mellom anna eit prosjekt i Trondheim kor forskarar på rekordtid fant ein ny testmetode då sjukehus var i ferd med å gå tomme for testutstyr. Til nå har dei levert fleire millionar reagensar og omlag ein million nordmenn er diagnostisert med deira metode.
I Bergen har forskarar ved Influensasenteret i Bergen undersøkt korleis immunforsvaret vårt responderer både på covid-19-infeksjon og vaksine. Her har mellom anna over 1600 helsearbeidarar og 400 pasientar og husstandsmedlemmar deltatt. Eit av resultata er at mange slit med tung pust, trøytheit, endra smaks- og luktesans og redusert hukommelse, seks månader etter å ha vore smitta. Det gjeld også dei som ikkje har vore innlagt på sjukehus.
Kunstig intelligens
Kunstig intelligens, kor datasystem lærer av eigne erfaringar og løyser komplekse problem, kjem meir og meir inn i helseforsking og behandling. I rapporten blir fleire prosjekt med kunstig intelligens presentert.
Mellom anna blir kunstig intelligens brukt til å kartleggje psykisk sjukdom, oppdage hjernekreft og i forsking på immunforsvaret til MS-pasientar.
Meir brukarmedverknad
Siste del av rapporten omfattar nøkkeltall for forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta i 2020. Her kan ein mellom anna lese at talet på avlagde doktorgrader er det høgaste sidan 2007, og at talet vitskaplege publikasjonar stig jamt.
Også i 2020 var kreft det fagområdet som fekk flest regionale forskingskroner, med 20 prosent av midla. Det er nesten dobbelt så mykje som dei neste fagområda på lista som er hjerne og nervesystem, og hjarte og kar.
Brukarmedverknad er eit mål for å betre kvaliteten og relevansen i forsking. Her bidrar pasientar og pårørande med sine perspektiv, behov og erfaringar. Brukarmedverknad i forskingsprosjekt har stige jamt frå 20 prosent i 2014 til 81 prosent i 2020.
I årets rapport er data frå innovasjonsprosjekt finansiert av RHF-a henta inn og presentert for første gong. Målet er mellom anna få oversikt over kven prosjekta samarbeider med. Næringslivet toppar lista, men nesten like mange samarbeider med universitets- og høgskulesektoren, andre helseføretak og TTO-ar (Technology Transfer Office).
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektør
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noBilder

Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Nye tilleggsoppdrag til sjukehusa om beredskap og kortare ventetider18.9.2026 13:10:14 CEST | Pressemelding
Sjukehusa på Vestlandet skal førebu seg på krig og kriser. Dei skal også redusere ventetidene og gi pasientane raskare og meir samanhengande behandling. Det er blant dei nye oppdraga som Helse Vest RHF ga sjukehusa i september.
Nytt nasjonalt nettverk for radiologi: Vil redusere unødvendige røntgen- og MR-undersøkingar25.8.2026 12:27:34 CEST | Pressemelding
Nordmenn blir sende til røntgen, MR og CT, sjølv om undersøkingane ikkje gir nytte. No skal eit nytt nasjonalt nettverk og seks konkrete tiltak få ned overforbruk, redusere ventetider og sikre betre pasientbehandling.
Forskning som bidrar til bedre pasientbehandling1.6.2026 15:57:47 CEST | Pressemelding
Forskning i norske sykehus gir pasienter bedre, tryggere og mer skånsom behandling. Den nasjonale rapporten om forskning og innovasjon i spesialisthelsetjenesten viser hvordan klinisk forskning og digitale løsninger bidrar til raskere diagnostikk, likebehandling og tidligere tilgang til nye behandlingsmetoder.
Spesialisthelsetjenesten styrker beredskapen for krig22.5.2026 11:51:47 CEST | Pressemelding
Sykehusene og de regionale helseforetakene er forberedt på å møte nye krav til beredskap og krig.
Årets styringsdokument: Dette blir viktig for sjukehusa i vest i 202612.2.2026 10:18:57 CET | Pressemelding
Styrka beredskap, høgare fart i digitalisering, meir målretta bruk av ressursane, betre pasientforløp og å utvikle, behalde og rekruttere medarbeidarar. Det er alle tema som blir viktige for sjukehusa på vestlandet i 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
