Høgskulen i Volda

Offisiell opning av nytt mediehus i Volda

Del
Høgskulen i Volda og Statsbygg inviterer til nøkkelseremoni og offisiell opning av det nye Sivert Aarflot-huset tysdag 26. oktober. Arrangementet er ope for pressa.
Sivert Aarflot-huset skal offisielt overrekkast Høgskulen i Volda 26. oktober kl. 11.00. Foto: HVO
Sivert Aarflot-huset skal offisielt overrekkast Høgskulen i Volda 26. oktober kl. 11.00. Foto: HVO

Det vert program for inviterte gjestar frå klokka 11.00-13.30. 

Statsbygg vil formelt overrekke Høgskulen ved rektor Johann Roppen og dekan Kate Kartveit nøklane til det nye huset. Det vert også framsyning av den offentlege kunsten ved KORO og omvisning i lokala. 

Arrangementet er ope for pressa. Har du særskilte ønskjer for intervju eller foto, ta gjerne kontakt med kommunikasjonskontoret ved Høgskulen og meld frå på førehand. Nøkkelseremonien vil også bli strømma til HVO sin YouTube-kanal. 

Sivert Aarflot-huset fekk namnet sitt etter ein intern namnekonkurranse på høgskulen, og har første digitale grunnsteinen i Statsbygg si historie. Her finn du meir informasjon, eit oversyn over nyheitssaker og informasjon om huset gjennom byggeperioden.

Fakta om Sivert Aarflot-huset: 

  • Leigetakar: Høgskulen i Volda
  • Byggherre: Statsbygg v/Jens Kristian Hersløv
  • Totalentreprise: PEAB/K.Nordang v/ Lars Ole Tomren
  • Arkitekt: LINK arkitektur
  • Lokale underleverandørar: Tussa installasjon, Egset Ventilasjon, Brænde Rør, Berknes, Ulstein Betong, Ålesund låsservice, Byggmontering Møre
  • Byggeperiode: November 2019 - juli 2021
  • Grunnstein: 1.10.2020
  • Nøkkelseremoni: 26.10.2021
  • Prosjektkostnad: Ca. 220 mill.
  • Inventar/møblar/medieteknisk utstyr: Ca. 30 mill (betalt av HVO)
  • Storleik: Ca. 3.900 m2
  • Kapasitet: Arbeidsplassar til ca.50 tilsette og ca. 500 studentar
  • Romplan: Fjernsynsstudio, radiostudio, fotostudio, teiknesal, «Framtidslab», møterom, grupperom, osb.
  • Bachelorutdanningar: Journalistikk, PR og kommunikasjon, Medieproduksjon, Animasjon
  • Master: Media practices

Adresse: Joplassvegen, 6103 Volda.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Sivert Aarflot-huset skal offisielt overrekkast Høgskulen i Volda 26. oktober kl. 11.00. Foto: HVO
Sivert Aarflot-huset skal offisielt overrekkast Høgskulen i Volda 26. oktober kl. 11.00. Foto: HVO
Last ned bilde

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye