Nytt språkforskingsprosjekt: Skal finne ut korleis vi planlegg kva vi skal seie
I forskingsprosjektet, som er ein del det Noregs Forskingsråd-finansierte prosjektet Experimental Approaches to Syntactic Optionality leia av Björn Lundquist (UiT), undersøkjer forskarane ved HVO og UiT norsk taleplanlegging- og produksjon.

– Eksperimentet er ganske enkelt. Som deltakar vil du lese enkelte ord og korte frasar på ein skjerm og svare på enkle spørsmål over eit par hovudtelefonar, fortel forskingsleiar Jade Sandstedt.
Forskingsleiaren er førsteamanuensis ved Institutt forspråk og litteraturved Høgskulen i Volda (HVO) og postdoktor ved Institutt for språk og kultur ved UiT - Noregs arktiske universitet.
Sandstedt seier at målet med denne undersøkinga er å betre forstå korleis språkbrukarar planlegg grammatiske strukturar i setningar før dei snakkar, og korleis planlegginga og produksjonen deira er påverka av ulike grammatiske faktorar.
– Vi snakkar og lyttar til språk kvar dag utan å tenkje over det, men viss du stoppar opp og tenkjer over kor kompleks alle prosessane er som ligg bak menneskeleg taleplanlegging og taleproduksjon, er det eit under at vi kan kommunisere i det heile.
For å kunne snakke, må vi koordinere over hundre individuelle musklar i vokaltrakta vår, ifølgje Sandstedt.
– Og sjølv før det må vi først velje ut dei riktige orda, byggje setningsstrukturar, bøye ord, setje saman talelydar, kombinere dei i stavingar og intonasjonsfrasar og kode alt dette ned til den finaste fonetiske detaljen.
– Ein delikat dans
Forsking viser at taleplanlegging er trinnvis, som vil seie at vi ikkje fullt ut planlegg heile setningar frå start til slutt før vi byrjar å snakke. Vi planlegg i delar og fullfører planlegginga av komande ord og ordgrupper samstundes som vi artikulerer setninga.
– Det er ein delikat dans å koordinere taleplanlegging og taleproduksjon i kontinuerleg, og det er utruleg kor raskt hjernen gjer dette. Forsking viser at vi kan byrje å snakke berre 200 millisekund frå når vi byrjar å planlegge kva vi skal seie, fortel Sandstedt.
Vi veit imidlertid relativt lite om korleis taleplanlegging fungerer i praksis, legg han til. Spesielt språk med meir unike prosodiske system som norsk og svensk, som har tonelag, som krev at vi uttalar bestemte intonasjonsmønster over fleire ord samtidig.
MAGLU-student er forskingsassistent
Institutt for språk og litteratur ved HVO har fleire bachelor- og masterprogram med fokus på språk og språkvitskap. Daniel Svindseth Pettersen er masterstudent i grunnskulelærarutdanninga (MAGLU), og forskingsassistenten til Sandstedt.
– Vi likar å integrere forskinga vår i undervisninga vår, og det er artig å få jobbe tettare saman med studentane våre på slike prosjekt som dette, seier Sandstedt.
Svindseth Pettersen har alltid vore nysgjerrig på språk. Før han kom til Høgskulen i Volda, studerte han to år med japansk i Bergen.
– Eg tykkjer forsking generelt er ganske stilig å vere med på. No fekk eg sjansen til å vere med på forskingssida, seier han og held fram:
– Ved å vere med på dette eksperimentet får eg god innsikt korleis alt det praktiske bak kulissene går føre seg.
Så, kor langt framover planlegg vi i norsk taleplanlegging- og produksjon, og kva grammatiske faktorar påverkar storleiken og forma til planleggingseiningane? Ved å studere fine fonetiske skilnadar i deltakarsvara håpar forskarane å kaste meir lys over dette, og skaffe viktig innsikt i korleis det fungerer.
Er du over 18 år, utan lesevanskar og har norsk som fyrste språk, vil forskarane ha deg med på laget som deltakar i eksperimentet. Du kan melde deg på med timebestilling HER.
Eksperimentet er delt inn i to økter med minst ei veke mellomrom. Etter å ha fullført den andre økta får du som takk for deltakinga eit GoGift supergåvekort til ein verdi av 250 kroner.
Nøkkelord
Bilder



Om Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Velkomen til Internasjonal dag31.1.2023 13:07:42 CET | Presseinvitasjon
Internasjonal dag er endeleg tilbake som eit fysisk arrangement. No håper vi at så mange som mogleg kjem til BK kantina onsdag 8. februar for å få med seg fargerike stands, eksotisk mat, internasjonale gjestar og eit spanande foredrag av Samuel Massie.
Disputerer om oppfølging av ungdom med overvekt30.1.2023 13:22:22 CET | Pressemelding
Stipendiat Ingeborg Berg Skogen (37) ved Høgskulen i Volda disputerer fredag 3. februar med avhandlinga «Stor og aktiv? Ungdommer og helsesykepleiere om fysisk aktivitet som oppfølging for ungdom med overvekt».
Nyheit: Praktisk retta vidareutdanning i musikk med stipend27.1.2023 12:55:45 CET | Pressemelding
Frå hausten 2023 tilbyr Høgskulen i Volda ei heilt ny vidareutdanning i musikk gjennom ordninga Kompetanse for kvalitet. Det for å møte etterspurnaden frå ufaglærte musikklærarar og musikklærarar som har behov for å oppdatere seg i faget.
Flinke faglærarar blir enda flinkare: Hospiterer i grunnskulen for gjere eiga undervising betre4.1.2023 15:54:59 CET | Pressemelding
Høgskulen i Volda har lenge satsa på digital kompetanse i læring, mellom anna gjennom vidareutdanningstilboda i programmering. No hospiterer høgskulelektor Torbjørn Frantsen på ungdomstrinnet for å hente meir kunnskap til eiga undervising om programmering.
Nyttårshelsing frå rektor Johann Roppen og prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim30.12.2022 12:07:35 CET | Pressemelding
Rektor Johann Roppen og prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim tek eit tilbakeblikk på året som snart er omme, og fortel kva dei og Høgskulen i Volda ser fram til i 2023!
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom