Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Nye faresonekart frå NVE gjev betre oversikt over skredfaren i Eid kommune

Del

Eid kommune har no fått betre og meir presise kart utarbeida av NVE. Faresonekarta gjev oversyn over skredfaren i utvalde område med busetnad. Karta viser at totalt to bygningar ligg innanfor faresona for 100-årsskred, medan 50 bygningar ligg innanfor faresona for 1000-årsskred.

Karta blir overlevert til Eid kommune den 29. oktober 2019.

Kartlegginga tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flomskred. Dei kartlagde områda er Kjølsdalen, Torvika, Skårhaug-Prestmarka, Lindvika, Melheim, Navelsaker, Rognes, Skrede, Hundeidet og Torheim.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, når sikringstiltak og lokal skredberedskap skal vurderast, seier fungerande regionsjef Siss-May Edvardsen.

Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.

Sjå rapport og faresonekart på nve.no

Kontakter

Idun Nessestrand Vefring
Avdelingsingeniør, telefon: 41236958

Bilder

Bilde frå Eid kommune. Foto: NGI
Bilde frå Eid kommune. Foto: NGI
Last ned bilde

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Syv elektrifiseringstiltak kan kutte 2,3 millioner tonn CO2 i industrien26.6.2020 13:11:01 CESTPressemelding

Landbasert industri slipper i dag ut om lag 13 millioner tonn CO2 som tilsvarer 26% av norske utslipp. 90 prosent av utslippene i industrien kommer fra 30 anlegg. NVEs kartlegging viser at det er mulig å gjøre elektrifiseringstiltak i 7 av de 30 anleggene. Disse kan kutte 2,3 millioner tonn CO2. På oppdrag fra Olje- og energidepartementet har NVE kartlagt det tekniske potensialet for reduksjon av klimagassutslipp gjennom elektrifisering i norske landbaserte industrianlegg.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom