Nye endringar i regelverket for drosjer

Det nye regelverket for drosjer er klart etter å ha vore på høyring. For at dei nye reglane skal vere klare til 1. juli, må forskrifta vere klar no. Endringane er i all hovudsak i tråd med forslaga som ble sendt på høyring. Samferdselsdepartementet har vedteke noko strengare krav til merking av køyretøy som drosje. Det er òg gjort endringar frå høyringsforslaget sidan det ble bestemt at Statens vegvesen ikkje tar over ansvaret for å tildele løyver frå fylkeskommunane.
Endringane trer i kraft 1. juli 2020.
Hovudpunkta i endringane
- Vi endrar drosjeregelverket fordi det er på høg tid å liberalisere bransjen. Desse endringane fjernar etableringshindra slik at det blir enklare å køyre drosje. På den måten får vi fleire tilbod og større valfridom for kundane. Vi må betre drosjenæringa før kundane sluttar å ta drosje, seier Dale.
Dette er hovudpunkta i endringane som no er klare:
- Oppheve kravet om at drosjeyrket skal vere hovuderverv.
- Oppheve tildelingskriteria basert på ansiennitet og fylkeskommunens skjønn.
- Oppheve reglane om løyvedistrikt og stasjoneringsstad.
- Oppheve kravet om garanti for løyvehavarar.
- Krav til merking av køyretøyet som drosje og synleg køyresetel inne i bilen.
- Frivillig med taxi-taklykt.
- For selskap kan kravet om god vandel bli oppfylt enten av dagleg leiar eller transportleiar. Sjølve føretaket må òg oppfylle vandelskravet.
- Forenkle etableringskravet for løyvehavarar ved å berre krevje registrering i Einingsregisteret.
- Fastsette grensa for kva for kommunar fylkeskommunane kan tildele einerettar i.
- Vidareføre tilgjenge til å ta turar inn og ut av område med miljøkrav for drosjer som ikkje oppfyller fastsette krav.
- Vidareføre kravet om taksameter inntil vidare. Løyvemyndigheita kan gi dispensasjon frå krav om taksameter.
- Vidareføre kravet om at alle drosjer må registrerast i motorvognregisteret som drosje.
- Fastsette overgangsordningar for dei løyvetypane som må opphevast.
- Øvrige justeringar i forskrifta er i hovudsak justeringar/opphevingar knytt til vedteke lovendringar.
Overgangsordningar
Mange løyver vil vere gyldige når endringane trer i kraft 1. juli 2020. I regelverket er det lagt opp til overgangsordningar for desse. Ordinære drosjeløyver gjeld fram til 1. juli 2030. Selskapsvognløyver og løyver for transport for funksjonshemma for kjøretøy registrert for inntil 9 personar inkludert førarsetet, gjeld til 1. juli 2022. Drosjeløyver for kjøretøy for høgst 16 sete i tillegg til førarsetet, og løyver for transport for funksjonshemma for køyretøy registrert for over 9 sitteplassar, gjeld til 1. juli 2025.
Nøkkelord
Bilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Fortsetter arbeidet mot sosial dumping: Krav om kjøre- og hviletid og fartsskriver for varebiler18.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Regjeringen følger opp handlingsplanen mot sosial dumping i transportsektoren og vil innføre nye krav for nasjonal godstransport med varebiler fra 2,5 til 3,5 tonn. Fra 1. juli 2026, foreslår regjeringen at det blir krav om både kjøre- og hviletid og fartsskriver.
Nå kan utvalgte vogntog frakte mer16.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
I dag kan lastebiler med slepvogn med seks eller sju aksler kjøre med en totalvekt på 50 tonn. Fra og med 1. februar 2026, økes totalvekten til 56, 55 og 54 tonn avhengig av antall aksler i vogntoget og om det er en elektrisk lastebil, eller om den går på biogass eller fossilt drivstoff.
Siste del av E6 Helgeland opna i dag – samla reisetid redusert med 40 minutt10.12.2025 15:04:52 CET | Pressemelding
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran opna i dag E6-strekninga mellom Svenningelv og Lien i Grane kommune, siste del av E6 Helgeland.
Samferdselsministeren jobber med tiltak for å redusere ulykkene på elsparkesykler2.12.2025 06:12:39 CET | Pressemelding
Antallet skader etter ulykker med elsparkesykkel i Oslo er nesten doblet sammenlignet med i fjor. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård er bekymret for utviklingen og varsler at han jobber med konkrete tiltak.
Snart får du lov til å kjøre drosje mellom Norge og Finland1.12.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
Fra 14. desember er det endelig mulig å kjøre drosje mellom Norge og Finland – uten å bytte drosje på grensen mellom de to landene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
