Samferdselsdepartementet

Nye E39 Kristiansand – Mandal opna

Del
Fredag 9. desember vart den nye strekningen mellom Kristiansand og Mandal opna. – Det er med stor glede eg opnar vegen i dag. Dette er ein svært etterlengta veg for dei reisande, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Fredag 9. desember vart den nye strekningen mellom Kristiansand og Mandal opna. Foto: Kristoffer Rød-Lindberg/SD
Fredag 9. desember vart den nye strekningen mellom Kristiansand og Mandal opna. Foto: Kristoffer Rød-Lindberg/SD

I dette prosjektet er det bygd 19 kilometer firefelts veg mellom Kristiansand og Mandal. I desember i fjor opna Nye Veier ei av delstrekningane seks månader før skjema, men no er heile vegen opna.

- Det er fleire grunnar til å være nøgd i dag. Dette har vore ei strekning med mange møteulykker, som no har vorte tryggare. Vegen har også vore prega av mykje kø på morgonar og ettermiddagar. No vil trafikken flyte betre mellom dei to sørlandsbyane, til glede for folk og næringsliv, seier samferdselsministeren.

Meir for pengane

- Eit viktig mål i Nasjonal transportplan er å få meir for pengane. Derfor er det gode nyheiter når Nye Veier fortel om ein kostnadsreduksjon på rundt 20 prosent. Samtidig vil den nye vegen vere meir energieffektiv. Ny E39 mellom Kristiansand og Mandal er med andre ord eit godt bidrag til å nå NTP-måla, seier Nygård.

Nøkkelord

Bilder

Fredag 9. desember vart den nye strekningen mellom Kristiansand og Mandal opna. Foto: Kristoffer Rød-Lindberg/SD
Fredag 9. desember vart den nye strekningen mellom Kristiansand og Mandal opna. Foto: Kristoffer Rød-Lindberg/SD
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Norge får europeisk pris for trafikksikkerhet24.6.2025 15:18:51 CEST | Pressemelding

Den europeiske trafikksikkerhetsprisen for enestående fremgang innenfor veitrafikksikkerhet går i år til Norge. Norge er landet i Europa med færrest drepte i forhold til innbyggertallet, og tildeles prisen for vedvarende engasjement og imponerende resultater i arbeidet med å redde liv i trafikken. Det er den uavhengige europeiske trafikksikkerhetsorganisasjonen European Transport Safety Council (ETSC) som står bak prisen.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye