Riksrevisjonen

Ny undersøking: Universitet og høgskular prioriterer ikkje kvalitetsarbeid

Del

Universitet og høgskular har ikkje lagt godt nok til rette for at undervisarane skal kunne arbeide med kvalitetsutvikling i studieprogramma. – Å prioritere slikt arbeid er nødvendig for å sikre god utdanningskvalitet og å betre studiegjennomføringa, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

– Universitet og høgskular må prioritere kvalitetsarbeid, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
– Universitet og høgskular må prioritere kvalitetsarbeid, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen. Foto: Mathias Fossum / Riksrevisjonen. Bildet kan brukes fritt mot kreditering. Skal ikke brukes til kommersielle formål.

Riksrevisjonen har undersøkt korleis utdanningsinstitusjonane legg til rette for å vidareutvikle kvaliteten i studieprogramma, og korleis statlege verkemiddel støttar opp om dette arbeidet.

Undersøkinga viser at universitet og høgskular har problem med å setje av og skjerme tid til utviklingsarbeidet.

– Evna til kontinuerleg kompetanseheving og omstilling vil vere avgjerande for å vidareutvikle samfunnet og for å bevare velferdsnivået vårt, derfor må universitet og høgskular prioritere kvalitetsarbeid, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Mange studentar bruker meir enn normert tid

Undersøkinga frå Riksrevisjonen viser at

  • andelen studentar som blei ferdige på normert tid har auka frå 2013 til 2022, men framleis bruker 44 prosent av studentane meir enn normert tid
  • utdanningsinstitusjonane ser arbeidet med å vidareutvikle kvaliteten i studieprogramma som viktig for å betre studiegjennomføringa
  • det er stor variasjon mellom studieprogram innanfor same fagområde når det kjem til undervisning, tilbakemelding, vurdering og arbeidslivsrelevans.

– Våre funn tyder på at det kan vere behov for vidareutvikling i mange studieprogram, og at studieprogramma kan lære av kvarandre. Det er avgjerande at universitet og høgskular er merksame på samanhengen mellom studiegjennomføring og kvaliteten i studieprogramma, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Om undersøkinga på riksrevisjonen.no

Kontakter

Om oss

Riksrevisjonen er Stortingets største og eldste kontrollorgan. Gjennom revisjon av regnskap og undersøkelser sjekker vi hvordan regjeringen og statsforvaltningen gjør jobben sin.

Følg pressemeldinger fra Riksrevisjonen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksrevisjonen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksrevisjonen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye