Ny UiT-bedrift skal utvikle medisin mot blodkreft
– Om vi lykkast kan dette bety mykje for blodkreft-pasientane med dei dårlegaste prognosane, seier professor hjå UiT, Jeanette Hammer Andersen.
Internasjonal forsking og bedrift
Ho skal leie det nye firmaet som heiter KinSea. Det er ein såkalla spin-off, ei bedrift basert på forsking gjort i forskingsgruppa Marbio og institutt for kjemi hjå UiT, hjå Universitetet i Bergen, og hjå det tyske firmaet Lead Discovery Center (LDC). Norinnova støttar prosessen, og det heile er finansiert av KHAN Technology Transfer Fund I, eit tysk investeringsfond for kommersialisering av medisinsk forsking.
Utgangspunktet for etableringa er forskinga som Marbio og samarbeidspartnarane har gjort med såkalla bioprospektering, kor ein leitar i naturen for å kopiere organismar sine vern mot sjukdom, bakteriar og virus.
Kreftmedisin frå havbotn
I ein botnlevande organisme frå Barentshavet fann dei for nokre år sidan eit stoff som drep blodkreftceller. Dei stoffa vil dei utvikle vidare til ei behandling av akutt myeloid leukemi (AML), ei alvorleg form for blodkreft med dårlege prognosar for dei som vert ramma.
– Vi har jobba med eit sett av stoff i fleire år. Dei har hatt veldig god effekt i dyremodellar, faktisk så god effekt at eg måtte sjå på dataa fleire gonger og dobbeltsjekke at det ikkje var feil. Men det stemte, kreftcellene var borte, seier Andersen.
Kliniske forsøk om to til tre år
KinSea skal no jobbe vidare dei to neste åra med å utvikle prosjektet vidare. Andersen seier dei håpar å kunne starte kliniske forsøk kor dei testar ut medisinen på frivillige pasientar om to til tre år. Om alt går bra, kan medisinen kome for sal om alt frå fem til ti år.
– Ein stor del av jobben har vore å stabilisere molekylet. Vi såg at det verka godt på celler i laboratoriet, men det er noko heilt anna å få stoffet til å verke inne i ein kropp kor det er eit anna miljø, med så mange andre faktorar. Men her har vi gjort store framsteg dei siste to åra i eit prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd og det regionale forskingsfondet MABIT, seier Andersen.
Bedrifta skal leve vidare
Sjølv om KinSea første omgang skal konsentrere seg om lækjarmiddelet mot AML, vil dei at bedrifta skal verte ein stad kor fleire medisinar basert på bioprospektering kan utviklast. UiT sit på store ressursar, både forskarkapasitet, laboratorium, og eit stort arkiv av organismar frå hava i nord, og neste gong ein finn ein lovande kandidat, har dei allereie eit apparat på plass.
– Når ein gjer gjennombrot slik som vi har gjort no, har ein tidlegare ofte lisensiert prosjektet ut til andre, større selskap, som regel nedover i Europa. Men no ønsker vi å skape meir verdiar i økosystemet rundt UiT, og skape noko i Nord-Noreg. Då må vi ta meir risiko og satse på ei eiga bedrift, men gevinsten kan verte desto større, seier Andersen.
Særs nøgde leiarar
Det er musikk i øyra til UiT-rektor Dag Rune Olsen:
– Gjennom forskingsinnsatsen vår innan marin bioprospektering, høgt motiverte forskarar, og eit langsiktig og fruktbart samarbeid med LDC har vi lagt grunnlaget for å spinne ut dette selskapet. Det er viktig for UiT at vi bidreg til nærings- og verdiskaping gjennom innovasjon basert på framifrå forsking, seier han.
Norinnova jobbar saman med gründerar og forskarar i heile Noreg for å utvikla og foredlar idear med eit internasjonalt forretningspotensial. Administrerande direktør Asbjørn Liletun har ser stort potensial i KinSea:
– Denne etableringa er nok eit bevis på at vi har eit innovasjonsmiljø som kan utvikle unike forretningsmoglegheiter frå verdsleiande kunnskap om havet. Vi i Norinnova trur det er ein styrke at KinSea vert etablert som eit samarbeid mellom internasjonalt leiande miljø, og vi meiner det skaper gode føresetnader for å lykkast med å bringe ei ny kreftbehandling til marknaden. Det har gjort at internasjonale investorar har vist stor interesse for Kinsea allereie no, seier han.
– Det er nesten for godt til å vere sant
Andersen og dei andre i det nystarta selskapet er lukkelege over å kunne ta eit nytt og stort steg i prosessen mot ein ny medisin som kan hjelpe menneske med alvorleg sjukdom.
– Det kjennast nesten litt for godt til å vere sant, at vi faktisk klarte å få det til. Vi har jobba med det her i så mange år, henta organismar i havet og jobba så mykje med dei på laboratoriet. Då er det fantastisk at vi kan lage noko som ikkje berre kan skape verdiar, men som kan bidra til redde liv, seier Andersen.
Sjå full pressemelding frå KinSea her.
FAKTA
- Akutt myelogen leukemi (AML) er ein type akutt blodkreft der beinmergen vert overfylt av umodne blodceller. Tilstanden er klart vanlegast hos eldre.
- 30% av pasientane med AML har ein genfeil kalla FLT 3.
- Stoffet KinSea skal utvikle har særleg god effekt på pasientar med FLT 3.
- Dei håper stoffet òg kan nyttast mot andre formar for blod- og lymfekreft.
Kjelde: akutt myelogen leukemi – AML – Store norske leksikon (snl.no)
Nøkkelord
Kontakter
Jeanette Hammer Andersenprofessor / dagleg leiarUiT/KinSea/MarBio
Tel:90573457Jeanette.h.andersen@uit.noElisabeth AndreassenprosjektleiarNorinnova
Tel:905 97 783elisabeth@norinnova.noKjetil RydlandKommunikasjonsrådgiverUiT Norges arktiske universitet
Tel:95176509kjetil.rydland@uit.noBilder
Om UiT Norges arktiske universitet
Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Søkertallene: Stadig flere setter UiT øverst26.4.2024 09:30:00 CEST | Pressemelding
Hele 9077 søkere har satt studier ved UiT Norges arktiske universitet øverst på lista for høsten 2024, viser tall fra Samordna opptak. Det er en økning i førsteprioritetssøkere på 4,9 prosent fra i fjor for UiT, mens snittet nasjonalt er 4,7 prosent.
Slik blir programmet til årets Blått kompass11.4.2024 13:17:22 CEST | Pressemelding
Havet vil spille en avgjørende rolle i det grønne skiftet, noe det må tas hensyn til i forbindelse med gruvedrift på havbunnen, torskeoppdrett og kunstig intelligens. Men hvordan gjør vi det på best mulig måte?
Vinnere av UiT-prisene 20235.4.2024 16:00:26 CEST | Pressemelding
Under Årsfest-seremonien ble seks UiT-priser delt ut til dyktige forskere og undervisere ved universitetet. Prisene belønnes med diplom og 100.000 kroner.
Riktig retning, men ikke langt nok5.4.2024 13:12:37 CEST | Pressemelding
Opptak til høyere utdanning bør sikre at flere kommer raskere inn i utdanning på en rettferdig måte. Regjeringen tar skritt i riktig retning, men burde gått lenger.
– Vi er og forblir kompromissløse på kvalitet4.4.2024 07:45:00 CEST | Pressemelding
Norge har ikke råd til å stenge døra for motiverte og studiekompetente søkere til sykepleiestudiet. I stedet bør flere få muligheten til å gjennomføre et samfunnskritisk studium, der kravene for å komme gjennom skal være like høye som tidligere.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom